Dømt til å mislykkast?

Elevar som vert usett for mobbing er prisgitt skulen dei går på. Nokre skular har ikkje føresetnader for å stoppe mobbinga.

Ein klar føresetnad for å lykkast i kampen mot mobbing er at ein tek i bruk den forskingsbaserte kunnskapen som er utvikla i eit samarbeid mellom norske skular og forskarar gjennom 30 år, skriv artikkelforfattaren. ILLFOTO: SCANPIX


Les også:

Barn vet hva de gjør

Vi trenger mobbebegrepet

Den feige majoritet

 

 

Noreg vert internasjonaltsett som verdsmeistrar i arbeid mot mobbing. Alt tidleg på 1980-talet fekk vi dei første landsomfattande tiltaka. Gjennom dei siste 30 åra har vi utvikla den fremste kompetansen på arbeid mot mobbing, utvikla dei mest effektive tiltaka og vore i forskingsfronten på feltet. Trass i dette vert det hevda at mobbing ikkje vert redusert sjølv når skular tar i bruk forskingsbaserte tiltak mot mobbing. Korleis kan vi forklare det?

Utfordringa vi har som nasjon, er å redusere mobbing i alle skular.

Manglar vilje
Litt forenkla er svaret at ein del skular og kommunar, trass i kompetansen som er tilgjengeleg, ikkje klarer eller har vilje til, å ta tak i utfordringane. Nokre set òg inn feil tiltak, tiltak utan effekt eller med negativ effekt.
Mediedebatten kring mobbing vektlegg i liten grad at utfordringa vi i dag står overfor er å nå ut til alle skular i landet. Utfordringa ligg ikkje i å lykkast med å reduser mobbing ved ein, eller eit fåtal skular. Utfordringa vi har som nasjon, er å lykkast med å redusere mobbing i alle skular. 

Her finst det ingen enkle og fengjande løysingar

Ein ny studie viser at skular med mest mobbing har små moglegheiter for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Det er liten grunn til å tru at årsaka til manglande resultat ligg i feil tiltak, så lenge tiltaka bygg på forsking og har dokumentert effekt. Utfordringa er at mange skular, som organisasjon, ikkje har føresetningar for å lykkast med å sette tiltaka ut i livet på ei måte som gir resultat.

Svake organisasjonar
Samanliknar ein skular der elevane opplever mest mobbing, med skular med minst mobbing, er bilete eintydig. Lærarane ved skular med mykje mobbing opplever svakare leiing, mindre samarbeid og svakare innovasjonskultur enn lærarar ved skular med lite mobbing. Desse skulane har sterk leiing og er prega av samarbeid mellom lærarar som er utviklingsorienterte.

Lærarane ved skular med mykje mobbing rapporterer òg at dei har mindre autoritet i klasserommet enn lærarar ved skular med lite mobbing. Alt dette er forhold som forsking om utvikling av skular vektlegg som avgjerande for å lykkast i å forbetre tilbodet til elevane. Resultata bygg på ein studie som omfatta elevar og lærarar ved 85 skular. Studien er gjennomført ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger og vart presentert på International Congress for School Effectiveness and Improvement (ICSEI).

Tiltak mot mobbing
Elevar er såleis prisgitt skulen dei går på. Ein konsekvens av resultata er at elevar på skular med svak organisasjon kan ha auka sjanse for å verte utsett for mobbing, og når mobbing oppstår er sjansen mindre for at det vert stoppa, enn om ein går på ein skule som er ein godt fungerande organisasjon. Årsaka er at arbeid mot mobbing krev systematisk, langsiktig arbeid prega av samarbeid mellom dei vaksne i skulen. Dette krev utviklingsorientert personale og leiing.

