Vår nye sjelefred

CT-scanneren er blitt den nye skriftestolen der ein kan bli reinsa for sine synder og angsten for kreft. Apoteket er den nye nattverda der ein i staden for Jesu blod serverar blodfortynnande.

MEDISINAR: Usikkerheita og jakta på lukka gjer at nordmannen søkjer sjelefred andre stader enn han har hatt for vane dei føregåande tusen åra, og helsevesenet er ein mykje brukt tilfluktsstad, skriv Ingebjørn Bleie. FOTO: COLOURBOX

 

Velferdsstaten er i ferd med å drukna i sjukdommar den sjølv er med på å skapa, skriv Eivind Meland, fastlege og professor ved UiB, i BT 6. februar. Det verdslege og gudlause samfunnet har stivna til og blitt farleg dogmatisk i sin fiendskap mot mennesket sitt naturlege behov for det andelege. Eit av symptoma på dette er manglande respekt for religiøse ytringar i det offentlege rom.
Meland skriv mykje klokt om at me som samfunn behandlar oss sjuke, og at moderne medisin tidvis vert brukt som eit placebo for å lindra det som eigentleg er psykososiale eller, om ein vil, andelege problem. Helsevesenet jaktar på sjukdom med ljos, lykter og radioaktive superscannerar. Ofte vert ein behandla som sjuk inntil det motsette er bevist. Det er eit problem, og det har Meland langt på veg rett i.
I ei verd der livets rynker er glatta over av Facebook-perfeksjonen, gud er død og Frp stemmer for bompengar, er ingenting sikkert og ingenting godt nok. Usikkerheita og jakta på lukka gjer at nordmannen søkjer sjelefred andre stader enn han har hatt for vane dei føregåande tusen åra, og helsevesenet er ein mykje brukt tilfluktsstad. CT-scanneren er blitt den nye skriftestolen der ein kan bli reinsa for sine synder og angsten for kreft. Apoteket er den nye nattverda der ein i staden for Jesu blod serverar blodfortynnande.
Alle som har jobba i helsevesenet veit at me ofte gjer altfor mykje i eit fåfengt forsøk på å stagga det uunngåelege. Sjølv garva overlegar kan la seg riva med av håpet i stemma til ein dødssjuk pasient, og lova ei siste utgreiing, nokre ekstra blodprøvar, eller ei tilvising til vurdering for ein operasjon han inst inne veit at ingen kirurgar vil gjennomføra.

Meland går imidlertid altfor langt. Uførepensjon og sjukepengar blir «prosesser som handler om utstøting og fremmedgjøring». Trygdeytingar er «en fattig trøst for urettferdighet og opplevelse av håpløshet». Han framstiller det som om velferdsstaten er eit sekulært komplott for å hindra folk i å forsona seg med si eiga skjebne. Mange alvorleg sjuke vil nok heller sei at offentleg velferd tvert om gjer det mogeleg å fokusera på det andelege, det menneskelege og det nære, i staden for å måtta bekymra seg for husleiga eller barnehageavgifta.

Skuldingane om at det moderne Norge er ei «fundamentalistisk velferdsstatkirke» med dei NAV-tilsette som aggressivt rekrutterande misjonærar, står fram som underlege dersom ein følgjer den jamne politiske debatt. Det finst knapt noko det offentlege Norge har akka og uffa seg meir over dei siste åra enn veksten i mengd uføre og små prosentars oppgang i sjukefråveret.
Framstillinga av helsevesenet som eit diagnosemonster som et eksistensielle plager til lunsj er heller ikkje heilt rett. Det er eit skarpt og aukande fokus på overdiagnostisering innan helsevesenet. Det store amerikanske legetidsskriftet «Archives of Internal Medicine» gjekk i fjor ut på leiarplass og kalla overdiagnostisering «ein moderne epidemi».
Mi erfaring er også at jo eldre legar er, dess mindre triggerhappy er dei etter å utgreia og behandla pasientar. Dei har levd lengre, sett fleire pasientforløp, og sett kor viktig det er for det enkelte individ å læra seg til å leva med sjukdom, leva med tanken på alt ikkje alltid er bra.
Når det gjeld dei lettare psykiske lidingane, er det heller ikkje gitt at det er eit problem at me «omdanner emosjonelle og relasjonelle krenkelser til diagnoser og etterspørsel etter terapeuter», slik Meland skriv.
Kan det ikkje tenkast at dagens psykologar, om enn i ufrivillig samrøre med velmeinande handspåleggjarar og skrønemakarar innen homøopati og kvantemedisin, gjer ein vel så god jobb som gårsdagens prestar, sjamanar og kloke koner? Folk har alltid hatt plager og ubehag i livet sitt, og vil alltid ha det. Er det ikkje like greitt at dei søkjer hjelp hjå eit profesjonelt utdanna medmenneske som har verktøy bygd på forsking og erfaring, som at dei søkjer trøst hjå gud?

Livets rynker er glatta over av Facebook-perfeksjonen

Det er uansett ikkje grunn til å frykta at Norge skal verta eit andeleg audeland. Det er lite som tyder på at den sekulære rasjonaliteten held nordmenn i eit jarngrep.
Meland fortener sannkjenning for sitt insisterande fokus på toleranse og samarbeid på tvers av religionar og sekularitet. Han gjer imidlertid ei intellektuell kortslutning når han ynskjer å fremja «det allmennreligiøse eller økumenisk alternativ».

«Økumenisk» er eit omgrep dei fleste større oppslagsverk reknar som eksklusivt kristent. Det handlar om samordning og tilnærming mellom dei ulike kristne sektene for å få ei meir einheitleg kyrkje. Det har ingen ting med «allmennreligiøst» å gjera.

Det er nettopp her problemet med religiøse privilegier ligg: Det finst ikkje noko allmennreligiøst. Det er ikkje eingong alle religiøse som trur på ein gud. Det finst eit utal reglar, påbod, anmodningar, forslag og diktat i dei religiøse skriftene frå ulike delar av verda. Svært mange av desse er gjensidig ekskluderande.

Det er ikkje eingong alle religiøse som trur på ein gud.

Meland overser dermed det grunnleggjande problemet i debatten rundt religiøse privilegier, t.d. legar som reserverer seg mot å henvisa til abort: Mi tru er ikkje viktigare enn andre si. Mine prinsipp og overbevisingar har ikkje meir vekt i debatten enn andre sine. Dette likskapsprinsippet gjev ein umogeleg situasjon når partane fører argumenta sine tilbake til ein ufeilbarleg, ikkje etterprøvbar guddom som ikkje tek imot ankesaker.
Kva majoriteten kan påtvinga minoritetar er eit av dei vanskelegaste spørsmål i eit demokrati. Men skal ein få samfunnet til å fungera sit ein til slutt att med lover, reglar og normer som ikkje er basert på religiøse diktat, men rett og slett på kva me har blitt einige om som menneske. Norge er blitt ugjenkalleleg fleirkulturelt, og potensialet for gnissingar og konfliktar er større enn før. Den nøytrale, sekulære offentlegheita er vår viktigaste felles møteplass. Den må bevarast.

Kommentarer