Naken-aviser må ta naken-ansvar

NAKEN-SAKER: Aviser som Dagbladet og VG formildar eit dårlig kvinnesyn, skriv Maria Dyrhol Sandvik. Biletet viser ein kollage kampanjen «Stans pornokulturen» har laga.

I kampen om trafikk på nettavisene, har lettkledde damer blitt ei enkel løysing for å generere trafikk.

Dagsavisen har i dag ein sak om kampanjen «Stopp pornokulturen», som kvinnegruppa Ottar står bak. I sin kritikk av pornoestetikken i media får dei stønad frå mellom andre generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, og medieforskar Gunn Enli frå Universitetet i Oslo.

Ein kjenner seg raskt moralistisk når ein kritiserer nettavisenes bruk av lettkledde damer, fordi ein snakkar om noko som har blitt normalt. Seksualiserte framstillingar av kvinner i allmenta har blitt eit så vanleg syn at mange korkje legg merke til problemet, eller reagerer.

 

Det vi står igjen med er sex og sensasjon

 

Det er mange grunnar til å slutte med denne ukritiske bruken av kvinner som lokkemat. Sex er overalt, ikkje minst der dei yngste er. På nettstaden Facebook deltek norske barn heilt ned i tiårsalderen i såkalla «Noregs finaste»-grupper, der målet er å rangere kvarandre etter utsjånad. Bileta er ofte både poserande og seksualiserte. Desse gruppene etterapar eit ideal, ein smalt definert standard for kva som er sexy. Målet er å generere «likes», og likt blir du for kroppen din, ikkje for talentet ditt, eller humoren din. Vi menneske har nok alltid vore kroppsfikserte, men den moderne mediekvardagen har teke dette til nye høgder. Nyleg vart gruppa «Norges finaste 2000-er» oppretta på Facebook.

Per Edgar Kokkvold seier at denne kroppsfikseringa har ført til at vi er meir opptekne av korleis vi ser ut, enn korleis vi er. Han legg til at mange medium nyttar kvinner som staffasje. Det burde norske redaktørar halde seg for gode til. Dei har ansvar for det dei formidlar, og aviser som Dagbladet og VG formidlar eit dårleg kvinnesyn.

Få vil attende til tida då sex var tabu. Men det blir komisk når aviser nyttar rumper og puppar for å selje nyhendesaker om alt mellom himmel og jord. Ironisk nok har desse avisene svært gode kvinnelege skribentar. Vi får håpe dei når ut til dei yngste avislesarane, sjølv om eg tvilar på det.

Medieforskar Gunn Enli frå Universitetet i Oslo snakkar ei postmoderne mentalitetsendring, som som har bana veg for auka kroppsfiksering i allmenta. Ingenting er meir rett enn noko anna, mykje sex i avisspaltene må vere lov, så lenge ingen blir skada. Denne laissez faire-haldninga til medieutviklinga fører både til ein seksualisert kultur og til dårlegare journalistikk. Dersom alt som betyr noko for redaksjonane er klikk på saker, så får vi einsretting av mediebiletet. Mangfaldet forsvinn, og det vi står igjen med er sex og sensasjon.

Kommentarer