Når ingen lenger bryr seg

At ein statsråd tillet seg å føra masterekkja mellom Fardal og Ørskog tvers gjennom eit naturreservat, fortel mykje om statusen til det klassiske naturvernet.


Sørdalen naturreservat i Bremanger
er ikkje stort eller påakta eller omfatta av mykje nasjonal prestisje. Helst har det vel levd nokså anonymt og for seg sjølv etter at det vart oppretta ved kongeleg resolusjon 17. desember 1999. Like til olje- og energiminister Ola Borten Moe frå Senterpartiet bestemte at mastene mellom Fardal og Ørskog heller kunne gå gjennom Sørdalen enn over eigedomane til partifellene i nabodalføret Førdedalen.

Det siste er ikkje noko stort poeng i denne samanheng. Poenget i denne samanhengen er at Sørdalen med statsrådens suverene avgjerd oppnådde å få stor symbolverdi. Ikkje som naturreservat, men som salderingspost. Naturreservat er den sterkaste verneforma vi har, men når det kjem til stykket, er vernet tilsynelatande ikkje sterkare enn at det let seg omgjera og undergrava av ein statsråd eller to. Det fortel kor skjørt vernet i realiteten er i møte med makta.

Vi skryt av at vi har så mykje urørt natur her i landet, at vi har så mykje å ta av. At det gjer ikkje noko om litt går tapt hist og pist. Kan hende er nettopp denne førestellinga det største trugsmålet mot den urørte og inngrepsfrie naturen, for sanninga er ei anna enn det som synest å vera den gjengse oppfatninga. For hundre år sidan var om lag halvparten av arealet i Noreg villmarksprega (fem kilometer eller meir i luftline til nærmaste tyngre tekniske inngrep). I 2008 var dette redusert til i underkant av tolv prosent, og kvar einaste dag forsyner vi oss av små og større bitar av det vi har att.

Før gjekk vi i lange tog for våre elvar og vassdrag og dalføre. Batt oss i lenkjer og budde i telt i vekevis for den urørte naturen. Det var ein kamp som vart kjempa med midlar som gjerne var i strid med lova, men så edelt var føremålet, at elles rettskafne borgarar syntest det var verdt offeret.

I Hardanger har ei handfull aksjonistar halde liv i denne tradisjonen med sivil ulydnad i samband med kampen mot mastene, men over tid har dei også trøytna og blitt nedkjempa. Jamt over har det klassiske naturvernet vore på vikande front. Politikarane er bondefanga av klimasaka og omfamnar på populistisk vis alt som smakar av klimatiltak og alt som kan tolkast som fornybart, nær sagt uansett kor lite det monnar. Parti og politikarar som tradisjonelt har likt å bli kopla til naturvern, er ikkje lenger like ivrige talspersonar for det som brukte å vera ei kampsak. Når klimaet står på spel, får naturen heller blø, og slik blir utbyggingssaker presenterte som gladsaker heller enn som vonbrot.

Det er ei utsøkt glede og eit fantastisk privilegium å kunna nyta naturen, slik som vi enno kan i store delar av landet vårt. Å oppsøkja freden og einsemda langt frå folk og langt frå menneskelege inngrep, er ein verdi som vi med ein klisje kan seia «ikkje let seg måla i pengar». Men kanskje var det nettopp det vi skulle. Kanskje skulle vi sett ein prislapp på dei urørte dalføra, på dei glitrande vassdraga, på dei bortgøymde botnane og dei kvitkledde toppane, slik at vi hadde ein idé om kor dyrebare dei er, dei perlene vi så lettvint i dag legg under asfalt eller kler med master og møller.

Slik det er i dag, er den urørte naturen verdilaus. Naturen har ingen verdi før han blir sett i arbeid. Til dømes til å produsera eller transportera energi. Det burde vera ein provokasjon mot alle som med ujamne mellomrom opplever korleis dei kan henta krefter og inspirasjon i naturen, og det burde sjølvsagt vera ein viktig premiss for dei som er sette til å forvalta naturrikdomane våre.

Vi treng ikkje meir elektrisk straum i landet vårt, med mindre ein blindt underkastar seg Ola Borten Moe si oppmoding om å auka det private forbruket. Ikkje desto mindre er det gitt konsesjon for utbygging av til saman 1842 småkraft- og mini/mikrokraftverk her i landet. I tillegg ligg det inne søknader for ytterlegare 680 kraftverk. Samla sett representerer dette store naturinngrep og eit skadeverk på naturmangfaldet som vi ikkje har oversyn over. Direktoratet for Naturforvaltning (DN) påpeikar at jamvel om fornybar energi i stor grad er klimavenleg, er det ingen garanti for at han kan reknast som miljøvenleg og berekraftig.

Slik sett er det sørgjeleg, det som har skjedd med det klassiske naturvernet. Knapt nokon bryr seg lenger. Det er makta som rår, og dei som er sette til å kontrollera makta, opplever at dei ikkje blir teke omsyn til. Både DN og Riksantikvaren har nokså ope gitt uttrykk for denne maktesløysa. Det er i seg sjølv urovekkjande, for naturen vår er eit felleseige og ein ressurs som treng og fortener prinsippfast forsvar, ikkje vinglete likesæle.

Kommentarer