Snille jenter

MOBBING: Lærarar manglar kunnskap om dynamikken i jenteklikkar, og korleis jentemobbing går føre seg, skriv Maria Dyrhol Sandvik.

Snille jenter kan vere dei verste mobbarane.

Jenter som mobbar er som oftast snille jenter. Skuleflinke, smilande, høflege. Dei treng berre litt rettleiing, så vil alt ordne seg, tenkjer læraren. Og mobbeofferet, ho er av den litt dramatiske og nær­takande sorten, er ho ikkje det?

Jentemobbing blir ofte bagatellisert og feiltolka, ifølgje Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Den råka får tilbod om hjelpesamtalar, og alle må jobbe med veremåten sin. Offeret får mesteparten av ansvaret for situasjonen.

Kvifor er det slik? Ein grunn er at jentemobbing sjeldan er fysisk. Mange tenkjer at jenter har konfliktar, dei mobbar ikkje. Og jenter blir framleis oppfatta som grunnleggjande gode. Til saman fører denne feiltolkinga til at jenter som blir mobba av andre jenter, ikkje blir tekne alvorleg. June, som fortel si mobbehistorie i dagens BT, skal ha ros for å setje ord på noko mange jenter opplever. Baksnakking, unnvikande blikk, utfrysing.

 

Offeret får mesteparten av ansvaret

 

Dette er hersketeknikkar. Det er noko ein driv med for å skaffe seg makt. June fortel at det særleg var ei av jentene som snudde ryggen til henne, og at dei andre følgde etter. Det er typisk. Professor Berit Ås skreiv i si tid om det ho kalla dei fem hersketeknikkane. Hersketeknikkar vert nytta overalt der menneske utøvar makt over andre. Ås var mest oppteken av den makta som menn utøvar over kvinner, men problemet gjeld ikkje minst i venninnegjengar. Hersketeknikkar nytta som systematisk mobbing i venekretsen har store konsekvensar for sjølvkjensla. Ein kjenner seg som eit null.

Dei fem hersketeknikkane er usynleggjering, latterleggjering, fordøming, påføring av skuld og skam, og å halde attende informasjon frå ein i gruppa. Oversikta avdekkjer eit mønster som går att i alle jenteklikkar som driv med utfrysing.

Ein del av løysinga er å forstå dette mønsteret. For June var det i alle fall godt å få bekrefta at det ho opplevde var trakassering, og ikkje hennar eigen feil. Ei anna løysing er at folk tek avstand frå slik oppførsel. Vi er mange som kjenner på det vonde samvitet når vi hugsar attende til skuletida. Sa vi ifrå når nokon vart haldne utanfor? Kanskje hadde større kunnskap om hersketeknikkar gjort det enklare å ta avstand.

Læringsmiljøsenteret etterlyser større kompetanse hos skulen når det gjeld å vurdere trivsel, eller for å avdekkje manipulering i det sosiale nettverket blant elevane. For å kome dit må ein kjenne att jentemobbinga, våge å ta opp kampen, og samstundes skrote oppfatninga om at jenter berre er snille. For det er vi ikkje.

 

Lik BTs serie om mobbing, «Vær en venn» på Facebook.

Tags: , ,

Kommentarer