Viseadministrerande pappa

Eg hugsar enno den kjensla: Å stå åleine att i barnehagen og vente på far min.

TRAPPA: Eg er den faren som står på trappa i barnehagen kl 07.30 med to ungar i desembermørkret, på veg til eit viktig møte. Foto: Silje M. Stavrum Norevik

 

Eg er 41, far til to på 3 og 5, bonuspappa til ein 17-åring, eg er viseadministrerande direktør i eit børsnotert selskap med ca 800 tilsette, eg har fleire krevjande styreverv. For første gong har nokon spurt meg: Korleis er det å vere toppleiar og småbarnsfar?  Journalisten som tar kontakt vil gjerne ha stemma til ein næringslivsleiar og småbarnsfar med i den pågåande debatten. Eg tar utfordringa, men kjenner at oppgåva er krevjande. Det minner meg om då eg som 23-åring fekk personalansvar for ei avdeling der samtlege var på alder med foreldra mine, og sjefen min ikkje tok på alvor saksdokument som ikkje var skrivne på nynorsk (er redd dei ikkje lagar slike sjefar lenger).

Bensinstasjon
Eg hugsar enno den kjensla: Å stå åleine att i barnehagen og vente på far min. Han dreiv bensinstasjonen Norol i Svelgen, han var alltid siste mann som henta. Barnehagepersonalet var synleg irriterte, og eg sto der og venta så intenst på at den raude folkevogna skulle dukke opp i full fart. Men tidene endrar seg: No er det eg som kjem sist, no er det eg som er sistemann opp trappene til dei to små som har vandra langs vindauga i garderoben og venta på meg. Det hender at eg tenker: Er den travle jobben min verdt det?

Er det verdt det?
Eg er den faren som står på trappa i barnehagen kl 07.30 med to ungar i desembermørkret, på veg til eit viktig møte. Eg er styreleiar i eit selskap i sterk, spennande strategisk utvikling. Eg er faren som skundar meg inn i garderoben, berre for å oppdage at det er Luciadagen og alle dei andre foreldra skal ete lussekattar med ungane sine før dei skal på jobb. Eg er faren som står der i garderoben medan sonen min krev at eg tar han i neven på at eg ALDRI meir skal gå i styremøte på Luciadagen. Og eg spør meg: Er det verkeleg verdt det?
Eg er privilegert. Vi er to vaksne som har jobbar vi liker, dette er våre val som familie, dette er mine prioriteringar som far. Men like fullt vil eg gjerne gje eit breiare bilde, når eg først fekk spørsmålet: Korleis er det å vere næringslivsleiar og småbarnsfar?

Paradigmebrytarar
Ein del av svaret er at min generasjon fedre i næringslivet på sett og vis er paradigmebrytarar: Vi er dei første som går heim frå konsernleiarmøta når ungane våre er sjuke. Det er ingen som har reist seg før oss og sagt: «Beklagar, eg må gå – dei ringer frå barnehagen og minsten kastar opp». For mange fedre er dette ikkje utan kostnad:
Brad Harrington er direktør ved Boston College Center for Work and Family. Han har forska på farsrolla i næringslivet. Hans arbeid viser korleis forventingar og kjønnsroller slår ulikt ut: Når kvinner får ungar er det venta at dei vil prioritere familie foran karriere. For menn er det motsett: Nybakte fedre i næringslivet møter forventningar om at dei skal jobbe like mykje, eller gjerne meir enn dei gjorde før ungane kom. Det er med andre ord ikkje venta at næringslivsleiarar skal jobbe mindre når dei vert fedre, snarare tvert i mot. For mange vert løysinga ei skiftordning der den eine må velgje ein mindre krevjande jobb for at den andre skal kunne innfri som toppleiar. Det er praktisk, men også krevjande: For å kunne innfri 100 prosent som toppleiar, vil det implistitt medføre at vedkommande risikerer å stå i vegen for karriereutviklinga til partnaren sin.

