Er du ferdig med alt til jul?

Så snart det nærmar seg desember kjem enkelte damer snikande med spørsmålet: «Er du ferdig med alt til jul du då, Kari?» Sikkert godt meint, men i mi sårbarheit taklar eg det dårleg.

Eg står der, glad for at eg fann adventsstaken, den låg nedst i ein kasse påskepynt, bak kanoårane og ei avlagt kåpe etter tante Magnhild, og eg undrar framleis på kvar adventsstjerna har teke vegen. Etter vill leiting også i år utan å lukkast, dukkar det opp litt personleg uvisse. Uvisse iblanda ei strøken spiseskei paranoide idear om at folk kanskje veit korleis ståa er heime hos meg, at det er allmennkunnskap at kotta mine flyt?
Eg let meg stressa, men prøver likevel med fatning å svara «nei, eg har ikkje begynt enno».
Sidan eg har sett meg litt galen på denne hersens spørjinga, svarar eg nok dette langt utover i desember og kan hende også etter at pinnekjøtet er sett på kok. Eg likar tanken på å visa stålkontroll på den manglande kontrollen, liksom perfeksjonera inntrykket av det ufullkomne.
Eg er klar over alt eg ikkje gjer i hus og heim, men samstundes kjempar eg med irritasjonen over dette unødig oppstressande spørsmålet i ei tid der ein veit at mange kjem til kort i liva sine.
Eg meiner, gjekk me med eit sviktande håp om å få mat i det heile – ja då hadde saka stilt seg noko annleis. Men når eg i min overflod vert spurt gong på gong om eg er ferdig med alt til jul, så vert det for meg så oppskrudd, så arrangert og kunstig alt rundt desse julegreiene. Det er vel ein fødsel me markerer, ikkje noko verdsmeisterskap i julefeiring?
Spørsmålet er nok ikkje meint for å skapa mindreverdskjensle, men er nok heller ein frase det er lett å ty til i mangel på ein samtaleform med meining og substans.
Omtrent for eit år sidan var eg til ein lege i bydn. Det var på datoen 16. desember, og ho starta legetimen med å beklaga at ho brukte av tida mi no nett før jul. Nå ja, var det ikkje eg som kom til ho som kunde, det var vel snarare eg som brukte av tida hennar? Når eg no først var i bydn så gjekk eg innom frisøren min med det same. Ho spurde, slik det tydelegvis let seg høra og børa, om eg var ferdig med alt til jul. Eg svara at «ja, maten er no kommen i hus».
Ho vart nesten blåst av bana, sperra augo opp og måpa med munnen: Ferdig med innkjøp av maten allereie? Tydelegvis ein utruleg prestasjon, men eg følte meg ikkje som ei superkvinne. Det var jo ganske enkelt det heile:
Eg kjøpte pinnekjøtet, det låg i ein disk på butikken, ein kan enkelt festa eit grep rundt pakka, løfta den opp i handlekorga ved hjelp av ganske primitiv og enkel muskelkontroll og presisjon. Deretter gjorde eg det same med nokre kålrabi og betalte i kassa. Me har fullstappa butikkar, men kavar over å få mat i hus til ei jul som varar frå laurdag til måndag. Me må ikkje ausa dette opp.
«Ja, men der er så mykje anna, mat til dei andre dagane, all snacksen», fortsette frisøren.
Var eg jenta med fyrstikkene ville eg at du skulle sjå meg, ta meg inn og sjå til at eg fekk tryggleik. Om eg var ein svolten ville eg at du skulle ha gjeve meg mat, og fraus eg ville eg at du skulle leggja di varme kappe omkring meg. Er eg ei dame på førti, med studiar, skite hus, byrjande gråstenk i håret og eit førjulsblodtrykk som viser på halsen – gjennom pologenseren, ja så ikkje gje meg spørsmålet om eg har ordna alt til jul.
Stress er tydelegvis noko som spreier seg i dei fleste miljø, for eg fekk på døra ein mann frå Jehovas vitner ein dag. Eg hadde fri og stod i døra med sovehår, kvardagsklede og ei slapp haldning der han kom i 11-tida ein kvardag.
Han byrja med å unnskylda seg for at han forstyrra, eg hadde det nok travelt som alle andre.
«Nei, eg har god tid» svara eg.
Han høyrde ikkje på dette øyret og han hadde lært seg sine frasar, han svara på svaret eg ikkje hadde svara han, men som han sikkert hadde førebudd seg på: «ja, då skal eg ikkje opphalda deg» sa han «men du skal få dette bladet som du kan lesa i ei ledig stund..»
Eg tok imot bladet med paradisteikningane og tenkte medan han for av stad: Kva er dette? Skal me gøyma oss bak travelheita til me vert ein gjeng patetiske tullingar som ikkje skal fortelja kvarandre anna enn kor travelt me har det?
Når mannen kjem på døra og for å vitna for meg, ja så bør han alvorleg tala gjera dette på ein truverdig måte. Eg lengtar ikkje etter meir trakking på døra, det er ikkje det eg meiner, men eg forventar at viss ein står i ein posisjon der ein har ei melding frå Gud sjølv (eller Jehova i dette tilfellet) ja så lyt ein ta seg tid til å avlevera meldinga frå det høgste?
Eg kjende meg i det minste på vegner av dei pratesjuke snytt, der eg stod med all verdas tid og tupert bakhovud etter formiddags- sofasliting. Ingenting ved meg sa «tidsklemme».
Me kan freista å avlysa heile jula viss me ikkje forstår å bruka den fornuftig. Me må ikkje opna privat legepraksis viss vi ser problematisk på at pasientar viser sjukdomsteikn også i årets 12. månad, og ein bør revurdera draumen om dørseljarmisjonering som yrkesveg viss ein er redd for at folk er heime.
Me er her no. Me er her i verda no, kvar dag også i desember. Eg bekymrar meg for større ting enn tynnribbe og sprø svor, spør meg heller om kva eg tenkjer på, spør kva som rører seg hos meg, kva eg er oppteken av.
Eg vert aldri ferdig med alt til jul og er heller litt skeptisk til korleis verda vil sjå ut den dagen også slike som meg kan svara at ja, eg er ferdig med alt til jul. Eg har heller eit ønskje om at julefreden skal kunna senka seg over heimar i bygd og by, og gje varme stunder mellom menneske.
I lyset frå ei gammal eller flunkande nyinnkjøpt adventsstjerne.

Kommentarer