Markering av døden

SORG: Problemet er alle dei tragediane som er meir trivielle, om enn like store, men som ikkje kvalifiserer til trøyst frå det offisielle Noreg. FOTO: STAVANGER AFTENBLAD

Dagbladet melde tysdag at det vil bli ei minnestund i Håkonshallen for dei fem Statoil-tilsette som omkom i terroråtaket i Algerie.
Vi er mange som unner ofra – og dei etterlatne etter In Amenas-terroren – den æra det er å få bruka Håkonshallen som minnearena.
Men korleis kan det ha seg at Bergen kommune, som elles er restriktiv med å leiga ut den ærverdige hallen, brått opnar dørene for ei privat minnestund inne i Håkonshallen?

Det var Synnøve Skeie Fosse som først reiste saka i Aftenposten. Ho problematiserte det offisielle engasjementet for offera i Algerie, samanlikna med fråværet av offisielt engasjement når det elles døyr nordmenn, heime eller ute.
Kva er det som utløyser statsministerens empati i denne saka, ein empati som elles ikkje kjem til offisielt uttrykk i andre tragediar?

Vi har nyss hatt ei ulukkeshelg på norske vegar, der offera i sum var fleire enn offera i Algerie. Ingen trafikkoffer ventar at konge og statsminister skal rykkja ut med trøyst og varme ord.
Ville kongefamilien reist på besøk dersom ein fiskebåt med fire mann gjekk ned utanfor finnmarkskysten? spør Fosse/Helleland, og vi veit alle svaret. Det er difor somme finn det desto meir påfallande at det offisielle Noreg er så massivt til stades når det statseigde oljeselskapet lir tap av menneskeliv.

Vi kan ikkje alle vera Statoil-tilsette

Dette er naturlegvis ømtålege saker. Det er vanskeleg å beklaga at det offisielle Noreg tek del i sorga etter tragedien i Nord-Afrika. Det var terror mot nordmenn i utlandet, og hendinga var spektakulær. Presse og kringkasting gjorde sitt til å løfta saka opp og fram i nyheitsbiletet.
Men er Statoil Noregs nasjonale interesser «ute», eller er det eit delvis privatisert oljeselskap?

Problemet eralle dei tragediane som er meir trivielle, om enn like store, men som ikkje kvalifiserer til trøyst frå det offisielle Noreg.
Vi kan ikkje alle vera Statoil-tilsette, men sorga er ikkje mindre etter eit havari på finnmarkskysten. Det kan vera einkvan etterlatne som, i lys av Algerie-åtaket, undrar seg over kvifor hans eller hennar tragedie ikkje vart meir påakta av konge og statsminister. Difor bør kongehus og Statsministerens kontor tenkja nøye gjennom konsekvensane av å engasjera seg i privat sorg.
For då blir det så tydeleg kva sorg som ikkje er verdig det offisielle Noregs medkjensle.

Tags: , ,

Kommentarer