– Vi har ikke hatt noe religiøst forhold til det å eie selv, seier barnehagebyråd Ragnhild Stolt-Nielsen (H). Det synest som ho har eit meir religiøst tilhøve til profittbasert barnehagedrift. Byrådet la ikkje to pinnar i kross for å berga restane etter Vappus-barnehagene, eit bergensk pionerføretak starta på grunnlag av loddsal og gratisarbeid.
Dermed enda husmorstiftinga i lommene til byens største barnehageentreprenør, Tore Andersen. Det kuppet har han gjort til ei gullgruve.
Då Stiftelsen Vappus fekk store økonomiske problem i 2010, vart Bergen kommune tilbydd gratis overtaking av 23 barnehagar med 1250 plassar. Verdien av gåva er uviss. Byrådet undersøkte aldri kor store verdiar kommunen kunne blitt tilført, og rekneskapen er stengt for offentleg innsyn. Men det er kjent at eigedomsverdien var rekna til å vera 150 millionar kroner, og det er grunn til å tru at lånegjelda utgjorde mindre enn halvparten av denne summen.
Til frådrag kom også framtidige pensjonsutbetalingar, og det var den gjelda som fekk byrådet til å snu tommelen ned, ifølgje Filip Rygg (KrF), som var barnehagebyråd i 2010. Den nye eigaren har utløyst pensjonsforpliktingane med eit låneopptak på 50 millionar kroner.
At avgjerda vart fatta på så tunt grunnlag, tyder på at det meir var idelogi, vegring mot kommunal drift, enn nøkterne, økonomiske kalkyler som var utslagsgjevande for byrådet.
– Vi treng nokre lokomotiv som kan gå føre på kvalitet og utvikling, seier Filip Rygg. Byens største barnehagelokomotiv er no Kidsa barnehager med omlag 2000 plassar, resultatet av ei samanslåing av Vappus og Tore Andersens barnehageselskap, Regnbuen.
Tore Andersen eig 97 prosent av Kidsa, husmorstiftinga eig 3 prosent. Vappus er så godt som utradert, den opphavelege kontrakten mellom Regnbuen og Vappus er ikkje lenger verdt papiret det vart underskrive på.
Slaktet av Vappus er eit døme på korleis kommunalt og ideelt eigde barnehagar ikkje kan konkurrera på like vilkår med private investorar i denne bransjen.
Underskota i drifta av Vappus er i ferd med å bli snudd til overskot, med utsikter til at heile pensjonslånet på 50 millionar kroner kan innfriast innan åtte år. Deretter ligg det høge fortenestemarginar i korta, langt over det som er vanleg i andre bransjar.
Barnehagedrift er bortimot totalfinansiert over offentlege budsjett. Av ein gjennomsnittspris på omlag 180.000 kroner året, betaler foreldra i gjennomsnitt under ti prosent. Den private barnehagebransjen er i utgangspunktet strengt regulert, men det finst fleire utvegar til å auka fortenestemarginen for eigarane.
Ein mykje brukt metode har hittil vore å flytta barn frå småbarnsavdelingar, som har dei høgste driftsutgiftene, til avdelingar for større barn, men framleis innkassera dei høgst tilskota, som går til småbarnsavdelingane.
Slikt tillete juks blir det strama inn på i år. Ein annan metode har vore å jekka opp husleigene, innanfor aksepterte grenser.
Aller mest å henta er det i pensjonsutgiftene. Offentlege og ideelle eigarar tilbyr dyr tenestepensjon, private eigarar kan tillata seg billegare innskotspensjonar.
Den private barnehagebransjen er dessutan basert på stordriftsfordelar, og dei offentlege tilskotsordningane favoriserer store einingar. Vappusbarnehagane hadde i gjennomsnitt plass til vel 50 barn, Regnbuen barnehagar hadde i snitt plass til 150 barn. Kidsa Barnehager disponerer no Bergens største barnehage, med 270 plassar. Landets aller største ligg i Oslo, med over 400 plassar.
Det ligg høge fortenestemarginar i korta, langt over det som er vanleg i andre bransjar.
Den som kjenner aller best til den økonomiske verdien av Tore Andersens kupp, er Trine Samuelsberg, dagleg leiar og einaste offentlege talsperson for Kidsa Barnehager, ettersom Tore Andersen nektar å uttala seg til pressa.
Ho var dagleg leiar for Stiftelsen Vappus før ho fekk tilsvarande jobb i Regnbuen, for så å vera tilsett i Bergen kommune. Ho vart styreleiar i Vappus kort ettar at samarbeidsavtalen med Regnbuen vart inngått, og overtok som dagleg leiar av alle barnehagane i organisasjonen i 2012.
Kunne Trine Samuelsberg ha redda den økonomiske situasjonen i Vappus-barnehagane utan å gå vegen om Regnbuen, eller dersom Bergen kommune hadde overteke drifta? Det er eit spørsmål byrådet burde stilla seg. Stiftelsestilsynet meinte Vappusstiftelsen kunne driva barnehagane sjølv, og er ikkje overraska over at Regnbuen sit att som vinnar.
Om byrådet har lagt sin elsk på lokomotiv, kunne det ofra ein tanke på innsatsen til gamle bergensdamer også. Byrådet kunne endå til vurdert om skattebetalarene kanskje kunne vera betre tente med å få eigedomsverdiar på 150 millionar kroner i gåve enn at byrådet risikerte å bidra til å yta sosialhjelp til nok ein eigedomsbaron.
Bergen sit no att med Kidsa, eit konsernnamn som skal gjera byens smårollingar til merkemedvitne forbrukarar. Trine Samuelsberg nektar tilsette og styremedlemer å uttala seg offentleg, no er det ho og eigedomsinvestor Tore Andersen som skal styra den offentleg finansierte oppfostringa av tusentals småbarn,»gå føre på kvalitet og utvikling» – og popengelsk pedagogikk.
Så lenge det er barnehagemangel, må foreldra vera glade til. Om konkurransen om barna blir større, skal kidsa vera like innarbeidd som coca cola. Di større lokomotiv byrådet velsignar, di meir einsretta kjem den bergenske barneoppdraginga til å bli.