Ei umogleg oppgåve?
Skal skulen stoppe mobbing må lærarar ha kunnskap om mobbing og kjenne mekanismane bak. Kunnskap og tiltak mot mobbing må byggje på forsking. For å sikre at elevane får effektiv hjelp, må skular krevje omfattande dokumentasjon for tiltak dei skal sette i gang. Utfordringa er, slik studien viser, at effektive tiltak ikkje er tilstrekkeleg. Sjølv det mest effektive tiltaket vil ikkje gi resultat dersom det ikkje vert sett i verk, eller er sett i verk halvhjarta. Forsking tyder på at sjølv når tiltaka har dokumentert effekt, personalet har kompetanse, er høgt motivert for arbeidet og har kvalifisert støtte, er det svært krevjande å lykkast. Når skulen som organisasjon har svakt grunnlag for å setje i verk gode tiltak, kan det synast som ei umogeleg oppgåve.

Fokus på kvalitet
Skal vi lykkast i kampen mot mobbing må vi såleis i tillegg til å nytte effektive tiltak, ta omsyn til skulane sine føresetnader for lykkast med tiltaka. Det handlar om å kunne sette kunnskap ut i praktisk handling. Det inneber langt meir enn å sette mobbing på dagsordenen, det krev aktiv handling.

Internasjonal forsking har dei seinare åra lagt sterkare vekt på utfordringane ved at effektive tiltak ikkje alltid gir resultat. Dette er ikkje spesielt ei utfordring i forhold til tiltak mot mobbing, men i all verksemd i skulen. Det er ei erkjenning av at ikkje alle lærarar og skular har føresetnader for å lykkast, men ein kastar ikkje tiltaka over bord av den grunn. Ein set fokus på korleis ein kan støtte lærarane og skulane slik at dei kan lykkast med tiltak som har vist effekt. Hovudårsaka når skular ikkje nyttar forskingsbasert kunnskap er ikkje motstand hjå enkeltlærarar, men ein organisasjonskultur som ikkje fremmar utvikling hjå personalet.

Utfordringar i kø
Er så skulane med mest mobbing dømt til å mislykkast? Svaret er truleg «ja» om skulane skal jobbe på eiga hand, eller får ukvalifisert hjelp i arbeidet. I den seinare tid har vi sett auke i utspel om «nye» tiltak i arbeidet mot mobbing utan at desse har noko forankring i forsking og dokumentasjon av effekt. Dette er ein farleg veg å gå.

Ja, det er rett at vi ikkje har lykkast godt nok i arbeidet mot mobbing. Framleis er det elevar som ikkje får hjelp når dei vert usett for mobbing. Tiltak kan alltid verte betre, men hovudutfordringa i arbeidet ligg ikkje i mangel på effektive tiltak. Dei effektive tiltak finst. Døme er Olweus- og Zero-programma mot mobbing, og meir omfattande program som PALS og RESPEKT som er retta mot å styrke læringsmiljøet. Zero og Respekt er utvikla av Læringsmiljøsentert. Alle fire omfattar tiltak som har dokumentert effekt og er støtta av Utdanningsdirektoratet.

Vi har ikkje lykkast godt nok i arbeidet mot mobbing.


Krev felles innsats

Når hovudårsaka til at arbeidet mot mobbing ikkje lykkast, ikkje er mangel på effektive tiltak, må fokuset rettast mot å styrke skulane sine føresetnadene for å lykkast. Skulane må få støtte til å innarbeide dei effektive tiltaka slik at dei vert ein naturleg del av den daglege aktiviteten i skulen. Her finst det ingen enkle og fengjande løysingar som er lette å selje, berre hardt og systematisk arbeid.

Det alvorlege er at bak kvar einskild skule som ikkje lykkast i arbeidet er det barn og unge som vert utsett for mobbing, eller utset andre for mobbing. Vi, som nasjon, tek ikkje problema til desse elevane på alvor. Det trass i at vi har dei beste føresetnadene for å lykkast.
Arbeidet mot mobbing er ikkje dømt til å mislykkast, heller ikkje på skular med mest mobbing. Men det er ingen «quick fix».

Ein klar føresetnad for å lykkast er derimot at ein tek i bruk den forskingsbaserte kunnskapen som er utvikla i eit samarbeid mellom norske skular og forskarar gjennom 30 år. Dette krev felles og samstemt innsats frå myndigheitene, forskarar og skular over lang tid.

Tags:

Kommentarer