Akademisk valduell

FINN FORSKJELLEN: «Team Olsen» (t.v.) og «Team Atakan» (t.h.) er kandidatar ved årets rektorval. Dei har fått kritikk for å vere for like, men skil lag i spørsmål om til dømes samarbeid med næringslivet. I kveld treffast dei til rektordebatt på Litteraturhuset i Bergen. FOTO Odd Mehus/Eivind Senneset.

Kor spanande skal ein rektorvalkamp vere?

Universitetet skal ta to omsyn som ofte kjem i konflikt: På den eine sida skal det levere kunnskap og arbeidskraft til det offentlege og det private næringslivet. Åå den andre sida skal det vere ein sjølvstendig aktør i samfunnsutviklinga. Her går nokre av konfliktlinjene i ein rektorvalkamp: I kva grad skal ein samarbeide med næringslivet? Skal det prioritere fagfelt der samfunnet treng kompetanse, eller satse på breidda?

Kandidatane til årets rektorval ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen og Kuvvet Atakan, har fått kritikk for å vere keisame og alt for like. Begge har bakgrunn frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, og begge er opptekne av dialog, forsking, demokrati og alt godt. «Forstyrr oss ikkje med planar, strategiar og visjonar, men lat oss få bruka tid på forsking, rettleiing og undervisning», ba professor Sjur Didrik Flåm i gårsdagens BT. Han vert neppe bønhøyrd, skal vi tru valprogramma til kandidatane.

«Dess høgare den teoretiske intelligensen er i ein organisasjon, dess større vanskar har den med å styre seg sjølv», sa Inge Lønning om si tid som rektor ved Universitetet i Oslo. Spørsmålet er om ordninga med valt leiing gjer at mange let vere å søkje seg til ei rektorstilling. NTNU i Trondheim har gått vekk frå denne modellen, og har rektorar som vert tilsette i staden. Det har sine fordelar ved at fleire søkjer. NTNU hadde heile åtte søkjarar til stillinga i fjor haust, medan UiB har to, som i tillegg er frå same fakultet.
Det er kanskje lettare å få folk til å søkje enn å kaste seg ut i ein valkamp.

Kandidatane vil likevel ikkje gå vekk frå ordninga med valt leiing, mellom anna fordi den sørgjer for at rektoratet har eit mandat frå heile universitetssamfunnet. Universitetet er heller ikkje ei vanleg bedrift. Det som kan kritiserast som svak leiing og «konsensuskultur», er kanskje rett medisin for ein mangfaldig organisasjon, med sterke dekanar og instituttleiarar på kvar si tue. Organisasjonen vert sikkert mindre omstillingsdyktig, men ordninga kan samstundes fungere som eit korrektiv til for raske endringar. Universiteta har ein gammal, akademisk arv å forvalte, og har andre oppgåver enn å levere varer til myndigheiter og næringsliv i rett tempo.
Men universitetsdemokratiet vert sårbart dersom interessa er låg. Difor er det opp til kandidatane å hoste opp valprogram som gjer folk engasjerte. Dersom kandidatane ikkje lukkast med dette, risikerer dei svak legitimitet. Det kan igjen føre til ei maktforskyving frå den faglege leiinga til administrasjonen.

 

I spørsmålet om utdanningskvalitet er det ingen av kandidatane som overbeviser

 

I årets rektorval har «Team Olsen» vind i segla. Saman med sine lagkameratar har han stått fram som meir utåtretta enn sin motkandidat, både i sosiale medium og i møte med studentar, som også får stemme i rektorvalet. Han har sett saman eit lag av friviljuge som arbeidar med valkampen, og engasjerer på den måten studentar i ei tid der studentdemokratiet elles står svakt. Han har tydelege prioriteringar, og seier til BT at han vil auke samarbeidet med andre fagmiljø både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Atakan svarer at han vil byggje organisasjon ved UiB. Olsen er positiv til sponsing av professorat, så lenge det ikkje fører til faglege bindingar. Atakan er ikkje skeptisk til dette, men ønskjer seg meir grunnfinansiering frå det offentlege. Olsen vil spisse enkelte fagmiljø, og satse på klimaforsking, Atakan er meir oppteken av breiddeuniversitetet.

I spørsmålet om utdanningskvalitet er det ingen av kandidatane som overbeviser. «Når utdanning vert diskutert, dreier det seg mest om tiltak som ikkje krev mykje arbeid», skriv student Ingrid Foss Ballo i Studvest. Digitalisering av undervisninga og meir pedagogikk for undervisarar er vel og bra, men korleis unngår ein at undervisning vert eit «hol i CV-en» for ambisiøse forskarar? Og endå viktigare: Korleis skal ein ta vare på kvaliteten på studiet når studentkulla held fram med å vekse inn i himmelen?

Her er Ballo inne på noko viktig. UiB har for mange studentar. Dagens finansieringsmodell for universiteta gjev løyvingar etter talet på studentar, og kor mange studiepoeng desse produserar i året. Dette står i vegen for eit godt undervisningstilbod. Det er rett og slett ikkje ressursar til å styrke tilbodet, når eit mylder av studentar skal gjennom kverna kvart semester. Dette burde begge rektorkandidatane protestere imot. Ein kan ikkje få både kvantitet og kvalitet samstundes. Her har morgondagens rektor ei stor utfordring.

Ved Universitetet i Oslo (UiO) stundar det også til rektorval, og der er valkampen langt friskare. Også i Oslo er det berre to kandidatar, og sitjande rektor Ole Petter Ottersen vert utfordra av studenten Torkil Vederhus. Rektor Ottersen får kjørt seg i debattar mot utfordraren, som vil prioritera undervisning like høgt som forsking, og som kallar studiet i statsvitskap på Blindern «Noregs dårlegaste utdanning».
Men kva skjer dersom Vederhus går av med valsigeren? Vil han nå målet sitt om å betre utdanningskvalitet, eller vil han bli eten opp av universitetsbyråkratiet? Ein kan frykte det siste. Eit universitet treng ein rektor med erfaring frå både forsking og undervising. Det har begge kandidatane i Bergen.

Rektorkandidatane Dag Rune Olsen og Kuvvet Atakan stiller til debatt på Litteraturhuset i Bergen i kveld kl. 18.00. Debattleiar er Frøy Gudbrandsen (BT).
Arrangør: Eidestiftelsen

Tags: , , ,

Kommentarer