Ein skjemaslave blir til

Ein blivande lege si reise frå naiv idealist til resignert diagnosekodar.

– Kvar gong eg må fylla ut den tidlegare nemnde utskriftsloggen, trykkjer eg berre på ein masse tilfeldige tastar på tastaturet, og satsar på at ingen sjekkar den. Så langt har eg ikkje høyrt noko, skriv Bleie.


«Hvem skal ha utskriften? Hvorfor skrives dokumentet ut? Hvem er makuleringsansvarlig?»

Eg var på mi fyrste utplassering som medisinstudent, og hadde laga utskrivingsrapport til ein pasient. Sjølv etter å ha søkt om datatilgang eit par månader på førehand, skaffa meg politiattest, signert tausheitserklæringar både ein og to gonger og teke den hippokratiske med, var eg framleis ikkje trudd til å skriva ut frå journalen utan nøye loggføring. At eg på ti sekund kunne ha teke eit mobilfoto av skjermen og lagt heile stasen anonymt ut til glede for nokre milliardar internettbrukarar, hadde ikkje sige inn hjå dei som laga systemet.

Då det demra
Eg skal innrømma at eg ikkje heilt visste kva legar dreiv med då eg starta på medisinstudiet. Eg hadde knapt vore innanfor dørene på eit sjukehus, men rekna med at dei opererte tarmslyng, ordinerte blodtrykksmedisinar, forska på bakteriar og restarta hjarta på folk.

Rett nok visste eg at legar, ifølgje Legeforeininga, brukte rundt 50 % av tida si på ikkje-pasientretta arbeid, men eg forstod ikkje kva dette eigentleg tydde. Der eg sat og prøvde å få lov til å skriva ut dokumentet eg sjølv nettopp hadde forfatta, byrja det likevel å demra.

NPM dukkar opp
Dette var mitt fyrste møte med New Public Management (NPM) i helsevesenet. Me snakkar altså om denne blandingsrasen av ein politisk/administrativ-filosofi, som tilseier at ting blir meir oversiktleg og påliteleg dersom offentlege verksemder og institusjonar let som om dei opererer i ein marknad med kjøp og sal av varer og tenester.

NPM har det siste året blitt sabla ned av samfunnsdebattant-celebritetar frå både blåblå og blodraude deler av det politiske spekteret. Refrenget er at NPM gjer samfunnet handlingslamma og byråkratisk, og filosofien har meir eller mindre fått skulda for alt frå 22. juli til at lærarstudentar stryk i matte.

For min del sat konseptet den gong vagt i minnet frå samfunnsfagtimane på vidaregåande, og eg hugsa at eg reint intuitivt tykte det høyrdest ut som ein strålande fornuftig tankegang. No når eg fekk føla det på kroppen vart eg brått meir skeptisk.

Logg, logg, logg
Etter NPM-debuten min vart det mykje koding, kontroll og rapportering. Kvar medisinske diagnose hadde ein kode, kvar kirurgiske prosedyre hadde ein kode, nokre kodar skulle merkast med sverd, andre skulle merkast med stjerne.

Kodinga levde eg for så vidt godt med. Den kanskje viktigaste arbeidsreiskapen me har i medisinsk forsking er god statistikk. Eg sit gjerne og sveittar over tastaturet og finpussar på tala slik at denne vert mest mogeleg riktig og informativ. Likevel kunne eg gjerne ha teke imot hjelp frå nokon av dei seks tusen nye, ikkje-medisinske tilsette som har kome til helsevesenet dei siste ti åra.

Meir tvilsamt var det å smått om senn oppdaga kva marknadstenkinga og stykkprisfinansieringa gjorde med måten eg og mine kollegaer tenkte og jobba på.

Budsjettkontroll
Det viste seg først i eit fast ritual eikvar sjukehusavdeling har: Leiinga går med jamne mellomrom gjennom datasystemet og kjem med skryt eller skjenn alt etter kor mykje som er korrekt utfylt, ettersom det er det som til dels avgjer kor mykje pengar avdelinga/foretaket får refundert frå staten.

