Til skyttergrava, igjen

8. mars har alltid vore feira av kvinner på venstresida. Her fra Bergen i 1975.

Damene bak 8.mars-intiativet er autoritære kommunistar, og Unge Venstre er flåsete liberalistar som ikkje bryr seg om kvinnesaka, skal ein tru debatten. Velkomen til skyttergrava.

Unge Venstre dukka tysdag opp på det siste allmøtet hos 8. mars-intiativet i Bergen, som skulle bestemme parolane for markeringa av kvinnedagen. Ungdomspartiet fremma parolen ”Nei til menneskehandel – fjern sexkjøpslova”. Harde ord vart serverte, og vips er ein så langt nede i skyttergravene at vi helst ikkje kjem opp  att før heile kvinnedagen er forbi.

8. mars har alltid vore feira av kvinner på venstresida. Dagen vart lansert av det amerikanske sosialistpartiet i 1908, og vart markert i Noreg for første gang i 1915 av Kvinneforbundet i Arbeiderpartiet. Etter noen års pause tok Kvinnefronten intiativ til å markere dagen att i 1972. Feiringa har hatt varierande oppslutning etter 70-talet, og har aldri vore så brei at også borgarlege feministar har delteke. Det er likevel eit problem dersom grupper som ynskjer å delta, ikkje får delta i kvinnedagsfeiringa. Det gjeld særleg i år når vi feirar stemmerettsjubileumet, ei markering som engasjerar mange.  Som Mathias Fischer frå Unge Venstre også påpeikar har ein ofte ei sams situasjonsforståing på tvers av politiske skillelinjer, sjølv om løysingane er ulike. At situasjonsforståinga er lik på tvers av politiske skiljelinjer bør kvinnedagsaktivistane sjå på som ein seier. Ei breiare forankring ville bety auka merksemd om feiringa og eit større fokus på viktige kvinnepolitiske saker, og dei ulike fløyane sine løysingsforslag.

 

For ei politisk markering er nettopp det, politisk

 

På den andre sida er det eit problem dersom markeringa blir relativisert og mistar sin politiske brodd. For ei politisk markering er nettopp det, politisk. For å behalde brodden er det også viktig med demokratiske røystingar over parolane som 8.mars-intiativet skal samle seg bak. At Unge Venstre si parole vart nedstemt i forsamlinga bør ikkje kome som ei overrasking. Dei fleste bak 8.mars-intiativet vil nok ønske den auka oppslutnaden velkomen, så lenge alle erkjenner at parolane er demokratisk valde.

Nils August Andresen frå Minerva, skuldar venstresida for at ”borgerlige” ikkje kjenner seg velkomne i organisasjonslivet. Det er eit lettvint argument frå ein som elles held sjølvstendig ansvar høgt. Borgarlege feministar, og andre som er opptekne av kvinnesak må sjølve hale seg ut av sofaen og ut i gatene, dersom dei ynskjer det. Hadde alle borgarlege feministar i Bergen engasjert seg i markeringa hadde dei kanskje fått parolane sine om Ja til EU og Nei til sexkjøpslova. At ein uteblir år etter år, må ein ta ansvar for sjølv. At ein ikkje får fleirtal i demokratiske avstemmingar må ein også finne seg i.

Eit breidt intiativ krev dialog, og for å kunne ha god dialog må ein ha truverd hos kvarandre. Unge Venstre opptrer med paroleforslag dei veit provoserar, og har gjort det før. Dei møter opp på det siste møtet og vert misnøgde når parolane vert nedstemte. Slik skaper ein ikkje god dialog. God dialog skaper ein ved samarbeid over tid.

8.-mars intiativet, som skal ha ros for å arrangere kvinnedagsmarkeringa, må på si side bli rausare ovanfor meiningsmotstandarar frå motsatt politisk fløy. Unge Venstre fekk aldri invitasjon til å delta i intativet, det skulle dei ha fått. Det er også kritikkverdig å opptre med ufin språkbruk under møtet, og å ekskludere organisasjonar som Europeisk Ungdom, slik Bergens Tidende skriv om.

 

Løysinga er at fleire engasjerar seg

 

 At representanten som uttalar seg til BT på vegne av 8.mars-intiativet har ein blogg der ho i beste fall relativiserar lidingane til folket i DDR, er det mest kritikkverdige i saka. Bård Larsen frå tankesmia Civita kasta seg over tastaturet med ein gong bloggen vart kjend, og no bør dei ansvarlege for intiativet kome på bana. Breie frontar er viktig, men eg spør meg kvifor intiativtakarane vel seg talspersonar frå organisasjonen SOS Rasisme, som har band til den revolusjonære organisasjonen Tjen Folket.

Løysinga på misnøya er at fleire som bryr seg om kvinnesak og feminisme engasjerar seg og markerar kvinnedagen, anten det er i tog eller andre stader. Berre slik kan markeringa bli breiare. Og berre slik unngår ein skyttergrava.

 

Det har framkome at Venstre var invitert til å delta i 8. mars-intiativet. Det skulle ha framkome av teksten. Forfattaren beklagar dette.

Tags:

Kommentarer