Vi må lære

USYNLEG MOBBING: Alle bør spørje seg sjølv om ein er flink nok til å inkludere andre, skriv Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Eirik Brekke

Historia til June rører oss fordi vi kjenner oss igjen.

I løpet av to døgn har June (18), som fortalde si mobbehistorie til BT, gått frå null til hundre, bokstaveleg tala. Om lag hundre personar har sendt henne veneførespurnader på nettstaden Facebook, og den positive merksemda kring historia hennar har vore enorm. Både June og foreldra er overvelda.

Kvifor blir vi så rørte av det June fortel om?

Eg trur det er fordi vi kjenner oss igjen i både June og dei som skal ha halde henne utanfor. Det kunne hendt kven som helst av oss, og kva side av bordet ein hamnar på, er ikkje alltid lett å spå. Mange deler June sine vonde erfaringar frå skuletida. Og mange av oss kjenner kanskje på skamma over sjølv å ha ekskludert nokon. For å ha lagt planar som ikkje alle fekk vere med på, og som nokon kanskje har opplevd som ekskluderande. Det er ikkje alltid ein gjer slikt av vond vilje, eller tenkjer over korleis andre opplever situasjonen.

 

Hamnar nokon utanfor på grunn av meg?

 

Ein annan grunn til at vi kjenner oss igjen, er at populærkulturen er full av denne typen mobbing. Seriar som «Gossip Girl» og «Paradise hotell», samt filmar som «Mean Girls» gjev oss mange fikse idear om korleis vi kan manipulere oss fram til det vi vil ha. Såkalla usynleg mobbing er, når ein tenkjer seg om, ikkje særleg usynleg.

At einskildpersonar står fram med slike erfaringar, kan hjelpe mange. Både dei som tidlegare er blitt mobba, og dei som lever i mobbehelvetet no. Men den vil også hjelpe mange til å bli meir oppmerksame på si eiga rolle i skulekvardagen og elles i livet.

Det alle kan lære av June si historie er to ting. Den første lærdomen handlar om å forstå konsekvensen av små handlingar. Denne saka utspelar seg i eit skulemiljø, men den er også aktuell for vaksenlivet. Usynleg mobbing går føre seg overalt: i vennegjengar, på jobben, i organisasjonar og i lokalsamfunnet. Kanskje bør alle spørje seg sjølv om ein er flink nok til å vere inkluderande. Hamnar nokon utanfor på grunn av meg?

Den andre lærdomen er at det hjelper å setje ord på det vanskelege. På den måten kan ein få hjelp til å kjenne igjen mobbemønsteret, og innsjå at ein sjølv ikkje har skulda for situasjonen. Slik blir ein kvitt skamma, og kan ta grep om morgondagen. June har gått fremst, og mange har allereie følgt etter og delt sine historier. Det ber bod om ei lysare framtid for mange einsame ungdomar.

Tags:

Kommentarer