Eg må læra meg engelsk.
Strileengelsk er ikkje godt nok om eg skal bli med på flyttelasset til Media CityBergen, og bli opphengt i eit rosemåla horn på glasveggen i human resources department.
Dei som tek mål av seg til å bli integrert i eit internasjonalt orientert kompetansemiljø, kan ikkje snakka strilemål. Ikkje strileengelsk heller. Eg må læra meg same slags engelsk som osloarkitektane, dei som har konstruert Media CityBergen.
Bergen Mediegrend? Bergen Medietun? Bergen Medieby? Osloarkitektane ville stønna. Alle nasjonalisme- og ekstremisme-forskarar ville gjort Bergen til studieobjekt, svenskane ville boikotta heile Vestlandet.
Dei andre utlendingane ville ledd svidde smalahovud på seg. Ingen ville hatt noko med bergenske mediefolk å gjera. Ikkje ein gong Trude Drevland ville teke på seg ordførarkjedet til opninga av Bergen Mediegrend, ikkje om det vart servert aldri så mykje champagne.
Det er ikkje riksmålsfolk og vestlandsfanden som styrer mediebutikken
Media City Bergen viser at Bergen er ein internasjonal, kosmopolitisk storby. Det er då heller ikkje for ingen ting blokkene i Lars Hillesgate i si tid vart kalla Bergens mini-Manhattan og Nygårdsgaten har hatt byens største samling av bruktbutikkar og kebabsjapper.
Mange av byens mediefolk har budd i utlandet, og har følgt Brann både innanlands og utanlands. Når så godt som alle desse folka er samla i sitt eige tårn, er det naturleg at engelsk blir fellesspråket.
Bergensarar og andre vestlendingar må slutta å le av Media City Bergen, og av at folk som lever av å bruka norsk – med statsstøtte for å bruka norsk – absolutt skal vera nesten-engelske i hovudet. Bergensarar og andre vestlendingar må forstå at internasjonalt orienterte medier ikkje er Felleskjøpet og Sanitetsforeininga.
Det er ikkje riksmålsfolk og vestlandsfanden som styrer mediebutikken; aksjonærane er ofte rett og slett utlendingar og oslofolk. Svært få av dei snakkar bergensk eller strileengelsk.
Internasjonale mediekonsern driv forretningar i mange land, det må bergensarar og andre vestlendingar tenkja på. Dei må tenkja på at i Polen og i Spania finst det svært få som verkeleg forstår sognamål: Det er ikkje sant at sognamål kan brukast heile vegen til Konstantinopel, alt på Austlandet må du slå over til sognaengelsk.
Engelsk er det einaste som duger for dei som vil opp og fram. Det har vi ikkje heilt forstått på våre kantar av geografien. Visst er det plakatar på engelsk over alt, og mange engelsktalande innvandrarar bryr seg ikkje om å læra seg norsk. Norsk er for veggpryden.
Media City Bergen er den nye tid. Nesten som i Oslo. Nesten som i London. Slutt å le av oss!