Ny rapport viser kor lett det er å velje bort landet utanfor Oslo når ein skal diskutere mangfald i film.

ANNLEIS BLIKK: Kulturminister Hadia Tajik seier ho ønskjer filmhistoriene med eit annleis blikk. Ein av filmane som har det, er Øyvind Sandbergs nydelege prisvinnande «Folk ved fjorden», men den ville ikkje Norsk Filminstitutt støtte som kinofilm.
I går la kulturminister Hadia Tajik fram innspelsrapporten «Av Om For» – om mangfald i kinofilm og TV-drama. Rapporten skal gi innspel til korleis ein kan kome bort frå situasjonen at norsk film blir laga av «hvite menn på Oslo Vest», som det står i innleiinga
Utfordring med kjønn, bustad og etnisitet skal altså løysast – på ein gong.
Etter ei rask gjennomlesing kan ein slå fast at dei som trudde at rapporten kom til å handle om korleis styrke dei regionale filmmiljøa vil bli skuffa. Dei som trudde at dette kom til å styrkje kvinners høve i film vil bli skuffa. Dei som er mest opptatt av etnisitet vil gjerne også bli skuffa – om ikkje så skuffa.
Utvalet forslår å opprette eit kortfilmsenter som kan fungere som rekrutteringsmiljø for innvandrarar som kan tenkje seg å jobbe med film. Det skal – surprise – liggje i Oslo. Logikken er likevel klar, det er aller flest innvandrarar i hovudstaden.
For å sitere den amerikanske forfattaren Gertrude Stein: «Not everything can be about everything». Kanskje er det difor regionspørsmålet stort sett er utelate frå rapporten. Reelle verkemiddel for å gjere noko med den geografiske skeivdelinga manglar i stor grad. Spørsmålet er om det er fordi det ikkje er interesse for den problemstillinga – eller om for mange har noko å tape på å endre status quo (åtte av elleve utvalsmedlemer, inkludert leiar, bur i Oslo).
Når ein ser korleis rapporten handsamar tala frå Norsk Filminstitutt, kan ein også få inntrykk av at her er det nokon som har ønskje om å skjønnmale situasjonen. Forfattaren driv med talmagi på høgt nivå.
Utvalet slår fast at 28 prosent av alle filmar er spelt inn utanfor Oslo. (Noko som tyder at 72 prosent er spelt inn innanfor ein radius på få kilometer frå Filmens Hus).
I kreativ fortolking heiter det at «Et positivt funn er at nesten 1/3 av filmene spilles inn i regionene, samtidig som 82 pst. av produksjonsselskapene holder til på det sentrale Østlandet». Og vidare: «Dette forteller oss at produksjonsselskapets lokalisering ikke er avgjørende for hvor filmen spilles inn».
28 prosent er for dei fleste av oss nærare ein av fire enn ein av tre. I tillegg kan ein også merkje seg at i talet 28 prosent, har ein inkludert alt av filmar, også dei som ikkje har fått ei krone i støtte frå Norsk Filminstitutt. Som filmen «Thale», innspelt på Vestlandet. Thale fekk først statlege pengar i etterhandsstøtte, ei støtte som går automatisk til alle filmar som spelar for meir enn 10.000 publikummarar.
Noreg utanfor Oslo er det ein vel bort når ein skal satse på mangfald
På hyllene i Kulturdepartementet står rapporten «For en neve dollar mer», som peiker på kor lite som skal til for å ta meir av landet i bruk. Rapporten evaluerer norske filmsentra og filmfond. (Vestlandet kjem særs godt ut). Den konkluderer med at det å satse på regionale filmsenter og filmfond fungerer, men at det er for lite midlar til å gjere ein reell skilnad.
I staden for å respondere på rapporten har Norsk Filminstitutt på neste års statsbudsjett fått ein auke på 38 millionar kroner. Dei regionale filmsentra får 1,7 millionar ekstra (til Viken filmsenter i Akershus).
Kva hadde skjedd om ein i staden hadde gitt NFIs auke eitt år til regionane? Det kan ein no berre lure på. Spørsmålet er også om nokon verkeleg ønskjer å finne det ut.
Då Hadia Tajik la fram rapporten «Av Om For» i går uttrykte ho at det ho ønskjer er historiene med eit annleis blikk. Ein av filmane som har det, er Øyvind Sandbergs nydelege prisvinnande «Folk ved fjorden». Den ville ikkje NFI støtte som kinofilm. At den kom på kino skuldast utelukkande hans eigen innsats. Han blei motarbeidd aktivt av statens filmfolk.
Det er neppe slik kulturministeren ønskjer å ha det. Når alt ikkje kan handle om alt, tyder det likevel at noko blir ekskludert. Det er interessant då at Noreg utanfor Oslo er det ein vel bort når ein skal satse på mangfald.