STOCKHOLMSYNDROMET: Svensk kulturjournalist meiner alt som er galt med norsk kultur skuldast nynorsk og Vestlandet. Slik talar Nordens prøyssarar: Marsj om.

NORDENS PRØYSSARAR: Då vi trudde vi hadde nok med Oslosyndromet i norsk kulturdebatt, meldte svenskane, Nordens prøyssarar, seg på: Vi skal alle gå i takt. ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER
Kulturjournalist Martin Aagård i Sveriges største avis, Aftonbladet, må ha vakna midt på natta med eit syn. Det bles opp til debatt om norsk kultur i Noreg mellom mellomaldrande kvit mann (Jon Hustad) og ung muslimsk kulturminister (Hadia Tajik). For eit nydeleg utgangspunkt for politisk korrekt refs.
Journalisten må ha kjent ein stille jubel på veg til pulten, der han hamra ned artikkelen. Tittel: «Danskjävlar: Martin Aagård om den norske kulturens kärna». Han hadde nemleg oppdaga at Jon Hustad skreiv nynorsk.
Sverige har utreinska alt som minner om motkulturar
Preika, på trykk i Aftonbladet førre fredag, kjem frå eit Sverige som har utreinska alt som minner om motkulturar i gläsbygdene og plassert eit lydig proletariat i drabantbyar for å kunne ha kontroll på dei. No skal også nynorskingen – og «den förtryckande norska protestantismen», så uendeleg langt frå Stureplans sjampanjedynka stekare (*) – tynast av storebror i aust. Vi (dvs. vestlendingen) må gjere opp med 1800-talets førestellingar (dvs. språket) – vi skal la oss «dusje i påverknad utanfrå» – og tvingast til endring.
Slik talar ei fordums kolonimakt.
Som om vi ikkje hadde nok med Oslo-sentralismen, som under Arbeiderpartistyret har freista så godt dei har kunna å gå den einsrettande Stockholms-eliten i næringa.
Dette er det Stockholm, som kviner forferda når den etter kvart svorske Fredrik Skavlan inviterer ein mann som Carl I. Hagen (Frp) midt i beste sendetid: folk skal skånast frå høgrepopulistisk snakk og mogleg innvandringsskepsis.
Dette er det Sverige forfattar Karl Ove Knausgård held på å forgå av: Snusfornuftssverige, der leiketøyskjeden BR må spesiallage politisk korrekte leiker til barna – i tilfelle dei skulle kome til å velje feil om dei hadde hatt fri vilje.
Eit Sverige, der ytringsfridom finst – for dei svenske elitane vel å merkje – dei einaste som er i stand til å forvalte det frie ord, ifølgje seg sjølv.
For å sitere Göran Rosenberg, svensk intellektuell: «Den stora utmaningen mot yttrandefriheten är bresten på självcensur och självrestriktion». («Yttrandefrihetens gränser», Dagens Nyheter, 2006).
Difor må ein påleggjast restriksjonar.
Göran Rosenbergs skremmebilete er Danmark – eit land som, ifølgje han, har overskride den uskrivne grensa Sverige framleis har for ytringsfridom.
Denne uskrivne grensa har gitt Sverige parti som står langt til høgre for norske Frp. Nordmenn og danskar luftar ubehaget sitt, medan den svenske eliten undertrykkjer den. Den uunngåelege svenske utblåsinga stinkar desto verre.
Den uskrivne grensa er ein sosial, elitistisk kontroll, den kontrollen Jon Hustad har omtalt, som gjer at ein ventar tolmodig på grønt lys – fordi nokon har sagt at ein skal det.
Det seier seg sjølv at den norske anarkisten passar dårleg inn i eit slikt bilete: Eit Noreg som ikkje let seg innordne, der folk på kvart nes krev å bli høyrt – på sitt eige skriftspråk.
«Det er faktiskt tillåtit att skriva «ikkje» i en norsk dagstidning», skriv ein sjokkert Aagård.
Det er ikkje nasjonalismen, men den anarkismen Jon Hustad representerer, som blir så støytande for stockholmsjournalisten. Anarkisme er uforståeleg sett frå Sverige.
Difor går det heilt gale når Aagård prøver å presse forteljinga vidare og påstår at det er raseutrensking, blod og deportasjonar (og det nynorske) som har skapt «det norske».
Frå eit Sverige, som framleis er infisert i tysk ordning och reda; eit land der nazismen vart omfamna like inn i kongehuset under andre verdskrig, kan det vere vanskeleg å skjøne at det er i den norske motkulturen at motstanden mot tyskifiseringa var størst. Slik også Torgny Segerstedt sat på den svenske vestkysten og talte det tyskarvenlege Stockholm midt i mot.
Stupidity Has Won too Much
Dei delane av Noreg der nynorsken stod sterkast i 1940-45, var dei delane der nazismen stod svakast.
Då haldningar til innvandrarar vart undersøkt i Noreg i 2001, synte det seg også at nynorskfylka på Vestlandet var mest positive til muslimar.
Det er frå eitt av desse fylka Hadia Tajik kjem, kulturministeren, som slo om til nynorsk dagen etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) ville fjerne sidemålet frå skulen.
Ifølgje Aagård har dette steinrike Vestlandet ein fattig utarma kultur (med unntak av ein «ohyggligt tråkig» Jon Fosse). No må vi vestlendingar gå i oss sjølv. For, eureka: eitt kulturuttrykk har dei «nynorska kommunerna» skapt, sjølvaste opprøret mot den protestantiske undertrykkinga vi skal vere utsett for her vest: Black metal.
«Lär er av det exemplet, nynorskar», formanar han.
Takke meg til litt protestantisk undertrykking, enn pålegg frå ein svensk prøyssar.
For å sitere det ravande kriminelle black metal-bandet Burzum frå «nynorskkommunen» Bergen: «Stupidity Has Won too Much».
* Stekare (Stekig adj.): Ord for menn frå svensk overklasse med stambord på Stureplan, vannkjemma hår og for tida raude byksor.