Feminisme for framtida

FEMINISME: Det er ei utfordring å vise unge jenter at feminismen framleis er relevant. Illustrasjonsfoto: Silje Kathrine Robinson. På biletet ser vi bloggerar som sel garderobene sine, på Sundt.

Det er viktig å vise unge jenter at feminismen framleis er relevant.

Vi som kallar oss feministar brukar mykje tid på å krangle om kven som er «ekte feministar», om feminsmen berre trivst på venstresida, eller om det er på tide å gje plass til borgarlege feministar i åttande mars-toget.

Meir alvorleg er det at få unge jenter identifiserar seg med omgrepet. ”Feminisme er liksom blitt et skjellsord”, seier atten år gamle Kristin til Aftenposten i dag. Ingen vil koplast til eit ord som betyr at ein ikkje barberar seg under armane, ikkje sminkar seg eller går med passane undertøy. Den gamle myta om den mannevonde feministen lever i beste velgåande, til glede for alle som meinar likestillinga har gått for langt. Sanninga er at femisime i dag frontast av både fine frognerfruer og  radikale studentar. Til felles har dei erkjenninga om at kampen for likestilling ikkje er over.

 

Myta om den mannevonde feministen lever i beste velgåande

 

 Jenter flest har nok aldri gått rundt og kalla seg feministar. Men spør ungdom om dei er opptekne av likestilling, svarar dei fleste  ja. Likevel trengst feminismen framleis, i ei tid då forventningspresset er på topp. Jentene fortel til Aftenposten om det dei kjenner på kroppen, nemleg eit jag etter karakterar, karriere, mann, bil og ungar. På toppen skal dei vere nytrente og nypolerte. Femismen tilbyr ein kritikk av både konformiteten og forventningspresset. For nokre jenter er feminismen ein inspirasjon til kamp for full likestilling, for andre kan den vere ei påminning om at du er god nok, slik som du er. Begge deler er viktig.

Som Marta Breen har sett fingeren på, handlar feminisme om utvide rammene for korleis menneske kan vere. Om å løfte blikket frå enkeltindividet og sjå ein større heilskap. Som at kravet til jenters utsjånad ikkje har oppstått i eit vakum, men at nokon tener pengar på at restylane i leppene er trendy.

Feminismen har gjeve oss stemmeretten, retten til sjølvbestemt abort og full barnehagedekning. Den har opna døra for kvinner inn til universitetet, arbeidsplassen og politikken. Mantraet til stemmerettsjubileet er at mykje står ugjort, og den bodskapen vil takast opp att i festtalar i løpet av året. Utfordringa er å vise dei unge jentene dette, dei som tek mange av desse fridomane for gitt. Det bør vere ei oppgåve for feministar på begge politiske fløyar.

 

8. mars arrangerar Bergens Tidende debatt om blogging og frigjering, på Litteraturhuset kl. 18.00. Sjå facebook-arrangement her.

Tags: ,

Kommentarer