Usannsynleg heldige
Den andre delen av svaret mitt er at eg meiner vi er usannsynleg heldige som faktisk er i posisjon til å kunne velgje våre utdannings- og karriereløp. Og som ikkje det er nok: Valfridom er sikra også for dei som opplever at dei eigentleg ikkje har noko val. Den særnorske ordninga med pappaperm er uvurderleg.
Å vere den første i ei leiargruppe som tar ut permisjon, den første som opererer med tidskonto, det er definitivt krevjande. Å vere den første nordsjøarbeidaren som ber om å endre rotasjonsplanen for å vere heime når kona har termin, det er heller ikkje utan risiko. Å vere den første betyr også at ein bryt med konvensjonane om kva det vil seie å vere mann og kva det vil seie å vere sjef. Like fullt er det fleire i min generasjon som gjer nettopp dette. Og dei har nok spurt seg sjølv: Er det verkeleg verdt det?
For eigen del er svaret enkelt: Ja, det er verdt det!

Ikkje berekraftig

Dersom eg berre fokuserte på mitt ansvar for eigne ungar, kan prioriteringa synest feil. Men vårt arbeid og vårt virke er også ein del av mine ungar si framtid. Om eg berre fokuserte på å vere med ungane mine her og no, ville heile brøken ikkje gå opp. Men fordi eg tenker lenger fram, fordi eg tenker at vårt arbeid i dag handlar om ein større fellesskap enn berre min eigen, min aller næraste familie, då vert svaret eit anna.  Som foreldre inngår vi også i ein større, nasjonal og global arbeidsfellesskap som på overordna vis gjer omverda som ungane våre skal vekse opp i tryggare og meir stabil. Å ta ansvar for familien sin handlar om å makte balansen mellom mikro- og makroperspektivet, og eg meiner den pågåande diskusjonen i altfor liten grad faktisk tar inn samfunnsperspektiva. Altfor mykje av argumentasjonen er tufta på eit mikroperspektiv der det synest som om foreldrerolla er å kjempe for ein perfekt, harmonisert kvardag der ingen ting er stress, alt er her og no, og så mykje som mogleg er heimelaga.

Eg trur ikkje ein slik idé om kva det vil seie å vere gode foreldre er berekraftig. Å vere foreldre er å tenke langsiktig for å trygge ungane sine, å vere næringslivsleiar er å tenke langsiktig for selskapet.  Begge delar er utfordrande og tidvis knallhardt arbeid. Kan hende vi som foreldre og som arbeidsfolk kan sette vår innsats i perspektiv med orda som Roald  Amundsen skriv om sin ekspedisjon til Sydpolen?

 

Victory awaits him who has everything in order – luck, people call it.
Defeat is certain for him who has neglected to take the necessary precautions in time;
this is called bad luck.

Ein heldig generasjon
Eg veit vi tilhøyrer ein svært heldig generasjon, vi som er oppvaksne og utdanna i eit oljerikt Noreg. Eg er trygg på at vi ikkje kan basere oss på tilsvarande flaks for ungane våre i framtida.  Skal vi sikre at våre ungar har det beste utgangspunktet i ei globalisert verd etter at olja er erstatta med andre energikjelder, må vi også ivareta samfunnsperspektivet.
Når ungane er i seng, går eg opp Stoltzen. I den kalde april-lufta synest svaret på kvardagsgrublinga temmeleg klart: Vi bur eit land med godt barnehagetilbod og trygge rammer for dei aller minste, i eit land med tolvårig grunnskule for alle, etterfølgt av høgskular og universitet som er gratis. Vi bur i eit land der vi i motsetnad til resten av Europa har all verdas jobbmoglegheiter. I tillegg har vi ordningar som sikrar oss svært gode permisjonsløysingar det første året som nybakte foreldre. Om ikkje vår generasjon mødre og fedre skulle vere villige til å verkeleg investere i både jobb og familie, kven skal gjere det då?

Tags: , , ,

Kommentarer