
Forbod: Kvinner får ikkje ta førarkort i Saudi-Arabia. Kvifor kan verda tilsynelatande akseptere denne forma for kjønnsapartheid, spør innsendaren. FOTO: AP
Når eg sit bak rattet, bom fast i kø, går nokre av tankane mine til dei som ikkje får gjere det same på grunn av kjønn.
Langsetter motorvegen køyrer den store Volvoen i 70 km/t i 80-sona. Når 50-sona kjem, held den fram i dei stødige 70 km/t. God trafikkflyt blir det ikkje. Og bakruteviskaren arbeider jamt og trutt på knusk tørt glas i det klåre vêret. Ved neste lyskryss stansar eg, i fila ved sidan av Volvoen, og kikar bort. Ganske riktig, og som forventa. Der sit ei kvinne bak rattet.
Mindre dyktige sjåførar finst av alle slag. Dei er gjerne både unge og gamle, menn og kvinner, med og utan hatt. Dei arbeider kanskje på kontor, kanskje på butikk. Eller som buss- eller taxisjåfør. Og dei er plagsame. Alle har noko å lære av ein god køyreskulelærar. Å køyre bil er eit stort ansvar, som den einskilde som set seg i bil tek på seg ved kvar tur. For dei som ikkje klarer å skikke seg og treng hjelp til å betre kunnskapane og tryggleiken har vi vegvesen, køyreskular og legar. Politiet skal plukke vekk dei som er ein fare for seg sjølv og andre.
Forbod i Saudi-Arabia
I år er det hundre år sidan kvinner i Noreg fekk røysterett. I Saudi-Arabia derimot, har kvinner hatt forbod mot å køyre bil sidan 1990. Vel, forbod er eit gale ord, ettersom der rett nok ikkje er nokon klar juridisk lov som forbyr kvinner å køyre. Men kvinner har store vanskar med å få utferda førarkort. Dessutan har religiøse leiarar uttrykt haram, ei erklæring av synd, som ikkje tillet kvinnelege bilførarar (god grunngjeving i Koranen for dette er der derimot ikkje).
I deler av Syria er der også ny praksis med forbod mot kvinner bak rattet, etter inspirasjon frå Saudi-Arabia. I første omgang går kampen mot køyreforbodet for kvinner mykje ut på at rike damer, som gjerne har bil og sjåfør, skal få høve til å køyre sjølv. Det er ikkje i første rekke noko som er med på å betre livet til arbeidande, og fattige, folk flest.
Sjølvråderett
Eg meiner langt ifrå at det er ein menneskerett å køyre bil. Men eg meiner at det er ein menneskerett, og ei sterk symbolsak, å sleppe å bli kjønnsdiskriminert vekk frå høvet til å prøve. Det handlar i fyrste rekkje om sjølvråderett, og utøving av individets fridom. Det er ei viktig prinsippsak, som er svært enkel å gjere noko med. Og resultata er målbare og openberre. I andre rekkje handlar det om kvinner sin tilgang til arbeidslivet, om høve til å reise og ha aktiv fritid. Og til sjuande og sist om høve til livsglede som einskildpersonar sjølv rår over.
Veldig nyleg, i 2011, fekk kvinner røysterett i Saudi-Arabia, under kongen Abdullah bin Abdul Aziz. Køyreforbodet rimar ikkje i det heile. Einaste tilsynelatande føremålet er at krefter ønskjer det som kontrollmekanisme. Her trengst ei utviding av den arabiske våren. På ferieturen i Tyskland for nokre år sidan såg eg ein blå, open italiensk bil i to hundre. Det blonde håret til føraren flagra i vinden, naturen var skjønn, sommaren varm og situasjonen harmonisk. Ein sjølvsagt situasjon for mange europearar. Ein draum for mange andre.
Manglande vern
Som vanleg nordmann har eg for vane å sjå på korleis folk er, heller enn på alder, rase og kjønn. Difor såg eg ikkje med ein gong den sosiale og kulturelle verdien som var spegla i ei av Mercedes-brosjyrane. Der står at dei første langturane med bil blei gjennomførte av frua i huset, som ordna opp med både bil og tett bensinslange. Selskapet sine nettsider seier jamvel at der ikkje ville ha blitt noko bilfirma utan kona sin innsats. I overflata kunne eg berre ha sett på dette som reklame for pengesterke si snoping. Men akkurat denne vinklinga vekkjer kjenslene mine fordi den rører ved og minner om noko som er alvorleg gale i Saudi-Arabia. På kvar Mercedes står det eit jentenamn. Det er heilt normalt for oss. Det fell meg ikkje inn at det er noko anna enn alminneleg at kvinner er racerbilsjåfør, salsleiar hjå bilforhandlar, bussjåfør eller sjåførlærar. Menneskerettsrapportar frå amerikanske Department of State peikar på vald mot kvinner og manglande rettsvern for kvinner som eitt av dei store problema i Saudi-Arabia. Manal al-Sharif er ei av damene som har tatt ein køyretur i Saudi-Arabia, late seg filme, og viste det på internett. Med påfølgjande arrestasjon. Ikkje for dårleg eller utrygg køyring, men på grunn av kjønn. Konsekvensane for kvinnene som har delteke i køyre-sjølv-aksjonane har vore tap av jobb, sosial utestenging og til og med dødstrugsmål.
Kjønnsapartheid
Den amerikanske utanriksministeren Clinton hyller dei få kvinnene i Saudi-Arabia som våger seg ut i bil utan mannleg sjåfør. Ho seier at praksisen som hindrar kvinner i å få køyre er støytande og ikkje høyrer saman med det vi kallar moderne og rettvise samfunn. Men samstundes seier ho at dei kvinnelege aktivistane som køyrer handler heilt på eiga hand. Sjølv om der går føre seg eit visst diplomatisk press, korleis kan verda tilsynelatande akseptere denne forma for kjønnsapartheid?
Korleis kan verda akseptere denne forma for kjønnsapartheid?
Saudi-Arabia er ein sterk alliert for Vesten og USA i Midtausten, og samarbeid og velvilje frå styresmaktene der trengst for å fremje stabilitet i regionen. Er det så enkelt og samstundes så komplisert at allianse og oljeeksport overskuggar krav om grunnleggjande rettar og fridommar til innbyggjarane frå samarbeidsland? Kan, og bør, vi stille krav til andre land om fråvær av diskriminering? Rettsleg tilgang til bilkøyring er ei av dei fremste og mest viktige sakene som er enklast å få til, og som skaper nytte, glede og framsteg. Det er lett å sjå ironien i at eitt land baserer seg på inntekter frå å forsyne andre land med energi så deira menn og kvinner kan køyre, for så å nekte sine eigne kvinner frå å bruke nettopp det største symbolet på eit oljesamfunn.
Nyt bilen og køyringa!
I Noreg kranglar vi om avgifter, fartsgrenser, humpete vegar, bompengar og byluft når det gjeld bilkøyring. Men likevel har dei aller nordmenn fleste evne til, og råd til, å ta førarkortopplæring og i det minste låne ein bil til prøvetur hos bilseljar eller leige bil for ei stund. Der er mange føremoner knytt til privat bilkøyring, og mange hinder imot. Økonomi, tilgang på plass og naturressursar og kunnskap er nokre av dei. Kjønn skal ikkje vere eitt av desse. Når eg sit bak rattet, bom fast i kø, går nokre av tankane mine til dei som ikkje får gjere det same på grunn av kjønn. Menn, og i dette tilfellet spesielt kvinner: Nyt bilen og køyringa! Det er ei gåve og alt anna enn sjølvsagt, også i vår påstått moderne verd.