Uakseptabel nedlegging

Arbeids- og næringslivet i Sogn og Fjordane er opprørd over den omorganiseringa av 110- sentralane som Direktoratet for Samfunnstryggleik og Beredskap (DSB) no foreslår.

Alarmsentralen er i dag ein interkommunal sentral (IKS) i Sogn og Fjordane.


Kommunane i fylket
, fylkeskommunen og stortingsbenken vår er like opprørd over framlegget. Alle finn vi det urovekkjande at ei så viktig sak nærast blir handsama som ei hastesak, og der fleire partar ikkje ein gong får skikkeleg høve til å uttale seg.

I pressemeldinga frå DSB, datert 03.01.13, blir det vist til 22. julirapporten med overskrifta: «DSB styrker 110-sentralene». Etter vår oppfatning er det det motsette som no er i ferd med å skje. I pressemeldinga blir det dessutan vist til små einmannsbemanna naud- og alarmsentralar, med så få oppdrag at det går på kostnad av kvaliteten. DSB seier i pressemeldinga at dette er grunnen til at dei vil etablere «færre, større og mer faglig robuste sentraler.»

Vi minner om at det var i Oslo at tenestene svikta etter 22. julitragedien, ikkje ved dei mindre sentralane

Vi har forståing for at det kan vere naudsynt å redusere talet sentralar, men etterlyser kva vurderingar som blir lagt til grunn for å fjerne ein veldriven og moderne sentral som er bemanna av to personar døgnet rundt, og som leverer svært god kvalitet i eit utfordrande fylke som Sogn og Fjordane.

110-sentralen i fylket vårt dekker alle kommunane våre med unnatak av Gulen og Solund, og tek såleis vare på tryggleiken og beredskap for meir enn 100.000 innbyggjarar. Alarmsentralen i Florø har eksempelvis kring tusen aksjonar i året som har med brann å gjere. I tillegg til dette kjem kring 2500 tekniske alarmar og 50 000 meldingar frå tryggleiksalarmar i hovudsak frå eldre. Og alle desse oppgåvene har sentralen i Florø gjennomført på ein svært tillitsfull og tilfredsstillande måte.

Det er verd å nemne at dei både i Sverige og Finland har hatt negative erfaringar med store distrikt for alarmsentralane sine. Kvifor har ikkje DSB lytta til erfaringane frå nabolanda våre? Vi minner i denne samanheng om at det var i storbyen Oslo at tenestene svikta etter 22. julitragedien, ikkje ved dei mindre sentralane. Sentralen i Sogn og Fjordane gjorde på si side ein framifrå jobb på varslings- og beredskapssida under Dagmar. Dette fortel tydeleg at ting fungerer her hos oss, sjølv i akutte og vanskelege situasjonar då mykje anna går i stå. 

Sentralen i Sogn og Fjordane gjorde på si side ein framifrå jobb på varslings- og beredskapssida under Dagmar.

Sentralen i Sogn og Fjordane har erfaring både frå store og små ulukker, og har fått mykje ros for korleis den har handtert ulukker og vanskelege situasjonar. Korleis skal ein sentral i Bergen makte å handtere ein av norges mest utsette regionar ut frå DSB sitt eige risikobilde frå 2012?

Sentralen her i fylket har særskilt god kunnskap om geografiske utfordringar, lange fjordar, høge fjell, fleire fjellovergangar svært utsett kystlinje, mange og lange tunellar, farleg gods på veg, eitt av norges største ferjefylke.

Det er ei kjensgjerning at vêrtilhøva blir stadig meir utfordrande. I DSBs eigen rapport om nasjonalt risikobilde frå 2012 blir det vist til at ekstremvêr, flaum, skred OG skipsulukker på veg utgjer dei største risikofaktorane i vårt område. Det blir då meiningslaust å leggje ned den einaste sentralen i nettopp vårt fylke. Beredskapen burde heller blitt styrkt i eit område som vårt.

Dei planlagde endringane vitnar i staden om hastverksarbeid som ikkje er forankra i ei truverdig konsekvensutgreiing. Når DSB i tillegg ikkje tek omsyn til eige risikobilde frå 2012, kan ei slik svekking av beredskapen i fylket vårt få enorme konsekvensar ved alvorlege hendingar. Ein slik situasjon er det vonleg ingen i 22. juli-kommisjonen som ønskjer. dersom denne regjeringa på død og liv skal omstrukturere alarmsentralane også i dei fylka som driv optimalt med éin sentral, bør det heller ikkje vere noko som talar imot at det nettopp er Sogn og Fjordane det blir satsa vidare på; altså at det er sentralen i Florø som tek over vakthaldet for Bergen og Hordaland.

Tags:

Kommentarer