Bloggen er død

BLOGG: Kristian Bjørkelo lanserer boka «Gi meg en scene! Norsk blogghistorie – ti år med terror, traumer og dagens outfit», om bloggrevolusjonen som ikkje kom.

Bloggen skulle revolusjonere mediekvardagen. Det skjedde ikkje. Vi fekk derimot ein kakofoni av stemmer som vil snakke om seg sjølv.

Den tyske sosiologen Jürgen Habermas brukte Londons kaffihus som eit eksempel på korleis ei borgarleg allmente vart fødd på 1700-talet. Menneska som vitja kaffihusa måtte leggje att sosial rang og status i døra, før dei kunne engasjere seg i debattane som gjekk føre seg over ein god kopp kaffi. Det var tider.

bloggen kom til Noreg var det mange som tenkte seg eit liknande rom for offentleg samtale: demokratisk og utan omsyn til debattantar sin status elles i samfunnet. Ein nettrevolusjon skulle det bli. Den kom ikkje. I dag har dei fleste interessante politiske bloggarane som fanst blitt plukka opp av dei etablerte mediehusa for lengst. Og det er desse mediuma som dominerande informasjonskjelder for dei aller fleste nordmenn utan hang til konspirasjonsteoriar.

 

Iscenesetjing er nøkkelen til ein vellukka blogg

Kristian Bjørkelo frå Universitetet i Bergen lanserer i kveld boka ”Gi meg ein scene!», og oppsummerar bloggens tiårsjubileum med at vi har lagt bak oss ”ti år med terror, traume og dagens outfit”. Tittelen på boka treff svært godt, for det er nettopp bloggen som ei scene som er det sentrale i dei fleste bidraga i boka. Sjølv bloggar Bjørkelo på satirisk vis, som Mad Mullah Hastur. Bjørkelo konkluderer med at vi aldri fekk ein bloggrevolusjon i Noreg, men at bloggen likevel, i visse tilfelle, har påverknadskraft nok til å utvide dagens allmente.

Men for kven då? I motsetnad til land som til dømes Sverige, har Noreg få sjølvstendige politiske bloggarar med mange lesarar. Heiderlege unntak er bloggarar som Høgres Heidi ”Vampus” Nordby Lunde og Bjørn Stærk (som no er hanka inn som spaltist i Aftenposten). Begge to har skrive kapittel i boka til Bjørkelo. Der vedgår Bjørn Stærk at den politiske bloggen aldri blei viktig i Noreg. Årsaka til det er uviss. Stærk meiner norske bloggarar kom for seint i gang, og at Facebook og Twitter tok over som kanalar for meiningsutveksling.

Nordby Lunde erklærer også den politiske bloggen død, og skriv at dagens internett slett ikkje er noko habermasisk kaffehus, der idealistar diskuterer samfunnsspørsmål. I staden er internett «ein kva som helst pub eller kaffesjappe hvor diskusjonane spenner frå babybleier til islam, sminke og den siste smartmobilen. Det er ein kakofoni av stemmer, samtaler, motiv og interesser».

Det finst altså ikkje ei eiga allmente for samfunnsdebatt på sida av etablerte medium som aviser, TV-stasjonar og liknande, i alle fall ingen som maktar å nå breitt ut. Unntak som Minerva og Manifest kan nevnast, men desse er nettidsskrift, ikkje ein bloggar, og fungerer slik sett meir som tradisjonelle medium. Likevel er det mange einskildpersonar som bloggar om interesser som musikk, litteratur, mote, interiør, og ja, politikk.

Sveriges første rosabloggar, sjølvaste «Blondinbella», har vedgått at før ho vart rosabloggar, forsøkte ho seg som politisk bloggar. Men ingen var interesserte. Det var først då ho byrja å iscenesette sitt eige liv, og pakke seg inn i ei boble av mote- og sminketips, at ho fekk lesarar. Ho gav lesaren inntrykk av at kvardagen var full av glamorøse festar og høg champagneføring, medan ho i røynda var på heimefest og drakk sprit frå plastflaske. Etter kvart var bløffen verkeleg for Isabella, som ho eigentleg heiter. No er ho forretningskvinne og føredragshaldar.

Det er nettopp denne iscenesetjinga som er nøkkelen til ein vellukka blogg, ser det ut som. Dei beste rosabloggarane har fleire lesarar enn Bergens Tidende på nett. Dette er eit kjenneteikn som bloggen elles deler med andre sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram.

Det er synd at den politiske blogginga ikkje fekk større fotfeste i Noreg. Sjølv om Facebook og Twitter er gode plattformer for meiningsutveksling, utviklar ein ikkje skrivetalentet sitt her. Du blir neppe plukka opp av Aftenposten på bakgrunn av litt kvitter på Twitter.

 

I kveld kl 18.00 er det lanseringsfest for Kristian Bjørkelo si bok «Gi meg en scene! Norsk blogghistorie – ti år med terror, traumer og dagens outfit» på Litteraturhuset.

Tags: ,

Kommentarer