Vaksen rebell

JUBILANT: Frp fyller førti år. Retorikken har alltid vore partiets styrke, skriv Maria Dyrhol Sandvik. På bildet er partileiar Siv Jensen på valkamp-turné i 2011. Arkivfoto: Aftenposten

Nett som andre førtiåringar, var Frp kulare før.

Framstegspartiet (Frp) er Noregs mest fascinerande parti. Førtiårsjubilanten har fremja kontroversielle forslag som andre parti først har forkasta, men seinare adoptert. Heile tida til applaus frå eigne veljarar og avsky frå andre. Partiet har provosert og engasjert, men konsekvent snakka eit språk som folk forstår. Her ligg mykje av styrken til Frp.

Tidlegare FpU-formann Ove Vanebo skriv i Tidsskriftet Samtiden at Frp, sterkt inspirert av amerikansk politikk, var først ute med å bruke moderne marknadsføring i valkampen. Partiet tok retorikken på alvor. Dei prioriterte klare bodskapar i fargesterk innpakning, og hadde fritalande politikarar som gjorde reint bord i direktesendte TV-debattar. «Medan arbeidarpartifolk slår seg laus på dansegolvet, trivst Frp-aren best når han kan slå seg laus frå talarstolen», skriv Vanebo. Det er her mykje av styrken til Frp ligg. I ein politisk flora der dei fleste parti er keisame potteplanter, har Frp alltid vore ein fargerik stemorsblome som trivst best i vêr og vind.

Men kva har skjedd? «Høgre-populismen som retorisk fenomen er daud og partiprogrammet keisamt, keisamt og keisamt», slår Jon Hustad fast i Dag og Tid. Frp har vorte rundare i kantane. Etter kvart er det også blitt mange akademikarar i partiet, som manglar det fargerike språket som har vore typisk for partiet. Derimot er desse politikarane ofte like fulle av flosklar som dei frå andre parti. Det kan få konsekvensar for partiet si kjende evne til å setje dagsorden.

 

Frp har alltid har vore gode på å fange tidsånda

 

Vanebo slår fast at Frp, som alltid har vore gode på å fange tidsånda, før første gang slit med nettopp det. På åtti- og nittitalet var veljarar opne for nye løysingar, og for eit parti som braut med den tradisjonelle parti­strukturen. No lever vi i tøffare tider. Økonomisk krise og frykta for terrorisme gjer at veljarar stemmer på dei mest ansvarlege alternativa.

Det gir Frp ei utfordring før stortingvalet i haust. Dersom dei kjem i regjering saman med eit mykje større og sterkare Høgre, kan det gå med Frp som med SV, altså beint nedover. Dette vedgår også den abdiserte partikongen Carl I. Hagen i Dagsavisen: «Vår utfordring er nøyaktig den same som SV har hatt. Og SV har ikkje kome så godt ut av det». Men makta freistar, og ein som rundar førti ønskjer sjølvsagt å klatre oppover karrierestigen. Det krevjer tilpassing, men spørsmålet er om Frp er i ferd med å tape ein del av sjela når dei no knyter slipsknuten, vaskar munnen og gjer seg klare til å flytte inn i regjeringskontora. På ei anna side: Det tok førti år før Ap først kom til makta. Resten er historie.

Tags:

Kommentarer