I den beste av alle tider

Aldri har kvinner hatt så mange val som no. Aldri har vi sutra meir.

DRAUMEN VI BER PÅ? Akkurat no. I denne vesle parentesen i historia, kan vi, særs mange norske kvinner, velje. Det kunne ikkje formødrene våre. Biletet er frå femtitalet. FOTO: BIRKHAUG OG OMDAL

«Kva tidsepoke ville  du ha levd i om du kunne ha bestemt sjølv?»
Eg tenkjer raskt på kva svar eg skal gi jenta som spør: Kva med kvinnene i mellomalderen? Husfruene med store nøkkelknippe og makt over heimen? Kva med selskapsdamene i Versailles? Med kjolar, parykkar og kvit hud?
Aller helst ville eg ha vore Gertrude Stein, intellektuell dame i Paris på byrjinga av 1900-talet med store salongar der alle kjende kunstnarar kom og gjekk. Eller eg kunne hatt langbukser, kortklipt hår og vore på tur med Hemingway i open bil og røykt cigarillos med munnstykke.
«Når ville du ha levd, mamma?»
Eg ser ned på jenta og veit kva eg skal svare: «Som kvinne ville eg aldri ha levd på noko anna tidspunkt i historia enn nett no, ikkje eitt minutt før», svarer eg.
«Kjedeeeleg. Kvifor?» lurer ho på.

Eg får henne på fanget.
Der familiane våre kjem frå, kunne ikkje kvinnene gjere noko anna enn det dei vart sett til; freista å få til eit liv på gardar med bratte bakkar, kalde elvar, djupe fjordar og bøker dei smuglas.
Ei av dei kom flyttande frå ei flatbygd lenger nord i landet. Ho ville til byen for å gå vidare på skule, skulle bu hjå onkelen og få lese. Ho hadde pakka ned bøkene i ei kiste, alt stod klart. Reise fekk ho aldri. Mora døydde – og kven skulle elles ta seg av den funksjonshemma veslesøstera, om ikkje henne?

Sidan kom mor mi og søstrene hennar til verda. Ei ville studere, ei anna ville aller helst ha blitt snikkar, ei tredje fekk skaffa seg utdanning etter at borna var vaksne. Og endå var det fleire.
Ei rekkje draumar måtte justerast. Det var ikkje pengar til å gå på universitet. Å bli snikkar som jente, var aldri aktuelt. I staden vart eventyret om Tom Sawyer og Huckleberry Finn lese med lommelykt under dyna.

Er det slik at nokon av dei har klaga? Nei. Dei har strekt liva sine så langt ut som dei hadde høve til. Ein klagar ikkje då.
Dei har vore dobbelt- og trippelarbeidande, dei har bite tenner saman, men har gått på fjelltur i helgane og beundra naturen og gleda over å tenne bål ved eit fjellvatn. No har dei tid til å reise utanlands fleire gonger i året, et god mat viss dei vil, og ser døtrer, nieser, barne- og oldebarn få ta friare val enn dei nokon sinne kunne.

Jentene snikrar, studerer, er heime med barn, blir sjefar, kunstnarar, er jordmødrer, rekneskapsførarar og byggjer vindmøller.
«Difor, mi kjære jente», seier eg. «Difor er svaret opplagt: Eg ville aldri ha levd i ei anna tid enn nett no, nett her. Takk vere dei kvinnene som kom før deg».
Vil ho noko sinne skjøne det eg seier til henne? At det ikkje er opplagt at vi har eit heilt anna utkikkspunkt på verda enn kvinnene før oss hadde?

Og likevel klagar vi.
«Fortsatt er det et nederlag for mange jenter å si de ikke fikser både karriere og mammaliv», hevda 39 år gamle Karianne Gamkinn i Aftenposten i går. Ho har skrive bok om det: «Beklager, jeg må være mamma», heiter den.
«Jeg kan være mamma så mye jeg vil, og så mye jeg føler at de trenger meg», sa Gamkinn til avisa.

Det morsbiletet Gamkinn held fram, er ein historisk illusjon

Spør kvinnene før oss om det var det dei dreiv på med, krokbøygde over kålrabiåkeren eller med hender som skrubba laken kvite, for hand? Var dei «mamma så mykje dei ville» og «følte for»?
Det morsbiletet Gamkinn held fram, er ein historisk illusjon. Å vere mamma for folk flest har til ei kvar tid handla om å overleve og sidan hjelpe barna til å overleve. Menneskebarn greier seg ikkje sjølv slik dyrebarna gjer det. Det må hjelpast fram til å bli sjølvstendige og dugande menneske.

Gamkinn tykkjest å ha gløymt at høvet hennar til å ta eit val om å vere «mamma» kviler på ei yttarst tynn hinne. Vi lever på eit knappenålshovud i historia. Ein ørliten prikk av ein unntakstilstand, langt frå den situasjonen kvinner elles i verda lever i, som BT syner i dag.
I vårt vesle hjørne av verda har vi så god økonomi at vi, utan å blafre med augnevippene, kan velje det eine og det andre. Vi kan velje å vere rosabloggarar om vi vil det, kle av oss fordi vi fortener det, eller klatre til topps, om vi orkar.
Eller?

Kva ville dei som gjekk føre oss ha sagt om dei visste at ein no snakkar om sjansen til å ha ein karriere som ei byrde? Kva ville dei som mangla både rom og ressursar til studiar ha tenkt?
Kanskje ville dei ha smilt litt overberande, bretta opp ermane på kjoleforkleet, raka glør ut av elden og tenkt at «Jaja – det kan kome tider etter dette».

Når velferdsstaten ikkje lenger er stor nok til å verne oss alle, kan kravet om dugnad og eigeninnsats auke, sa den svenske historikaren Lars Trägårdh til BT i sommar.
Før ein veit ordet av det, la han til, kan dei ulønte kvinnene igjen kome til å måtte stå for omsorg av gamle og sjuke.

Då kan ein berre vone  at det er dette vi kvinner ønskjer oss av livet.
Akkurat no. I denne vesle parentesen i historia, kan vi, særs mange norske kvinner, velje.

Tags: , ,

Kommentarer