Nynorskstudentane skriv betre

Nynorskstudentane skriv gjennomgåande meir poengtert enn bokmålstudentane.

Foto: Odd E. Nerbø


Eg har i mange år
gitt råd til jusstudentane på Universitetet i Bergen om at studentar som hadde nynorsk som hovudmål på vidaregåande, bør halde fram med å skrive nynorsk når dei skriv jus. Eg har også gitt råd om at studentar som har bokmål som hovudmål, og som meistrar nynorsk, kan ha nytte av å bruke si erfaring med å skrive nynorsk når dei skriv jus.
Desse råda byggjer på nesten tretti år som lærar ved Det juridiske fakultet i Bergen og som sensor ved dei juridiske fakulteta i Bergen, Oslo og Tromsø. Mitt inntrykk er at studentar som skriv nynorsk i gjennomsnitt skriv betre enn studentar som skriv bokmål.

Fordi språket er juristane sitt viktigaste verktøy, er kvaliteten på den skriftlege framstillinga og kvaliteten på den faglege prestasjonen uløyseleg knytt saman.

Kva er det som i grove trekk skil jusstudentar som skriv bokmål frå jusstudentar som skriv nynorsk? Eg kan ikkje vise til vitskaplege undersøkingar og statistikk, men byggjer på inntrykk eg har fått som lærar og sensor.

Nynorskstudentane skriv gjennomgåande meir poengtert og meir kortfatta enn bokmålstudentane. Dette gjeld nok i stor grad også for praktiserande juristar som dommarar og advokatar. Mange juristar lir av «ordsjuke». Vi skriv ofte lengre enn innhaldet i bodskapen gjer nødvendig.

Unødvendige gjentakingar er eit utslag av denne ordsjuka. Eit anna kjenneteikn er bruk av ord som tilfører lite eller ingenting, men som blæs opp teksten og gjer han tyngre og meir utilgjengeleg.

Vi som skriv bokmål har mykje å lære av nynorsk

Ein del juridiske framstillingar på bokmål har vore prega av ei passiv og upersonleg form (t.d. «Det antas at »). Nynorsk inneber meir bruk av ei aktiv og personleg form. Dette fører til at framstillingane ofte blir meir rett på sak.
Dessutan får nynorsktekstar ikkje det preget av kansellistil som kan skjemme somme bokmålstekstar innanfor jus. Nynorskjuristar vert ofte tvinga til å tenkje meir på korleis framstillinga skal formulerast.

Tilfanget av lover, dommar og lærebøker på nynorsk er lite. Presset mot å skrive bokmål blir desto større. Studentar og praktiserande juristar som står imot dette presset kan få eit meir gjennomtenkt forhold til måten dei skriv på enn mange bokmåljuristar.

Nynorskjuristar vert ofte tvinga til å tenkje meir på korleis framstillinga skal formulerast.

Ein bokmåljurist som i ei skriftleg framstilling ser at teksten blir ordrik og tung, kan ha nytte av å spørje seg sjølv: Korleis kunne teksten vore utforma på nynorsk? Kunnskap om skriftleg nynorsk kan bidra til betre tekstar på bokmål. Det er ein av mange grunnar til at skriftleg sidemål bør haldast oppe i skulen.

Sjølv skriv eg bokmål. Vi som skriv bokmål har mykje å lære av nynorsk, særleg med sikte på å skrive eit enklare og lettare tilgjengeleg språk.
Teksten er ei omarbeiding av ein artikkel i festskriftet «Mål og Rett» til Juristmållaget i 2010.

Tags: , ,

Kommentarer