Naturen som tryggleik for barna

Som pedagog i barnehage gjennom nesten 25 år, har eg sett og opplevd kva som fungerer for barns utvikling. Verken sanserom, drama eller scene kan konkurrere med det naturen kan tilby.

 

Som pedagogisk leiar på naturavdeling, merkar eg ei stadig aukande interesse for slike plassar. I naturbarnehagen får barna utfordringar, det treng barna for å utvikle seg, skriv Hilde Alme. FOTO: PRIVAT.



Inne frå den vesle jordgamma i skogen, ein stad i Sunnfjord, kan ein høyre glad barnelatter. «No er det min tur til å fortelje», seier ein gut ivrig og løftar hendene. Rolege og leikande flammar, lyser opp barna inne i jordgamma. Ei av jentene legg armane sine rundt barna ved sidan av og smiler levande og skøyaraktig til dei. Opplevinga kring bålet, fri for krav og stress, synest å opne barna for kvarandre. Eg sit der og, som leiar for ei naturavdeling på 7. året.

Stress less
I gjennomsnitt nyttar vi ca. 3–5 timar i naturen pr. dag. (Litt mindre i kalde vintermånader). Livets erfaring og faglege val, har ført arbeidsdagen min ut i naturen. Utgangspunktet mitt for å gå ut var at barna skulle møtast i eit roleg miljø som er tilpassa deira behov for kreativitet og fysisk aktivitet. Men eg såg det og som viktig at både dei og vaksne ville oppleve mindre stress og meir ro ute. Forsking innan miljøpsykologi viser at «omgivelsenes estetiske kvalitetar er svært viktig for vår trivsel og velferd» E. Strumse. Fysisk aktivitet og ro i fredeleg natur er ein beskyttande faktor mot mental usunnhet, skriv svenske Matilda Annerstedt i sin doktorgrad «Nature and public health», 2011. Sjølvsagt kan opphald i naturen og skape farefulle situasjonar. Mi oppleving er likevel at barn som oppheld seg mindre i naturen er ei større fare for seg sjølv, enn dei som kvar dag får erfaring med dette elementet.

Naturen på menyen
Ute i naturen forstår ein at omgivnadene er så sterke, at det er dei saman med barna som må setje dagsorden. Kommunikasjonen endrar seg mellom barn og vaksne. «Kan vi prate no?» «Fortel då!». Barna vil ha tida og merksemda til dei vaksne. Med jordgamme, gapahuk eller andre naturtilpassa praktiske innretningar blir vi ein del av noko vakkert i naturen og kulturen vår. Barna får lære i oppleving. Det ein treng ute i naturen, ligg ofte ved sidan av. Barna finn naturen si oppgåve kvar dag. Som han sa ein fireåring her om dagen. «Kven er det som føder dei ekorna, eigentleg?» Her på avdelinga er det barna som set agendaen i mesteparten av tida, vi vaksne tek opp «tråden» og fyller på med kunnskap. Ein rapport frå NTNU Samfunnsforsking AS, viser at «63 prosent av barna forteller at de ofte får vere med på å bestemme hva de skal gjøre ute i barnehagen, mens bare 27 prosent forteller at det gjelder aktivitet inne» (Bratterud m/fl., 2012).   

Barna får lære i oppleving
                                                                                                       

Underlag og omgivnadene i skogen stiller heilt andre krav til rørsle. Lysstripa gjennom granskogen ein tidleg føremiddag på vinteren er berre magisk, og barna opplever det slik. «Jeg koker grøt til lyset», sa ein treåring nett, han rørte i ein gammal stubbe då lyset kom denne dagen. Filosofiske samtalar er ein del av det å vere ute i naturen. Her er rom for tankane i fråvær av stress og rutinar. Den vaksne vil truleg oppleve at barnet sjølv er ei kjelde til innsikt og refleksjon frå eiga tankeverd. Dei glidande rammene til omgivnadene på ei naturavdeling, gjer og ei slik avdeling til ein meir integrert del av heile lokalsamfunnet.

Størst av alt er leiken
«Vi vil leike», det er slik barna svarar når du spør dei om kva dei vil gjere. Dei forsvinn i buskar og kratt, til faste leikeplassar så snart ein er i skogen (om barna er vant med å leike i eit slikt miljø) I ly av store grantre, sitjande på gamle røter, balanserande på gamle trestammer, inne i eit slott av greiner eller konsentrert bak ein «varedisk» av planterestar, finn vi dei att. Langt inn i ei anna verd, heilt fritt for kommersielle leiker, er dei arkitektar for eigne nye leikar kvar einaste dag.

Kva gjer ikkje dette med initiativet, kreativiteten og sjølvkjensla deira? Ein kan sjølvsagt spørje seg om dette er sikkert nok, er det plantar her som er farlege, er steinane sleipe, kan ein dette ned frå trea. Men kva gjer vi om vi frårøvar barna desse opplevingane med påbod og reglar?

No seier du som er kunnskapsorientert, at eit tilbod bør vere variert og derfor bør ein og nytte litt tid inne, men dette kan gjerast om morgonen. Det er enkelt å kombinere ei naturavdeling med alt som blir kravd i gjeldande offentlege planar, med litt innetid før ein går ut om morgonen. Men kanskje for mange rutinar fjernar oss frå det som eigentleg betyr noko her i livet og gir oss dei beste opplevingane. Timane ute i naturen med barna gjer at ein tek tida, den gode samtalen og nærleiken tilbake. Det vi vaksne må sikre er nærleik ti situasjonane, derfor er det viktig med nok personale.

Må gjerast levande
Talet på naturavdelingar har auka dei siste åra. Dette er det ein grunn til, truleg opplever mange det som positivt. Kva med berre å gå ut?, til nærmaste skogsområde eller park. Det er snakk om å gjere forsking, planar og undervisning levande, setje det ut i praksis. Dette skjer ikkje med berre fine ord og målretta planar. Vi må handle, ta aktive val og erfare. Naturbarnehagar rundt om i landet gjer ein kjempeinnsats for barns utvikling, dette trur eg fleire vil forstå etter kvart. Som andre barnehagar, må dei sjølvsagt stadig forbetre tilbodet sitt. Det er nok ikkje ein sunn kultur at barnehagane skal kontrollere seg sjølv. Eg helsar andre løysingar velkomen. Poenget er at barna har ein trygg kvardag.

Bålet brenn
Som pedagog i barnehage gjennom nesten 25 år, har eg sett og opplevd kva som fungerer for barns utvikling, enten det er helse, evna til å tilpasse seg, få kontakt med andre, kreativitet, betre sjølvkjensle eller berre rein livsglede. Slik eg ser det kan ei vanleg inne avdeling vanskeleg konkurrere med det naturens omgivnader kan tilby. Som sanserom, dramarom eller scene for å lære å sjå og akseptere kvarandre. Her er alt. Kva med å retteleggje for at nye barnehagar har eit slikt tilbod? På kort og lang sikt førebyggande tiltak for barns helse i eit stressandesamfunn. Skal vi få fleire barn ut i naturen, må nokon bli med ut i skogen. Det kan synast som om mange reflekterte foreldre har kome mykje lenger i tanken om kva dei vel for barna sine, enn samfunnet elles.

I jordgamma brenn bålet enno. Framover håper eg det blir mange fleire bål. For barnets beste.

Tags:

Kommentarer