Klimaendring blir omtala som ei av vår tids store politiske saker. Mi tese: Planeten kjem til å klare seg heilt fint slik han har gjort i millionar av år.

GIFTLOKK: Eg saknar vilje til å sjå motsett side av saka både hos klimarealistane og klimaforkjemparane. FOTO: Vegar Valde
Den dominerande konsensusen i den offentlege debatten er at menneskeskapte utslepp av såkalla klimagassar, først og fremst CO2, er med på å endre klimaet i ei retning som er uheldig for store deler av både landområde og busetnader. Stundom høyrer vi frå dei som ikkje er samde i dette. Fjerde februar skriv Dagbladet om partia SV og FrP i klimakamp: Klima er blitt en religion for Solhjell og miljø- vernministeren er skremt av Frps klimafornektelse. Veljarane kan anten støtte SV sitt syn, halde med FrP, eller ignorere heile greia.
Harselas
Eg trur at sistnemde blir resultatet for mange, ettersom debattantane tilsynelatande er meir opptekne av å påpeike motstandarane sine feil heller enn å finne felles grunnlag for framsteg. Nyleg var der også ei meiningsutveksling i Bergens Tidende der Miljøpartiet De Grønne i Bergen harselerer med Klimarealistane fordi dei ikkje går med på læra om at røyk og eksos inneheld gassar som endrar klimaet. Spennande nok blir desse som kallar seg Klimarealistane degraderte til klimafornektarar av Sondre Båtstrand i Miljøpartiet De Grønne. Eg finn dette som symptomatisk for debatten. Der er så å seie null vilje til samarbeid mellom frontane. For der er frontar og ikkje partar! Mykje av debatten går ut på å harselere med motstandarane. Taparen er publikum, slike som meg. Eg bryr meg om miljø og ressursbruk, men er mindre interessert i person-karakteristikkar og krangel om kor mange gram CO2 kvar person kan løyve i byte mot ei viss temperaturendring. Ei grøn, flat jord. De Grønne formeleg latterleggjer Klimarealistane fordi dei meiner at jorda er flat, og har fått det for seg at CO2-utslepp og klimaendring ikkje høyrer saman. Rein harselas, til sakas verste. (BT 28. januar)
Motsett side
Faktisk er det godt mogleg å tru at jorda er flat, dersom ein berre får presentert argument for dette og let vere å sjå etter å ta til seg påstander og prov på det motsette. Ein skal ha rett til å tru og meine på grunnlag av eigne observasjonar. Problemet då den offentlege konsensus var at jorda er flat, var nettopp vanskane med å få uttrykkje eit anna syn offentleg. Eg saknar viljen til å sjå motsett side av saka hos både Klimarealistane og klimaforkjemparane. Klart det er enklare å tru sterkt på si side av saka dersom ein ikkje vurderer kva motstandarane er overtydde om. Utfordring til partane: Finn saker å vere samde om, som er viktige å arbeide med uansett klima- utvikling.
Dirthy Thirties
Faren ved å la vere er at publikum, altså veljarar som meg, vel enklaste løysinga: Å la vere å bry seg. Held ein med eine sida er ein viss på å bli gjord narr av frå andre sida! Menneskeskapt jordkrise på trettitalet The Dirty Thirties er eitt av namna skapte av jord- og støvfulle stormar i statane på 30-talet. Folk hadde pløgd opp markene slik at jordsmonnet låg bart. Dette skapte støv og erosjon når tørke og vind kom. I tillegg fekk storfe beite ned vegetasjonen. Det naturlege var tustete gras som heldt jorda fast, og kunne tåle mykje regn, storm, tørke og solsteik utan at den forsvann. Jordsmonnet i mykje av flatlandet i USA er no langt tynnare enn det var for hundre år sidan. Men dette skjedde ikkje på grunn av menneskeskapte klimaendringar, men ganske enkelt busetnad og jordbruksmetodar. Demokratiet er det viktigaste vi har.
Frigjerande
Professor Helge Drange ved Bjerknessenteret for klimaforskning har i fleire mediaomtaler uttrykt tvil om demokratiet er rett styreform for å hanskast med klimasaka. Eg finn det rystande å setje tvil til det styresettet som generasjonar har kjempa og døydd for. Demokratiet, og dermed retten til å meine og seie det meste, er ein bærebjelke i samfunnet som skal stå i fred for både klimaprofessorar og klimanektarar. Drange etterlyser også fleire stemmer i klimadebatten. Her er mi: sjå etter fellesskap framfor å overkøyre dei som måtte vere usamde i grader og gram CO2! Prøv å kalle problema for ressursmangel, forvalting eller trygging av framtida.
Kjære klimarealistar
Eg er viss på at mange vil finne det befriande å sleppe orda klima og CO2. Eg oppmodar til samhandling. Eigentleg er nok dei fleste klimafrelste og klima- skeptikarar samde om mange av tiltaka om enn ikkje virkningane. Men virkningane av kranglinga er sikker i den forstand at den både underheld og skremer folk vekk frå saka. Kjære klimarealistar, det er sjølvsagt enorm skilnad på tilstanden på jorda no og slik det kunne ha vore utan sju milliardar menneske som pustar, et, byggjer seg hus og reiser. Blant anna på grunn av gassane frå desse. Og ja, det er smått fascinerande at kontroll med CO2-gramma skal kunne nøye kontrollere temperaturen, og dermed vêr og vind etter nærast faste tabellar.
Bensin
Kjære klimatrue, de har ei sikker sak. I den forstand at dersom gjennomsnittstemperaturen ikkje aukar meir enn dei målsette to gradene frå før 1850 kan de seie at avgifter og restriksjonar virka. Om temperaturauken blir meir enn dette, seier de at kontrollen ikkje var streng nok. Kvifor tilsynelatande forakt for dei som ikkje er samde? Mange av tiltaka er naudsynte, uansett klimautvikling. De har meir felles enn som skil. Det er øydeleggjande for målet og debattklimaet med utspel mot såkalla tvilarar. Noreg er faktisk veldig lite, men sjølvsagt viktig. Av dei ti mest selde bilmodellane i USA, er det tre pickupar. Bilar som gjerne bruker tre gonger så mykje bensin som ein hybridbensinbil. Kva vi gjer i Noreg blir veldig lite i forhold. I land som er langt større enn vårt får vi perspektiv på kva ressursbruk og utslepp frå biltrafikk kan vere: Kina er i dag landet det blir selt flest personbilar i, og fleire av desse ligg langt frå europeiske eksosnormer.
Folkevekst
Endå verre er det med kolbruken i Kina, som er meir enn dobla etter år 2000. Men det er ikkje bra nok å skulde på andre. Verken internasjonalt eller i norsk klimadebatt. Eg plar sjå på kva eg gjer sjølv og tenkjer på korleis det ville ha vore gonger sju milliardar. Då ser eg at endring i forbruk og fordeling må til, heilt uavhengig av klimautviklinga. Er verkeleg klimaet verre no enn det var for hundrevis av år sidan? Nordmenn taklar det uansett mykje betre no, ettersom vi gjer deler av vind og regn om til straum og får lys og varme heller enn frost og forkjøling av regnstormane. For 20 år sidan las eg De unges grønne forbrukerguide. Bilane som der var omtala som nye og miljøvennlege, blir no ofte kalla ureinande haugar. Sjå framover, for endringane til det betre kjem. Mi tese: Planeten kjem til å klare seg heilt fint slik han har gjort i millionar av år. Problemet er framtida for ei rekordstor befolkning.