Sjølvvald tagnad

Slik eg vurderer det er tagnaden som byrådsleiaren har valt i denne og andre mistillitssaker, sjølvvald og ikkje tufta på at det er slik i ei parlamentarisk forsamling.

MONICA MÆLAND: Ho har ei anna forståing av parlamentarismen enn det som er gjeldande praksis på Stortinget og i bystyret i Oslo, skriv artikkelforfattaren.

 

Byrådsleiar Mæland valde i bystyremøtet måndag 26.11.12 å ikkje ta ordet under handsaminga av mistillitsforslaget mot henne. Det var sjølvsagt hennar eige val, men eg er usamd i hennar fortolking av parlamentarismen når ho seier til BT 1.12.12 at det ville vore ukorrekt å ta ordet.

Det er rett at det var unaturleg for henne å ta standpunkt til om ho har bystyrets tillit eller ikkje, men hennar forklaring til faktum i saka (grunnlaget for forslaget) var det avgjerande at bystyret fekk i debatten.

Praksisen har nok vore slik ho opplyste i den perioden ein har hatt parlamentarisme i Bergen. Reglementet for bystyret i Bergen seier ikkje noko om sjølve debatten om eit mistillitsforslag eller kven som kan/skal ta ordet. Praksisen er dermed utgått av sedvane. Kva som var praksis medan Anne Grete Strøm-Erichsen sat som byrådsleiar veit eg ikkje og referata seier heller ikkje noko om dette.

 

Mæland har i høgste grad vore med å definere den bergenske parlamentarismen

 

Det er likevel slik at Mæland har sete mesteparten av tida vi har hatt parlamentarisme i Bergen (9 av 12 år) og ho har dermed i høgste grad vore med å definere den bergenske parlamentarismen.

Ser vi til Noregs største parlamentariske forsamling, Stortinget, er praksisen heilt annleis. Det siste mistillitsforslaget vart handsama 18. juni 2011 mot dåverande statsråd Terje Riis-Johansen. Då hadde statsråden eit ordinært innlegg på 10 minutt med påfølgjande replikkordskifte.
Slik har også praksisen vore ved tidlegare mistillitsforslag. Frå Stortingshald blir det sagt at statsrådens innlegg er viktig for å få klargjort faktum i saka og kan vere avgjerande for om ein vil støtte eit mistillitsforslag eller ikkje. Innlegget blir statsrådens forklaring på det som har skjedd. Det blir også sagt at statsrådens tagnad blir tolka som manglande vørdnad for Stortinget.

I bystyret i Oslo er det fleire eksempel på at byrådsleiaren har teke ordet. I den sist handsama saka, 16.11.11 – mistillitsforslag mot byrådsleiar Stian Berge Røsland, valde rett nok Røsland ikkje å ta ordet.
Under tilsvarande handsaming av mistillit mot byrådet 29.05.02 tok dåverande byrådsleiar Erling Lae ordet. I mistillitsforslaget mot Petter N Myhre 13.12.06 tok byråden ordet.

Med bakgrunn i dei parlamentariske forsamlingane Stortinget og bystyret i Oslo kan vi slå fast at det ikkje er ein eintydig konklusjon at byrådsleiaren ikkje skal ta ordet. Tvert imot er det vanleg at så skjer.

 

Mæland har kanskje ei anna forståing av parlamentarismen enn det som er gjeldande praksis på Stortinget og i bystyret i Oslo

 

I den aktuelle mistillitssaka om skulevedlikehaldet i Bergen ville det etter mitt og fleire andre sitt syn vore naturleg at byrådsleiaren gav ei forklaring på kva byrådet viste, kva byrådet har undersøkt og kvifor dei rapportane som først kom bystyret til kjennskap gjennom media og andre kanalar i 2012 ikkje vart lagde fram for bystyret.
Byrådsleiars forklaring på dette var i høgste grad relevant for bystyret då det tok stilling til tillit eller ikkje.

Slik eg vurderer det er tagnaden som byrådsleiaren har valt i denne og andre mistillitssaker, sjølvvald og ikkje tufta på at det er slik i ei parlamentarisk forsamling.
Om det siste er tilfelle, har Mæland ei anna forståing av parlamentarismen enn det som er gjeldande praksis på Stortinget og i bystyret i Oslo.

Tags: , , , , ,

Kommentarer