New Public Management har slått an blant norske toppbyråkratar. Dei vil rapportere om alt mellom himmel og jord. Fagforeiningane vil ha mindre marknadsstyring, færre rapportar, meir tillit til dei tilsette.

RAPPORTAR, RAPPORTAR: Blant toppbyråkratar og politikarar vert styringssystemet New Public Management ofte kalla kvalitetssikring og økonomistyring. Det er finare ord for overrapportering.
Sjur Holsen, politisk redaktør i BT skreiv ein kommentar: «Tid for pessimisme», laurdag 29.12.12. Som tillitsvald i Norsk Tjenestemannslag (NTL) er eg veldig glad for at BT gjennom ulike reportasjar og kommentarar set søkjelys på styringa av offentleg sektor.
Offentleg sektor er heilt avhengig av å ha tillit. Den tilliten får vi gjennom god styring, god service og gode tenester til innbyggjarane. NTL har i ei årrekkje sett søkjelys på New Public Management (NPM) i offentleg sektor. Når dåverande fornyingsminister Heidi Grande Røys slo fast at NPM og alt «dets vesen» skulle kastast i bossbøtta med den raud-grøne regjeringa, var vi i NTL optimistiske.
Det synte seg raskt at det ikkje var grunnlag for stor optimisme. NPM har fått eit solid fotfeste blant norske toppbyråkratar og politikarar. Toppbyråkratane er overivrige etter å rapportere om alt mellom himmel og jord og politikarane tek villig mot alle rapportar. Når dei først er i gong med rapporteringsinfernoet, ausar dei kvarandre opp og det finst knapt grenser for kva ein kan rapportera om. I tillegg er det alltid kjekt å syna til ein statistikk når gravande journalistar stiller kritiske spørsmål. Blant toppbyråkratar og politikarar vert dette styringssystemet ofte kalla kvalitetssikring og økonomistyring. Det er finare ord for overrapportering.
Toppbyråkratane er overivrige etter å rapportere om alt mellom himmel og jord
I NTL har vi skjønt i mange år at dette styringssystemet er både meiningslaust og ineffektivt. Vi har difor laga ein rapport der vi dokumenterer galskapen i systemet, og peikar på alternative modellar. Men det måtte altså ein tragedie og ein Gjørv-kommisjon til før politikarar og toppbyråkratar for alvor såg alle dei negative konsekvensane av det styringssystemet som var bygd opp i staten.
Det som kjenneteiknar NPM-ideologiane er at ein skal effektivisera og rasjonalisera offentleg sektor etter modellar henta frå privat sektor. Dei underliggjande verdiane i NPM er at privat sektor er meir effektiv og betre styrt enn offentleg sektor. Det ein likevel gløymer i denne samanlikninga er at offentleg og privat sektor har ulike oppgåver og roller og må difor behandlast ut frå eigenart. Sjølvsagt skal ein ikkje kategorisk slå fast at offentleg og privat sektor ikkje har noko å læra av kvarandre. Det vil alltid vere læringspunkt, men det vert feil å kopiere kvarandre ukritisk, slik som det offentlege i stor grad har gjort.
Sjur Holsen skriv at offentleg sektor er overmoden for drastiske endringar. Holsen er pessimist og nemner sju grunnar for at endringar ikkje vil skje. I grunn nr to nemner han at eit sterkt oppseiingsvern og sterke fagforeiningar i det offentlege står i vegen for endringar. Holsen tek feil på dette punktet, og hans syn på fagforeiningar er forelda. NTL jobbar for endring av styringssystemet. Vår løysing er mindre marknadsstyring, mindre rapportering og meir tillit til den enkelte medarbeidar. For at offentlege tilsette skal gjera ein god jobb, er vi avhengige av at vi har ei løn å leva av, og at vi har gode arbeidsvilkår, i første rekkje gjennom fast arbeid.
Heile den norske samfunnsmodellen er basert på desse to vilkåra. Det har skjedd store endringar og det skjer stadig vekk endringar i det offentlege. Fagforeiningar går ofte i front for endringar, men sjølvsagt ikkje alltid. Det er ikkje alle endringar som er av det gode slaget. Det er sterke fagforeiningar si plikt å peike på dette. Med sterke fagforeiningar får ein til gode endringsprosessar og det gjev tid for optimisme.