Men diverre, fru Merkel, du er ikkje spesielt hipp. Ikkje Tyskland heller, for å vera ærleg.
Tysk har framleis ein viss status her til lands, det skal du vita. Men berre tyske etternamn. Ein tysk skomakar blir ein norsk Schuhmacher, og det er noko heilt anna. Ein tysk treskomakar blir ein norsk Treschow, og det er rett og slett adeleg. Du forstår?
I Bergen er det ekstra mange som har tyske etternamn, til og med med mange von attåt. Og det er ikkje von Strømpebuchse eller von Blautmyr, kan eg forsikra deg. Eg berre nemner det.
Du er jo bestekompis med Jens, – han trudde han nedstamma frå tysk adel til han nyleg fekk vita at stamfaren var ein ekstra snobbete oppkomling frå Tønsberg (Tønsberg!), ein heilt alminneleg herr Henriksen.
Ein slags Kristoffersen, nett som meg og hundretusentals andre, særleg talrike blant dei som røystar Framstegspartiet. (No skjønar du kanskje kvifor Jens var så deppa då de to møttest tidlegare denne veka).
Tyskland er viktigare enn Bali, reagensrøyr er viktigare enn surfebrett
Men ikkje ein gong om studentane heiter von und zu Turm und Taxi vil du greia å lokka dei til Tyskland, fru Merkel. Det hjelper ikkje at du er Europas mest omsverma person, at Tyskland er Europas lokomotiv.
Norske studentar kan ikkje surfa i lunka sjø i Tyskland. Det kan dei på Bali. Og i Australia. Med greie stipend og rimelege lån frå den norske staten.
Der kan dei utdanna seg til personlege trenarar. Det er heite saker her til lands, fru Merkel. Heitare enn tyske reagensrøyr og tyske filosofar, som aldri kjem til punktum når dei skriv.
Norske studentar likar best korte setningar. Helst svært korte.
I retteleg gamle dagar, før nokon hadde høyrt om eldrebølgja, kom ingen som ville vera noko utanom tysk. Tysk var vitskapens språk, Tyskland var landet til diktarar og tenkjarar, som sagt var. No lever vi i populærkulturens tid, og den er ikkje tysk, om Berlin er aldri så hipt.
Men du gjer oss ei teneste når du frir til norske studentar, fru Merkel. Eg heiar på deg. Tyskland er viktigare enn Bali, reagensrøyr er viktigare enn surfebrett. No skal eg læra meg tysk, eg óg. Du er meir enn hipp nok for meg, fru Merkel.