Ho vart fødd inn i Arbeidarpartiet. Ho dreiv det til topps i partiet, og fekk før EU-røystinga i 1994 ansvaret for å gjera norske A-veljarar til JA-veljarar.
Ho var betrudd og sentral statsråd hos statsministrane Gro Harlem Brundtland, Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg.
Men så vart ho døropnar for spekulanten Carl Fredrik Seim, og i 2002 gav Arbeiderpartiet i Bergen henne stemplet «illojal». Politisk venskap snudde til personleg fiendskap.
Etter ei lysande karriere i Kongens råd – og fire år i Aps sentralstyre – var dette eit stort fall for Grete Knudsen.
Syndene var fleire. Saman med tidlegare ordførar i Bergen, Bengt Martin Olsen, gjekk ho i Carl Fredrik Seims teneste, då han overtok Mjellem & Karlsen med drygt 400 industriarbeidsplassar.
Det gav ein god del hundre tusen i forteneste til Knudsen & Olsen. Tapet av tillit – i opinionen – kunne ikkje målast i pengar.
For arbeidsplassane på Mjellem’en er borte, og Seim sonar fire års straff i fengsel for underslag og bedrageri for over 50 millionar kroner.
Om lag samtidig kom Grete Knudsen på kant med Stortingets pensjonsordning, fordi ho heva stortingspensjon parallelt med at ho salta ned pengar i eit aksjeselskap.
Stortingspensjonen sa ho frå seg, etter at Stortingets direktør, Hans Brattestå, hevda at ho hadde brakt Stortingets pensjonsordning i vanry.
Der var ho, viste det seg seinare, i godt selskap. Men også tidlegare stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl gav refs til partikollegaen frå Bergen:
«Det er ikke vakkert å se en gammel Ap-radikaler manøvrere seg inn i rekken av kyniske skatteplanleggere», skreiv BT på leiarplass.
Men kritikken frå eigne partikollegaer var truleg like sviande. «Knudsen ødelegger Aps valgkamp», kommenterte Anne-Grete Strøm-Erichsen sommaren 2003, og forklarte slik: «Folk reagerer voldsomt på Mjellem & Karlsen-saken. Det gjør jeg også».
Toppmålet, som førte til avskyresolusjon i representantskapet i Ap i Bergen, og som førte til brot mellom Grete Knudsen og Hordaland Ap, var kampen for ny fregattdokk på Haakonsvern.
Den kjempa Hordaland Ap durabeleg for, og det visste Grete Knudsen. Men i Aps sentralstyre gjekk ho mot ny dokk på Haakonsvern, utan å opplysa om at ho var kjøpt og betalt av den nye Mjellem & Karlsen-eigaren Carl Fredrik Seim, som gjerne ville ha fregattane i sin eigen dokk.
Blant partikollegaer blir framferda hennar oppfatta som i overkant arrogant
For godt mål braut Grete Knudsen i denne fasen all kontakt med den lokale partileiinga, og nekta å uttala seg til pressa – særleg Bergens Tidende.
I lesarbrev viser ho til at ho har kunnskap om denne saka, og det har ho sikkert. Men blant partikollegaer blir framferda hennar oppfatta som i overkant arrogant.
Verre enn det, på det personlege planet. Tjue års venskap med Ranveig Frøiland med fleire fall i grus, og sidan seint 1990-tal har kontakten mellom dei vore ikkjeeksisterande.
Ingen teikn til forsoning. Og Grete Knudsen er klår nok: Ho angrar ingenting!
Fiendskapen mellom Knudsen og Frøiland har også samanheng med maktkampen i Hordaland Ap i 2002, der AUF gjekk til frontalåtak på fylkesleiar Ranveig Frøiland.
Pål Berrefjord hadde gjort AUF til ein maktfaktor i Hordaland, og med moralsk støtte frå Grete Knudsen ville ungdommane gjera seg gjeldande. Dei tapte slaget på årsmøtet i Ullensvang, det hardaste i Hordaland Aps soge.
Ranveig Frøiland sigra. Men det vart ein sur siger å bera med seg vidare, for den tapande ungdommen vende ryggen både til AUF og Ap.
Det vert snakka om «Den tapte generasjonen». Det er ein beisk realitet, som Ap i Bergen og Hordaland enno slit med. Grete Knudsen var på ungdommens parti. Den delen av biletet skal også med, for å komplettera ei soge som ikkje treng ekstra fargelegging.
Etter fem periodar på Stortinget – og mange år i regjering – trekte Grete Knudsen seg frå nominasjonskampen i 2001.
For å hindra at ho vart kasta, trekte ho seg også frå Aps sentralstyre. I 20 rike år hadde ho vandra høgt oppe på den politiske stjernehimmelen – tidvis akkompagnert av eige gitarspel – og no skulle ho nyta sitt otium.
Seinhaustes 2000 vart ho som den andre frå Hordaland kåra til Årets nasjonale politikar av BT, og godorda sat laust under middagen på Bellevue.
Ho kledde rolla som minister i eit av våre viktigaste departement, og ho hadde vist at ho hadde nasjonalt format.
Grete Knudsen var den Jens Stoltenberg sette til å hamra ut eit berekraftig kompromiss rundt den omstridde privatiseringa av Statoil, eit kompromiss som også Finn Lied og Jens Chr. Hauge kunne leva med. Det greidde ho.
Den unge bergenskvinna som Einar Førde i 1979 henta inn som statssekretær, hadde nådd lengre enn dei fleste. Kunne det ikkje ha stogga der?
Nei. Ho hadde meir ho skulle ha gjort, på ein ny arena. Nye utfordringar. No var det næringslivets kår ho brann for. Då ho vart spurd om ho ikkje kunne ha venta litt – tatt eit år i karantene – svara ho: «Det er viktig å komme i gang før man blir glemt».
Ein ofte tydeleg kritikar av Grete Knudsen, lokalpolitikar Eilert Jan Lohne, sa det slik i 2002:
«Før var hun dronning, nå er hun heks. Det fortjener hun ikke, med tanke på alt hun har gjort».
No får vi snart lesa hennar eigen versjon.