All kultur er lokal

LOKAL KULTUR: Kreftene som verkar i hovudstaden, stadfester at all business er lokal. Når embetsverket i hovudstaden snakkar om «min opera», er det heilt korrekt. Nationaltheatret er deira teater – på same måten som DNS no er «mitt» teater. ARKIVFOTO: Erlend Aas/Scanpix

Dersom Oslo skal lukkast som kulturell spydspiss internasjonalt, treng byen reell konkurranse frå resten av Noreg.

Det finst ikkje regionale kraftsentrum i Kultur-Noreg. Det hevda Turid Birkeland, tidlegare ­kulturminister, no direktør for Rikskonsertane på Civita- frukost før jul. Ønskjer ein ikkje kraft­sentrum, får ein det heller ikkje. Mykje tyder på at den noverande regjeringa ikkje ser det naudsynt med andre reelle kraftsentrum enn hovudstaden.

Neste veke kjem evalueringa av Kulturløftet. Ti år med satsing på kultur er granska av eit utval med tidlegare kulturminister Anne Enger som leiar. Før eg har sett eit komma av evalueringa, spår eg at ein av konklusjonane vil bli at distrikta – altså landet – har vunne. Kva som har skjedd med byane utanfor Oslo i den same perioden vil høgst sannsynleg ikkje komme på agendaen. Bypolitikk er fråverande i kulturpolitikken.

I tiltakande grad er det dyrka fram ein hegemonisk hovudstadskultur. Denne er styrkt av eit sentraliseringskåt Arbeider­parti, godt hjelpt av eit like sentralistisk (eller som eg vil argumentere for – lokalt) embetsverk og byråkrati på den eine sida – og av distrikts­politiske omsyn på den andre. Desse motpolane, denne uheilage alliansen, held norsk kulturpolitikk i sjakk. Slik blir hovudstaden sterk, og slik hindrar ein reelt konkurrerande miljø å vokse fram.

 

I tiltakande grad er det dyrka fram ein hegemonisk hovudstadskultur

 

Eit avsnitt i boka «Rødgrønn» (2012) frå tidlegare kulturminister Åslaug Haga (Sp) set på spissen kva dette handlar om:

«Etter et halvt år innom Statsministerens kontor, kom jeg som statsråd til Kultur­departementet. Og stikk i strid med hva man skulle tro, var dette det strieste embetsverket jeg har vært borti. Her hadde man eierskap til «sine» institusjoner som jeg aldri hadde opplevd makan til. Der skulle du ikke komme og kødde med «Operaen min» eller «Nationaltheatret mitt». Og noe av det tyngste jeg har gjort i mitt liv, var å prøve å få et meget voksent og mannsdominert embedsverk til å forstå at jeg ville ha mer vekt på det frivillige kulturlivet. Måtte himmelen forby!»

På den eine sida Åslaug Hagas kjærleik for det friviljuge kulturlivet og kulturen som distriktspolitisk verkemiddel. På den andre sida eit embetsverk som – med eit lite intermesso under Trond Giske – held hardt i tøylane, og dermed i utviklinga av dei lange linene i norsk kulturpolitikk. Som kulturbyråd i Bergen, Gunnar Bakke, og Sissel Knutsen Hegdal frå Stavanger kommune synte denne veka i kronikken «Osloløftet» (BT 26.februar): Statens engasjement i dei norske byane har vore særs ulikt gjennom kulturløftets år. Bergen, Stavanger og Tromsø kjem dårlegast ut.

 

Den kulturpolitiske interessa er generelt laber i alle parti

 

I løpet av dei to siste regjerings­periodane er det berre ein nasjonal institusjon som har blitt opna utanfor Oslo: Trond Giskes hjartebarn Rockheim opplevingssenter for pop og rock, i Giskes by Trondheim. At han fekk tvinga Rockheim gjennom, er det tydelegaste teiknet på at han var ein sterk kultur­minister som stod opp, både mot sitt eige embetsverk, oslomedia og sitt eige parti. Kulturpolitikkens inste vesen, eller sagt annleis: norsk kulturpolitikks reptilhjerne – sentraliseringsiver i kombinasjon med tru på fordeling av «distrikts­politiske omsyn» – reagerer instinktivt med å kalle motbør som dette for sutring og skulde ein for oslohat.

I staden burde ein, i korridorane i departementet, byrje å høyre etter klangbotnen i irritasjonen som er i ferd med å formulere seg langs norskekysten.

Eitt er irritasjonen over det som står fram som mindreverdskompleks i Oslo: Har dei andre storbyane opera, må vi også ha stor opera. Har dei andre europeiske byane slottsmuseum, må Oslo også ha. Resten av landet må lide under at Oslo ikkje er København (og aldri vil bli det). Uansett kor mange milliardbygg som blir reist, vil ikkje Oslo bli noko anna enn Stockholms nyrike fetter frå villaene i for­staden – som legg alt i å kopiere sin eldre slektning.

Den andre, og langt viktigare utfordringa, er at Oslo skil seg stadig meir frå resten av landet i yrkessamansetjing, erfaringar og landskap.

Samstundes har opphopning av pengar, makt, sentre og institusjonar gjort hovudstaden om til ein magnet det er vanskeleg å komme utanom dersom ein skal klatre til topps i kultur­pyramiden. Skal ein bryte dette fasttømra mønsteret, treng ein sterke politikarar på Stortinget med vilje og visjon til å sjå på kultur som anna enn distriktspolitisk verkemiddel og hovudstadsbyggjing. Det finst ikkje. Den kulturpolitiske interessa er generelt laber i alle parti.

På sikt er det ein utarmande strategi. Noreg er eit lite land i periferien, men vi er rike nok til å vere særeigne. Skal vi ha gjennom­slag i Europa, treng vi å mobilisere så store delar av kompetanse- og talent­grunnlaget i landet som mogleg. Talentutvikling fordrar sterke byar utanfor hovudstaden, for det mest særeigne vesle Noreg har er ingen opera eller nasjonalmuseum i verdsklasse, men utkikkspunktet: landskapet, den unike geografien, den kulturelle dimensjonen.

Dersom Oslo skal lukkast som spydspiss i verda, er det berre mogleg om hovudstaden presenterer – og representerer – det særeigne utanforblikket. Difor er det i første rekkje Oslo, ikkje resten av landet, som har mest å tape på å vende seg for mykje mot seg sjølv. Så taper nasjonen.

 

Dette er ein forkorta versjon av ein artikkel på minervanett.no, med ein versjon i papirutgåva av Minerva, ute i dag.

I kveld er det debatt på Litteratur­huset i Bergen: «Eit bergensk kulturoppgjer».

Tags: ,

Kommentarer