No har kanskje aldri legar gått rundt i korridorane og gjort high-five og gitt kompisklem for kvar gong dei sydde ekstra fine sting eller doserte akkurat rett mengde blodfortynnande. Det skurrar likevel aldri så lite når det vankar kake og godord på morgonmøtet for framragande utfylling av skjema, men sjeldan for god medisinfagleg innsats.
Avdelingsleiarar kan vanskeleg lastast for dette. Presset ovan- og utanfrå er stort, og manifesterer seg på mange vis.

Eksternt press
Mange kreftpasientar får blodcelleproduksjonen sin heilt slått ut av behandlinga dei får. Det finst ein medisin som enkelte kan nytta for å få produksjonen raskare i gang att, men denne er dyr, og kan berre delast ut etter individuell søknad til Helseøkonomiforvaltninga (HELFO) for kvar pasient. Grunngjevinga for å gje medisinen er derimot nesten heilt lik i kvart enkelt tilfelle.

Ei sjukehusavdeling austpå hadde difor laga seg ein standardtekst som dei limte inn på søknadsskjemaet. Det fungerte bra inntil dei fekk påpakning frå HELFO om at det kom for mange like søknader, og at søknadene måtte vera reelle. Så no sit legane til dagleg og diktar opp nye, finurlege måtar å sei akkurat det same på. Antal pasientar som får medisinen er truleg uendra.

Inn til klage
Eit anna døme er helseføretaket som vart klaga inn til Klagenemnda for offentlege anskaffingar av ein proteseprodusent. I anbodsprosessen for kva protesar ein skulle kjøpa inn dei komande åra, hadde foretaket vore så frekke å teke omsyn til kva det ville kosta å omskolera ortopedane sine dersom ein skifta protesetype.

Utstyret til ein proteseoperasjon er nok til å dekka eit ganske stort middagsbord. Det tek lang tid å bli fortruleg med det heile, og bruka det på kompetent vis i den ganske uføreseielege situasjonen ein har når ein driv og kuttar og kappar i menneskekroppen med hammar, meisel og sirkelsag.

Mislukka operasjon
Dersom berre eit fåtal av protesane må reopererast på grunn av feil, eller berre nokre få prosent færre pasientar kjem tilbake i arbeid på grunn av mislukka operasjon, har både helseføretaket og samfunnet langt større utgifter enn det ein sparar inn på anbodskonkurransar.

Eit anna helseføretak la nyleg ned hudpoliklinikken på eit lokalsjukehus. Det brukar i dag like mykje pengar i året på å frakta hundrevis av hudpasientar til regionsjukehuset og tilbake, som denne poliklinikken kosta. Transportkostnader kjem likevel på eit anna budsjett.

Berre trykk OK
Slik går no dagan. Venstresida kan lata som dei held oppe offentleg sektor, sjølv om dei jobbar hardt med å suga beinmergen ut av den, gjennom å viska vekk alle meiningsfulle forskjellar mellom offentleg og privat.

Høgre kan lata som om folk får masse valfridom og at markedets magi spelar fritt innan det offentlege, medan det heile går føre seg i eit gjennomregulert, statleg styrt teater. Når begge sider av det politiske spekteret er nøgde, då veit du at noko er gale.

Eit stille opprør
Sjølv har eg med tida resignert og gitt meg over. På lydig vis kodar eg inn dei mest spissfindige desimalkodar (med eller utan sverd og stjerne), fyller ut ferdigmeldingar, individuelle søknader og tilvisingar til fysioterapi (sjølv om fysioterapeuten sat ein meter frå meg på morgonmøtet og er fullt informert).

