Ein viktig dag for Bergen, for Vestlandet

Litteraturhuset i Bergen kan endre samtalen om byen og Vestlandet.

SISTE HAND PÅ VERKET: I kveld opnar Litteraturhuset i Bergen. Det er ein viktig dag for byen – og Vestlandet. FOTO: EIRIK BREKKE

I kveld opnar Litteraturhuset i Bergen (LiB). Endeleg. Det har teke tid. Tiltaket har ført til den sedvanlege bergenske kranglinga – der stor entusiasme gjerne krasjar i massiv skepsis og mistru.
Men no er huset her. Takk vere stor tru, pågangsmot, intensitet, og insistering på å ikkje gi seg. Nettopp dei kvalitetane som kan føre til at huset i Østre Skostredet kan bli ei lukkeleg historie. Og meir enn det; bli viktig, ikkje berre for Bergen.

Visjonar oppstår fordi folk byrjar å snakke saman

Eit avgjerande suksesskriterium vil vere husets evne til å samle folk på tvers av vedtekne skiljeliner. I Bergen er dei så tydelege at det verkar konserverande. Herreklubben har sine middagsselskap, Næringsrådet sine. Forfattarane snakkar helst med seg sjølv, mediefolk sit og dinglar med beina i den same baren. Og kor er politikarane?
For nokre dagar stilte Aftenposten spørsmålet om Litteraturhuset i Bergen berre kjem til å appellere til eliten. Kven eliten er, vart derimot ikkje definert.
Bergens største utfordring er mange sjølvoppnemnde elitar som ikkje snakkar saman. Svaret til Aftenposten er difor: Dersom LiB skal bli ein suksess, må desse ulike «elitane» møte kvarandre – og folk flest. Litteraturhuset må treffe i heile breidda for å bli relevant. For det er også i dei uventa møta at dei beste ideane kan oppstå.
I Financial Times sist laurdag var Robert B. Silvers, redaktøren av det legendariske litteratur-magasinet The New York Review of Books, intervjua. Han er no over 80 og har vore med sidan ideen om magasinet vart fødd – i eit middagsselskap med poetar. I år fyller magasinet 50 år og er eitt av verdas mest anerkjende.
Denne veka blir ei norsk utgåve av litteraturtidsskriftet Granta, ei anna amerikansk suksesshistorie, lansert. Kvifor? Fordi to personar, ein amerikanar og ein norsk forlagsredaktør, møttest og fann ut at dei hadde lik litteratursmak.Slike møte kan ein aldri vedta i ein handlingsplan i kommunen. Visjonar oppstår fordi folk byrjar å snakke saman. Dei kan bli sette ut i livet av folk som vil noko og har kraft til det.
Universitetet i Bergen er ein av dei institusjonane som har svara positivt på utfordringa frå LiB, og er alt inne på ei rekkje programpostar i Østre Skostredet.
For å sitere Gunnstein Akselberg, styremedlem i LiB: «På denne måten kan ein både skaffa seg kunnskap og samstundes vera med i debattar om aktuelle samfunnsspørsmål, om verdi- og normdiskusjonar, og om faglege og politiske prioriteringar. Aktuelle tema er det flust av, som t.d. energi, klima, miljø, religion, filosofi, historie, språk, juss, psykologi, helse og politikk. Her vil det verta mange viktige diskusjonar og meiningsbrytingar, som er ein sentral føresetnad for eit aktivt demokratisk og ope samfunn.»
Ser ein på programmet, som blir lansert saman med opninga, ser det særs lovande ut. Å setje Torbjørn Røe Isaksen saman med Frode Grytten i «Bokting» for å snakke om viktige spørsmål, er meir enn eit påhitt. Det handlar om å bryte ned fordommar, men også å få fram kor skilje-linene går mellom litteratur og politikk. Eg vonar også dei bergenske politikarane blir utfordra på å delta i slike bokbad.

Ein har ikkje stått med nasen mot fjellet i aust

Det er fleire år sidan no at tanken om eit litteraturhus i Bergen vart sådd første gong. Huset i Oslo var opna til stor glede for alle som vitja det, rett ved slottet. Dette var noko nytt i norsk samanheng; eit hus som greidde det kunststykket å skape begeistring kring ord, litteratur, debattar, prosa. Det var finansiert i sin heilskap av Fritt Ord, og var eit synleg prov på kor viktig  institusjonsbygging utanfor offentleg regi er for å drive samfunnet framover.
Litteraturhuset i Oslo trefte ei nerve den gongen. Det gjorde trongen til å møtast synleg. Oslo hadde få slike møteplassar, der folk kunne treffast på tvers av interesser. Sidan har Litteratur- huset i Oslo blitt navet for mange av dei nasjonale debattane som har vore i landet. Då NRKs TV-sendte debatt etter kvart flytta inn, var det berre ein logisk konsekvens av den posisjonen huset hadde bygd seg opp.
Det seier seg sjølv at dei aller første som snakka saman om eit liknande hus i Bergen, såg mot Oslo og kva slags energi det gav hovudstaden. Etter kvart som arbeidet frå Kristin Helle- Valle, prosjektleiar Rebekka Eline Kvelland og styret i Bergen har skride fram, har det likevel blitt stadig tydelegare at Litteraturhuset i Bergen ikkje er – og ikkje skal vere – ein Oslo-kopi.
LiB vil vere noko heilt eige. Både fordi utkikkspunktet er her, men ikkje minst fordi utanfråperspektivet skaper ei eiga drivkraft.
Det er difor interessant når Gunnstein Akselberg, Rebekka Eline Kvelland og Lubna Jaffery skriv innlegg i dag om blikket mot vest. Det har alltid vore den vegen vestlendingar har sett for å få utsyn. Ein har sett utover, mot sjøen. Mot utsikta. Ein har ikkje stått med nasen mot fjellet i aust.

Tags: , ,

Kommentarer