Eg er feminist, men ikkje sosialist


Kvinner er flinke, ja faktisk uendeleg flinke. Og dei kan også i dag vere flinke utan å vere avhengige av ein mann, skriv Vilde Tøfte Øvstetun i Unge Høgre.

Kvinnene er ikkje lenger berre fine å sjå på. Dei sit inne med viktig kompetanse og kunnskap som hjelper til med å dra Noreg framover.

Heilt sidan slutten av 1800-talet har norske kvinner kjempa for å bli likestilte med menn. Sidan den gong har kvinnene kjempa seg til full likestilling på alle plan i samfunnet. Og i dag ser me verkeleg fruktene av det arbeidet kvinnene i Noreg byrja på for over 100 år sidan!

I 1884 vart den fyrste kvinneorganisasjonen i Noreg skipa, Norsk Kvindesagsforening. I 1901 fekk kvinner for fyrste gong delta i politiske val, om dog berre ved kommuneval, og i 1910 vart allmenn stemmerett ved kommuneval innført. I 1911 kom Anna Rogstad på Stortinget som den fyrste kvinna i Noreg. Men ikkje før i 1913 vart det innført allmenn røysterett ved alle val. Kvinnene har oppnådd svært mykje gjennom kampen mot mannsdominansen; I 1888 vart gifte kvinner myndige, ved lover av 1918 og 1927 vart kvinner likestilte med menn i ekteskap når det gjaldt skilsmisse, myndigheit over eventuelle born og eigendomsrett, i 1952 fekk kvinnene full adgang til dei offentlege embeta og etter likestillingslova av 1978 er all forskjellsbehandling av kvinner og menn forbode. Sidan kvinnekampen byrja har me sett at kvinnene i Noreg har utkjempa ein hard kamp for å bli godtekne av det norske samfunnet på lik linje med menn.

I dag lev me i det samfunnet som kvinnene for 100 år sidan berre kunne drøyme om. Kvinner er nemleg godt representerte i høge stillingar, svært mange vel høgare utdanning og dei stiller svært ofte til val. Og ikkje minst: alle har mogelegheita til å bestemme fullt og heilt over sitt eige liv. Ordningar som barnehage, SFO og fødselspermisjon har gjort det mogeleg for kvinner å vere mødre i tillegg ti å ha ei yrkeskarriere. Dette er privilegium kvinner ikkje hadde for 100 år sidan.

Unge Høgre ser på normene med kvotering i mellom anna arbeidslivet som utdaterte

Til tross for at kvinner og menn alltid vil vere ulike skal dei ha like rettar. Det at me i år feirar at kvinnene har hatt stemmerett i 100 år ser me i Unge Høgre på som ei hylling av all den innsatsen kvinnene gjennom historia har lagt ned for å bli godtekne som nettopp kvinner. Kvinnene er ikkje lenger berre fine å sjå på, dei sit inne med viktig kompetanse og kunnskap som hjelper til med å dra Noreg framover.

I dag er det allmennkjent at dersom ein er feminist, ja da må ein også vere sosialist. Men dette stemmer ikkje. Både i Unge Høgre og i resten av samfunnet har me mange sterke, kompetente og flinke kvinner som ikkje definerer seg sjølv på venstresida av den kjende politiske skiljelinja, men som likevel ser på seg sjølve som feministar.

Unge Høgre ser på normene med kvotering i mellom anna arbeidslivet som utdaterte. Kvifor skal kvinner kvoterast inn nettopp fordi dei er kvinner? Nei, dei skal få jobbane fordi dei har den kompetansen, arbeidsvilja, arbeidsmoralen og den stå-på vilja som trengs for å få arbeidet gjort! Kvotering ser fint ut på papiret, men det fungerer ikkje i praksis. Det er viktig at kvinner ikkje berre vert sett på som kvinner, men som sjølvstendige individ som er kapable til å gjere den same jobben som menn.

I Unge Høgre meiner me at utdaterte normer som jantelova er ei krenking på individa sin fridom til å uttrykkje det dei meiner og det dei er flinke til. For kvinner er flinke, ja faktisk uendeleg flinke! Og dei kan også i dag vere flinke utan å vere avhengige av ein mann.

Tags: , , ,

Kommentarer