Men som mange andre som har selt sjela si gjer eg opprør i det stille, for å halda på ein snev av verdigheit: Kvar gong eg må fylla ut den tidlegare nemnde utskriftsloggen, trykkjer eg berre på ein masse tilfeldige tastar på tastaturet, og satsar på at ingen sjekkar den.
Så langt har eg ikkje høyrt noko.

Tags: , ,

Kommentarer

9 Svar til “Ein skjemaslave blir til”

  1. Ursoidea 10. april 2013 på 12:09 #

    «seks tusen nye, ikkje-medisinske tilsette som har kome til helsevesenet dei siste ti åra»

    Det blir vel ca. 6 milliarder kroner.

  2. Gunnar 10. april 2013 på 14:47 #

    Veldig bra skrevet, men desto mer synd at slike som deg også resignerer til slutt.

  3. Peter Bering 10. april 2013 på 16:41 #

    Privatisering av produksjon med en blanding av offentlig og privat finansiering er selvsagt løsningen. Alt annet er ren maktpolitikk fra det perverse Ap. Se til deler av Tyskland, samt Sveits, Østerrike, Nederland og Danmark for inspirasjon. Leger som jobber i det offentlige Norge kan ikke lenger kalles leger. De er statstjenere med medisinsk ekspertise og tvungen lojalitet til Apestaten og ikke til pasientene. Norsk helsevesen er en blanding av stalinisme, fascisme og vanvittig feil bruk av styringskonsepter.

    Og de politisk innsatte Apedirektørene? De gir f i pasienter og personell og jobber politisk for å skape den perfekte kontrollstat. Til ALL kritikk sier de bare:»Jeg kjenner meg ikke igjen i kritikken», og går så bare vekk. De er på ingen måte ledere. De er politiske kommissærer.

  4. Knut Øvrebø 10. april 2013 på 18:02 #

    Du har tydeligvis ikke resignert, da hadde du ikke tatt deg bryet med å skrive dette innlegget som er både utrolig viktig og bra. Spesielt liker jeg ditt poeng om at venstre og høyresiden begge er godt fornøyd med å kjøre offentlig sektor utfor stupet.. En tanke jeg håper flest mulig tar med seg til valgurnene ved det kommende valget. Takk for et utrolig bra innlegg :-)

    • Peter3000 11. april 2013 på 07:17 #

      Hvordan mener du vi skal ta dette med oss til valgurnene? Hverken stemme mot venstre eller mot høyre? Stemme hva da?

      • Harald Brynlund-Lima 22. mai 2013 på 07:19 #

        Stem, stem!

        For eksempel Miljøpartiet De Grønne – som er fristilt venstre/høyre dikotomien.

        Se under for lenker. MDG tar blant annet forebygging mye mer alvorlig enn andre partiers helsepolitikk:
        http://www.mdg.no/politikk/helse/
        http://www.mdg.no/nyheter/verken-rod-eller-bla-men-gronn/

        Godt valg!

        Mvh

      • Idelhi 17. august 2013 på 22:28 #

        Det er fortsatt 2 partier som ikke deltar i «blokkene»: Rødt og Miljøpartiet de Grønne.. Kanskje en stemme til ett av disse partiene vil gi en vekker til våre etablerte politikere..

  5. OlaMarvin 10. april 2013 på 18:56 #

    Takk for dette. Jeg håper du oppfordrer dine kolleger til også å skrive. Forhåpentligvis kan du vise at frykten for å være uglesett whistleblower er ubegrunnet og at flere vil skrive. Til slutt blir stemmene et kor som alle må høre på. Det er ikke politiker A eller politiker B som er slem, men hele apparatet som virker så attraktivt for politikerne som ikke passer inn i den blodsleipe og vanskelige virkeligheten.

    Igjen takk, du kan få sjekke min prostata når som helst, uten henvisning eller spandering av drink.

  6. Are Flåøien 12. april 2013 på 05:55 #

    Du må værra økonom for å tru at du faktisk kan tjene peeng på å behandle sjuke og utdanne unger … NPM er logisk tøysetenking