Nynorsk er meir enn et språk.
«Nynorsk er meir enn eit språk det er ein kultur, ein identitet og ei historie!» sa Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter på ein Danningskonferanse på Firda 20.11.12. Og alle som ikkje skjønar dette manglar kanskje ei basisdanning, ein toleranse og eit vidsyn som ikkje er Noreg som nasjon verdig. Og her er vi ved kjernen i saka: revisjon av læreplanen i norskfaget i Kunnskapsløftet. Det er mykje som kan seiast om mykje av denne planen, men poenget mitt her, er posisjonen til sidemålet generelt og nynorsk spesielt. Forslaget om å svekkje posisjonen til sidemålet i dei reviderte læreplanane i norsk i vidaregåande skule er eit feilspor.
«Vi skal ha meir openheit, og meir demokrati» sa statsministeren etter åtaka 22. juli i fjor. I ettertid har det vist seg at dei frittståande direktorata ikkje nødvendigvis er så demokratiske, og i alle fall ikkje særleg opne, og Utdanningsdirektoratet er eitt av dei. Eg reknar meg sjølv som ein nokolunde oppegåande person, har ein høgare universitetsgrad, og er tilsett som lektor i vidaregåande skule. Men eg har problem med å skjøne Utdanningsdirektoratet, og å orientere seg på nettsidene deira er ikkje akkurat enkelt.
Det er eit maktovergrep å fjerne eksamen i sidemål, det som ikkje er eksamensrelevant smuldrar alltid bort, noko all erfaring viser. I landet vårt har vi hatt ein tradisjon for toleranse og vidsyn, i alle fall i offentleg samanheng. Det undrar meg at det alltid er så greitt å trakke på kulturen, identiteten og sjølvkjensla til ein minoritet som utgjer 10–12 prosent av innbyggjarane i landet når det gjeld spørsmålet om nynorsk i skulen, når det på andre samfunnsarenaer er sjølvsagt å verne om minoritetar andre stader. Ein heilskapleg språkkompetanse i norsk har du berre når du er fortruleg både med nynorsk og bokmål.
Som norsklektor i vidaregåande skule ser eg det tydeleg: elevar med nynorsk som hovudmål skriv begge målformene like godt (om dei ikkje generelt har store språkvanskar). Bokmål og nynorsk er like ulike som skilnadene mellom bokmål, dansk og svensk. Konservativt bokmål og dansk er mykje meir likt enn bokmål og nynorsk. Men bokmål og nynorsk er begge norske språk, og difor skal alle norske elevar lære begge. Nynorskelevar kan bokmål fordi det er ei dagleg flodbølgje av dette språket over dei. Det vert vanskeleg å få til ei tilsvarande flodbølgje med nynorsk over bokmålselevane, men ein grundig vask i form av obligatoriske lærebøker på nynorsk, tavleundervisning på nynorsk og så vidare vil vere til stor hjelp.
Djupast sett er dette uansett eit haldningsspørsmål. Professor Mila Vulchanova og Språktilegnelses- og språkprosesseringslaboratoriet ved NTNU står bak ei undersøking som er publisert på Språkrådet sine heimesider (13.11.12). Der kjem det fram at å skrive både nynorsk og bokmål hevar språkkompetansen. Men det å lese mykje nynorsk gav ikkje same effekt som det å skrive nynorsk ofte. Den nye undersøkinga frå NTNU viser at personar som skriv både nynorsk og bokmål også får desse gevinstane. Dette understrekar kor viktig det er at skulen inspirerer elevane til å skrive på begge målformene våre. Heldigvis er det nokon som reagerer rett.
Partiet SV går for nynorsk og vil framleis ha to norskkarakterar. Nyleg har landsstyremøtet i SV gjort eit solid nynorskvedtak i saka om korleis sidemålsordninga skal sjå ut, seier leiar i Sogn og Fjordane SV Hege Lothe i ei pressemelding. «På spørsmålet kvifor sidemål er det eit raskt og kontant svar: Fordi vi lever i dette landet, slik det er, historisk og geografisk, med spenningar og mangfald! Politisk er vi homogene; sosiokulturelt og språkleg var vi alltid heterogene, og er det også i dag Dessutan, Oslo ligg langt frå Europa, men også langt frå det meste av fedrelandet. Så send elevane på klassetur til Lofoten og Trondheim, til Finnskogen og vestlandsfjordane!
Og gløym ikkje kor olja og gassen og vasskrafta kjem ifrå, eller kor fisken kjem ifrå, eller kor dei fleste turistskipa går. Det er ikkje i Oslofjorden. Det er langs kysten, frå sør til nord. Og her fanst det og finst det eit norskspråkleg mangfald i skrift og tale. For å forstå kor vi er i verda, må vi halde oss til dette, også til dette», seier Gunnar Skirbekk, professor i vitskapsfilosofi ved UiB.
Så dette er ei oppmoding til alle som ser seg sjølv som danna, utdanna, historiekunnige og tolerante menneske, og alle som har vedtaksmynde her i landet, om å vere med på å halde oppe nynorsken som ein viktig og eigen del av norsk språk, ved å fastslå at sidemålet høyrer heime i læreplanen i norsk, og skal vere eit eige eksamensfag. Berre på den måten viser vi respekt for dei mange som har nynorsk som sin kultur og identitet.