Ti Instagram-bilete frå Nord-Korea

Eit vindauge inn til eit lukka land.

Berre veker etter at Nord-Korea opna opp for at turistar til landet fekk kople seg på 3G-nett,  har landet no kutta tilgangen til internett att. Men i mellomtida rakk blant andre Jean H. Lee og David Guttenfelder frå byrået Associated Press å laste opp mange kvardagsblikk frå hovudstaden Pyongyang via biletedelingstenesta Instagram.

Det er fascinerande blinkskot frå kvardagslivet i det lukka landet, som kjem med stadige truslar mot det internasjonale samfunnet. «Pretty ordinary stuff in the world of social media, but revolutionary for North Korea», skriv Guttenfelder hjå The Guardian. Nordkoreanarar sjølve har ikkje tilgang til det dei kallar «det internasjonale internettet».

Her er ti favorittar, for fleire bilete, følg @newsjean og @dguttenfelder på Instagram, og sjekk ut hashtaggar som #Pyongyang og #NKorea.

1. Trafikkvakt i Pyongyang

 

2.Brudepar bøyer seg for statuen til dei avdøde leiarane Kim Il Sung og Kim Jong-Il

 

3. Nordkoreansk togstasjon

 

4. Rakettutstilling ved ei rulletrapp

 

5. Postkort med propagandamotiv

 

 

6. Jenter søkjer ly for sola under eit barnestevne i Pyongyang

 

7. Bybuss i Pyongyang

 

8. Ein nordkoreanar leser den statlege avisa

 

9. Fødestove i Pyongyang

 

10. Tax Free på Pyongyang internasjonale flyplass

Kommentarer