OL som distriktspolitikk

Dersom Oslo vil satsa på Groruddalen, må det skje utan statlege distriktsutbyggingsmidlar, kamuflerte som OL-bidrag.  

Oslo har fått Lillehammer med seg i arbeidet for å bli vertskap for Vinter-OL 2022. Det er truleg einaste utvegen til å sanka folkeleg oppslutning om OL-søknaden elles i landet. Men staten bør sørgja for at søknaden aldri blir sendt. Det einaste som kunne forsvara eit nytt, norsk Vinter-OL, ville vera gjenbruk av alle Lillehammer-anlegga og eit vesentleg billegare arrangement enn eit Oslo-OL vil bli.
Alle OL er uanstendig dyre. Milliardrullinga blir gjerne forklart med sjansen til bruka OL som ei brekkstang for bygging av ny og opprusting  av gammal infrastruktur i arrangørbyane; nyttig, vakkert, imponerande, utanom tur, utan vanleg, politisk debatt og strid. Slike investeringar bør ikkje vera avhengig av eit OL. Vekstimpulsane dei olympiske leikane kan føra med seg, betre omdøme og fleire turistar, er ikkje verd titals milliardar. Så mykje er heller ikkje idrettsfesten verd.

Oslo-OL blir marknadsført med behovet for fornying av Groruddalen, som har 130-150 000 innbyggjarar, flesteparten innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar. OL og nye idrettsanlegg er dessutan meint å gje eit løft for folkehelsa i hovudstaden, og har som mål å gje Oslo ry for å vera verdas vinterhovudstad.
Landets mest  pressa region treng ikkje dei økonomiske vekstimpulsane eit OL i teorien fører med seg. Oslo har kanskje bruk for eit betre omdøme, men Oslo er ein av verdas rikaste byar. Så velskodd at byrådet ser seg råd til å lata vera å krevja inn eigedomsskatt, ei potensielll inntektskjelde på fleire milliardar i året.

At Groruddalen er forsømd, må vera Oslos ansvar å rydda opp i. Byrådet i Oslo kan ikkje basera seg på at heile landets skattebetalarar skal svi. Staten har alt bidrege med hundretals millionar i ekstraordinære tilskot til innbyggjarane i Groruddalen, og ei rekkje offentlege rapportar og mediainnslag gjev inntrykk av at det no er lite å seia på levekår og miljø i desse drabantbyane. Aukande patriotisme er løfterikt.
Oslo må satsa mykje meir enn hittil på idrettsanlegg. Det kan best gjerast ved å følgja vanlege, politiske prioteringar.  Det same gjeld satsinga på annan infrastruktur. Det er heller ikkje grunn til å gå omvegen om ein deltakarlandsby for OL-utøvarar for å skaffa fleire nye studentbustader.

Svært mange nordmenn har stor glede av å følgja Vinter-OL. Det er ikkje urimeleg at Noreg bidrar til slike arrangement. Men då må grunngjevinga vera betre enn den Oslo har varta opp med.
Særleg stor kamp om å få tildelt leikane i 2022 blir det kanskje ikkje. I kjølvatnet av finanskrisa vil mange land sannsynlegvis vegra seg mot å be om å bli tildelt æra av eit slikt kostnadssluk. I så fall får Den internasjonale olympiske komité endå ei påskunding til å sørgja for at kostnadene kjem ned på eit anstendig nivå. Idrettar som etterlet seg kvite elefantar i form av dyre og lite brukte anlegg, må utgå frå programmet.

Lillehammer-leikane var ein fest, men utbytet for regionen var magert. Skal OL vera eit distriktsutbyggingstiltak, må Lillehammer på nytt verta vertsby, det er innlandet som treng eit løft. Oslo må greia seg sjølv.

Tags: ,

Kommentarer