Muslimsk påske

INTERVJUET: Warsan Ismail er aktiv samfunnsdebattant, og tykkjer religionen har ein viktig plass i allmennta. – Det er enklare for meg som muslim å identifisere meg med det religiøse innhaldet i norske feiringar, enn nissar og påskekyllingar, seier ho

Warsan Ismail tykkjer kristne er flinke til å feire Gud.

Du er truande muslim. Kvifor det?

Eg har vore truande så lenge eg kan hugse. Med det meiner eg at eg alltid har vore viss på at Gud eksisterer. Det er ein sinnstilstand meir enn eit val.

Er det lett å vere truande i Noreg?

Ja, det er fridom til å leve ut trua. Og nei, det er ikkje lett å gjere det utan motstand. Men motstanden er ikkje berre negativ, så lenge den er konstruktiv. Det er gjennom kritikk at ein lærer trua si å kjenne. Men ein kan bli sliten av problematiseringa av religion. Det merkar eg når eg er i eit muslimsk land, og kjenner at kravet om å ta stilling til sin muslimskap, er vekke. Det er godt.

Den katolske dominikanarbroren Arnfinn Haram skreiv ein gong om religionskritikk i Noreg, at mange ser på religion som viktig og interessant, men tvitydig, for ikkje å seie potensielt farleg. Kjenner du deg att i det?

Eg trur at dersom ein forstår nordmenn sitt forhold til kristendomen, så vil ein også forstå skepsisen til islam og muslimar. Mange tenkjer på tida då religionen hadde politisk og moralsk påverknad som ei periode med tvang og trongsyn. Nokre opplever då islam som noko som er tilbakelagt. Eg trur mange tenkjer at nokon muslimar og nokon kristne vil setje utviklinga i revers.

Du er aktiv i samfunnsdebatten. Er det rom for å grunngje argument med religion i Noreg?

Nei. Det er som å trygle om å bli sett til side. Men dersom ein vel å la argumentasjonen bli motivert av religion, trur eg den kan bli relevant for mange. Ei muslimsk venninne av meg sa til dømes at ho reagerte på at få muslimar engasjerer seg i migrasjon, fattigdom og klima.

Kvifor skulle dei det?

Jo, islam diskuterer dette. Det å arbeide for menneskets og skaparverkets vel, er ein del av det å vere praktiserande muslim.

Essaysamlinga «Gud er tilbake!» kom nyleg ut. Der leverer protestantar, katolikkar og muslimar bidrag saman. Er religiøse menneske blitt alliansepartnarar i kampen mot sekulariseringa?

Det er to premiss i det spørsmålet. Det eine er at religiøse menneske er imot sekularisering, det andre at det går føre seg ein kamp mot sekularisering. Før ein kjem nærare premissane, må ein få ei oppklaring i definisjonane.

Kan du gjere eit forsøk på ei slik oppklåring?

Eg får til dømes inntrykk av at kyrkja sjølv ønskjer eit skilje mellom kyrkje og stat, dersom det er det ein meiner med sekularisering. Direktøren i Kyrkjerådet skreiv i Aftenposten at kyrkja, etter grunnlovsendringa i fjor, ville få rom til å utvikle sin eigenart. Det var fint sagt. Offentleg sekularisering må ikkje vere trugande. Når det gjeld sekularisering av sivilsamfunnet, tenkjer eg at religiøse menneske må skape sin plass, og gjere seg sjølv relevante. Eg trur det er i ferd med å skje.

Du har vakse opp i Noreg. Korleis har det vore å vokse opp med kristne feiringar og heilagdagar?

Det har vore hyggjeleg. Det er alltid koseleg med jule- og påskeverkstad. Muslimar er diverre dårlege på å skape ein estetikk rundt sine heilagdagar. I Noreg nyttar ein dei liturgiske fargane aktivt, og blandar dei med kyllingar og grantre. Det gjev ei høgtidsam kjensle. Muslimske heilagdagsfeiringar er nokså einsame i Noreg. Men eg har feira Ramadan og to Id-feiringar i Syria. Det var ei feststemning der som eg aldri har opplevd i Noreg, men samstundes kunne det ha vore ein kva som helst slags folkefest. Eg kjem sikkert til å erte på meg mange muslimar når eg seier dette, men kristne er betre enn oss på å feire Gud på ein estetisk måte. Vi byggjer finare gudshus, då.

Har påske- og julefeiringa blitt ein slags lakmustest på integrering for innvandrar?

Ja, eg trur at du vert oppfatta som betre integrert dersom du feirar norske heilagdagar. Det er ein litt rar lakmustest. Ein kan både akseptere, respektere og forstå feiringar, utan å ta del i dei. Vi har aldri feira jul eller påske heime hos oss, men eg vart oppseda til å møte andre sine heilage feiringar med respekt. Det vart folk av meg også.

I ei tekst på NRK Ytring i desember skreiv du at du ønskjer deg meir Jesus og mindre nisse i jula. Kvifor det?

Eg trur at eg, og kanskje fleire muslimar, hadde identifisert meg meir med julefeiringa dersom det religiøse innhaldet vart lagt vekt på. Muslimar er glade i Jesus, dei også. Han verkar mindre framand enn nissar, og slik kunne snikkaren fungert som ein god brubyggjar.

Ja, forteljinga om Jesus frå Nasaret finnast også i Koranen. Kva rolle spelar han der?

Jesus er eit menneske i Koranen. Ikkje eit vanleg menneske, fordi mora hans vart med barn ved hjelp av Den Heilage Ande, men han er ingen Gud. Han er eit sendebod som forkynner Guds bodskap og som er eit fantastisk døme til etterfølging for si samtid.

Warsan Ismail (f. 1990) er student ved Universitetet i Oslo, informasjonsansvarleg i Somalisk studentforeining, og driver bloggen «Bak rosa burkaer og gule mullahskjegg». Ho kvitrar på twitter som @somalieren.

Tags: , , ,

Kommentarer