
USEMJE: På landsmøtet var Lysbakken mest ueing med eige ungdomsparti. På bildet får partileiaren oppmuntrande ord før landsmøtet. Foto: Håvard Bjelland
Med leiar Andreas Halse i spissen, utfordrar Sosialistisk Ungdom (SU) etablerte sanningar i SV.
Les også: Frank Rossavik «Jakten på en mening»
Etter SV-landsmøtet førre helg, er det tydeleg at SV er i utakt med eigen ungdom. SU har hissa på seg blant andre tidlegare leiar for SU, SVs Ingrid Fiskaa, som no trekkjer stønaden til ungdomspartiet.
Det er ikkje noko nytt at ungdomsparti er usamde med moderpartia, men det kan sjå ut som SU ikkje berre er usamde i enkeltsaker, men ønskjer seg ei heilt ny retning for SV.
SU, med leiar Andreas Halse i spissen, tok til orde for fleire kontroversielle forslag, som vart nedstemte på landsmøtet. Blant dei var forbod mot Hijab-bruk i politiet, forbod mot omskjering av guteborn, og for å ta statsstønaden frå ungdomsorganisasjonar som diskriminerer kvinner og homofile. Halse vil attende til eit av dei prinsippa som SV (eit parti som underteikna har vore medlem i) vart tufta på, altså eit sterkt skilje mellom stat og religion.
Det kan sjå ut som SU ønskjer seg eit meir folkeleg SV
Etter landsmøtet har Halse har teke bladet frå munnen, og kritiserer det han meiner er moderpartiet SVs berøringsangst ovanfor religiøse og kulturelle spørsmål. Han er overraska over skuldingar om rasisme og islamofobi frå meiningsmotstandarar i SV i etterkant av hijab- og omskjeringsdebatten. «At den utdannede venstresida med alle sine hyllemeter med bøker og studiepoeng frå ulike universiteter ikke klarer å ty til meir avanserte debattformer enn svartmåling og rasismestempel, er bekymringsverdig», skriv han.
Men lider SV av berøringsangst i desse spørsmåla? Partileiar Audun Lysbakken har i alle fall vore svært tydeleg i møte med muslimske ekstremistar, som grupperinga «Profetens Ummah». I hijabdebatten har det også vore harde frontar. At fleirtalet i SV er usamde med Halse, er ikkje det same som berøringsangst.
I tillegg til å skulde SV for berøringsangst, er SU og Halse usamde i mykje av moderpartiets profil. Dei har teke til orde for at SV må skrote skule og utdanning som valkampstrategi, og satse på arbeidsliv i staden. Eit frieri til fagrørsla, i staden for eit forsøk på å vinne attende veljarane med høgare utdanning.
Han var også blant dei som på SV-landsmøtet stemte for at kommunane skulle få bestemme over eigne sjenketider. Det er nye tonar frå den politiske fløya til venstre. SVs landsmøte stemte ikkje uventa ned forslaget, og gjekk inn for nasjonal sjenkestopp klokka to.
Det kan sjå ut som SU ønskjer seg eit meir folkeleg SV. Halse viser også til folkemeininga i sitt debattinnlegg i etterkant av hijabdebatten på landsmøtet, der han peikar på at undersøkingar viser at folk flest er negative til at kvinner skal kunne bere hijab som uniformert politi, medan berre ni prosent er positive.
Dei unge er altså i utakt med moderpartiet, men i takt med folket, når dei frontar sitt sekulære politisyn. Folkelege er dei også når dei foreslår lokalt sjølvstyre over sjenketider. Det er eit forslag som frå ei ung venstreside som tek det lokale folkestyret på alvor. Det er ikkje sikkert det er dumt av SV å lytte meir til dei unge.