Munch til staten

Det kan ikkje lenger vere opplagt at eit Munch-museum skal byggjast i hovudstaden.

MUNCH I VERDA: Opninga av utstilling kring Edvard Munchs «Skrik» på Museum of Modern Art i New York syner potensialet Munchs verk har utanfor Noreg. På biletet blir Ann Temkin, MoMAs sjefskurator, intervjua. FOTO: CHARLES ECKERT, AFTENPOSTEN

Dei borgarlege partia i Oslo har endeleg snakka seg fram til noko som kan gi løysing på det politiske uføret kring Munch-museet. Ikkje overraskande, heiter denne løysinga staten.
Det har lege i korta så lenge Carl I. Hagen (Frp) har hatt noko å seie i striden: Det er eit for tungt løft for Oslo kommune å ta seg av arven etter nasjonens største kunstnar gjennom tidene, har han hevda igjen og igjen.
Ein kulturpolitisk sit ned-aksjon kan syne seg å bere frukter, slik den ofte gjer det i hovudstaden. Kulturminister Hadia Tajik (Ap) har sagt seg viljug til å sjå på saka dersom kommunen ber om hjelp.
I første rekkje ser dei borgarlege partia i Oslo for seg at ein endrar på eigarskapsstrukturen i Munch-museet slik at staten kan gå inn.
Vel Kulturdepartementet å gjere dette, opnar det opp ei rekkje spørsmål: Ein kan til dømes gå ut frå at museum og samlingar av stor nasjonal betydning andre stader i landet vil oppleve det som ein invitasjon til å gå på tiggarferd til Oslo. Dette vil sjølvsagt vere avhengig av kor stor eigarbrøk Kulturdepartementet ser for seg i gåva Munch skjenkte til hovudstaden.
Eit heilt anna – og meir interessant scenario – er å nytte eit slikt momentum til å tenkje gjennom korleis Edvard Munchs arv best kan forvaltast – til glede for heile landet, men også utover landets grenser.

Det finst fleire landsdelar som ikkje har Munch

Som utstillinga «Private Eye» og framsyninga av «Skrik» på Museum av Modern Art i New York har synt, er interessa for Munchs kunst særs stor. Edvard Munch er kunstnar av verdsformat ute, trass den handsaminga Oslo kommune har gitt kunsten hans i tiår etter tiår.
Ved å overlate Munch i statens varetekt gir hovudstaden slepp på kontrollen over gåva. Det vil ikkje lenger vere opplagt at eit Munch-museum skal byggjast i hovudstaden.
Nasjonalmuseet, som trekkjer ein kvart milliard kroner over statsbudsjettet, skal etter planen over i nytt, dyrt hus. Museet har alt den nest største Munch-samlinga i landet. Det vil ikkje vere unaturleg å tenkje seg at Nasjonalmuseet overtek noko av ekspertisen frå dagens Munch-museum og oppjusterer samlinga i nytt museum.
Ein kan vidare tenkje seg at Nasjonalmuseet kan leggje til rette for større utlån til landets kunstmuseum. Det finst fleire landsdelar som ikkje har Munch. Både Trondheim og Tromsø manglar til dømes den verdskjende kunstnaren i sine samlingar. Det føreset betre forsikringsordningar for utlån innanlands enn ein har i dag.
Interessa utanlands syner kva potensial som ligg i Edvard Munchs namn. Etter døme frå Frankrike, som nyttar franske kunstnarskap medvite i arbeidet for å utvikle landets omdømme utanlands, kunne også Munch fått større rom utanfor Noregs grenser. At Munchs kunst blir synt utanfor landets grenser, er ein særs effektiv måte å forvalte og byggje kunstnarskap på.
Museum of Modern Art nyttar i augneblinken ei eiga miniutstilling til å setje Munchs bilete i samanheng. I museet i New York heng «Skrik» tvers overfor van Goghs stjernenatt. Stilla mellom dei to ekspresjonistiske målarane dirrar.

At Oslo kommune ikkje ser seg råd til å finansiere eit nytt Munch-museum, er ein skandale

Slik kunne ein tenkje seg at Munch kunne ha blitt synt også på andre store kunstmuseum i verda.
Det som er avgjerande for forvaltninga av arven etter Edvard Munch, er gjerne ikkje nytt statleg finansiert bygg, men gode magasinlokalitetar for gåva. Samlinga i Munch-museet utgjer vel 1100 måleri, 15.500 grafiske blad, 4700 teikningar, seks skulpturar – i tillegg til ei rekkje bøker, dagbøker og trykkplater.
Eit slikt magasin kan liggje kor som helst.
Det bør vere innlysande, både for Kulturdepartementet og Oslos politikarar, at eit statleg finansiert Munch-museum ikkje må liggje i hovudstaden. Med tanke på dei enorme kostnadene eit nytt Nasjonalmuseum vil krevje, i tillegg til andre store kulturbygg under bygging og planlegging i hovudstaden, er ein nøydt til å tenkje nytt.
At Oslo kommune, som med landets største omsetjing, brukar færrast kroner pr. innbyggjar på kunst og kultur, ikkje ser seg råd til sjølv å finansiere eit nytt Munch-museum, er ein skandale. Det kan likevel ikkje resten av landet li under.

Tags: , , ,

Kommentarer