
GAROLIN VINOTHA NESARAJA: Ho orka ikkje tanken på å reise tilbake til eit liv i forfølging og dødsfare. Ho bestemte seg for å avslutte livet sjølv. Med seg i døden tok ho den nesten to år gamle norskfødde sonen.
Vi må ikkje gløyme Garolin. Når Stoltenberg og Lysbakken gløymer må vi minne dei på medansvaret deira, og mogelegheita deira til å hindre at slikt skjer igjen.
Sjå også: «I spora til Garolin»
For eitt år sidan valde 24 år gamle Garolin å avslutta livet sitt på asylmottak i Førde. Då hadde ho budd fem år i Norge medan ho hadde venta på at søknaden om opphaldsløyve skulle handsamast. Garolin var flyktning, men Utlendingsnemnda (UNE) meinte at dokumentasjonen frå UNICEF vanskeleg let seg etterprøve, fordi den var frå Sri Lanka.
Garolin hadde late seg verve av Tamiltigrane seksten år gammal. Då ho fekk treffa faren etter eit år hos tigrane, fortalde ho at ho hadde prøvd å flykte. Det hadde mislukkast, og hadde ført til at ho blei straffa. Med hjelp av UNICEF klarte ho etter kvart å kome unna. Men sidan både tamil-tigrar og regjeringssoldatar var på utkikk etter desertørar, levde ho 17 månader i skjul før ho fekk hjelp til å flykte til slektningar i Norge. Denne framstillinga trudde ikkje UNE noko på. Dei kunne teke ein telefon til UNICEF, så hadde dei fått stadfesta at Garolin snakka sant. Det bryet tok dei ikkje. Garolin orka ikkje tanken på å reise tilbake til eit liv i forfølging og dødsfare. Ho bestemte seg for å avslutte livet sjølv. Med seg i døden tok ho den nesten to år gamle norskfødde sonen.
Slike tragediar må ikkje skje igjen. Derfor må ansvaret for ein mislukka flyktningpolitikk plasserast rett. SV-politikar Norvall Nøringset gjorde eit mislukka forsøk på å plassere ansvar og skuld alt før Garolin blei gravlagd. Det er Barnevernet sitt ansvar; dei har skulda, hevda han i ein artikkel Sigbjørn Løland Torpe laga for nettsida til SV. I denne artikkelen er det ikkje tema at SV sit med regjeringsmakt, og at dei i avstemmingar på Stortinget har stemt solidarisk med AP mot lovforslag om å betre asylbarn sine rettar.
Regjeringsmakt er langt viktigare for SV enn å vinne slike saker
Audun Lysbakken hevdar gong på gong at no vert barn sine rettar betra. Norge skal ikkje meir bli kritisert for å bryte FN sin barnekonvensjon. Lysbakken si tru på at hans ord om at ting skal bli betre er så stor at han finn det ikkje naudsynt å gjere noko med lovverket. For det får han ikkje med seg AP på, og trass alle store ord er det tydeleg for alle at regjeringssamarbeidet og regjeringsmakt er langt viktigare for SV enn å vinne slike saker.
Garolin sin død er ein direkte følgje av feil handsaming av UNE, og fleirtalsregjeringa som SV sit i sitt ansvar. Ja, eg forstår det er sterke ord å hevde at SV og regjeringa har ansvar for det som skjedde med Garolin. Det var ho, og ho åleine, som valde å ta sitt eige liv. Men omstenda som førte henne mot dette valet er Jens Stoltenberg og Audun Lysbakken sitt medansvar. Bergens Tidende tok med seg Garolin sin advokat, Kristine Aarre Hånes, til Sri Lanka no, eit år etter Garolin sin tragiske bortgang. Advokaten seier at ho kjende skam ved å vere norsk på Sri Lanka. Når det kjem til korleis eit SV-Ap-leia Norge handsamar barn og unge asylsøkjarar kjenner mange seg skamfulle over å vere norske. Markeringane rundt i landet 12. januar viser det. Det er på tide at Lysbakken gjer noko anna enn å snakke store ord. Det er snart ingen andre enn han sjølv som trur på dei store orda han snakkar.
Alle andre forstår at det trengst handling bak orda. Kanskje han sjølv trur at det finst ein placeboeffekt i orda hans; at berre han seier det ofte nok så vil alt bli bra. Dessverre er verknaden av sukkerpiller gitt i staden for medisin langt meir effektiv.
Vi må ikkje gløyme Garolin. Når Stoltenberg og Lysbakken gløymer må vi minne dei på medansvaret deira, og mogelegheita deira til å hindre at slikt skjer igjen.