Undervising til strykkarakter

HiB sitt mobbefokus er for dårleg, og departementet sine retningslinjer for vage.

Lærarutdanninga er stadig i søkjelyset, og stadig i endring. Journalistar og politikarar kappast om å peike på kva som må bli betre for at lærarane skal bli best mogleg. Då bør ein også lytte til kva lærarstudentane sjølve seier, og no etterlyser studentar ved Høgskulen i Bergen (HiB) meir kunnskap om mobbing. Fire år på lærarstudiet og berre sju sider på pensum om mobbing går ikkje opp. Det gjer heller ikkje to forelesingar om mobbing i løpet av studietida.
Studentane opplever «praksisjokket» når dei skal ha læretid i skulen, fordi dei ikkje veit korleis dei skal takle mobbing. «Kva skal du seie til ein grinande tolvåring?», spør lærarstudent Tiril Brude Orrestad i dagens BT. Det burde ho få svar på i løpet av praksisopphaldet sitt. Dei fleste skular har tiltaksplanar mot mobbing, men blir studentane involverte i dette arbeidet i løpet av praksisopphaldet? Dersom ikkje, går studentane glipp av viktig læring.

 

Fire år på lærarstudiet og berre sju sider på pensum om mobbing går ikkje opp

For det er ikkje alt ein kan lære på skulebenken. Noko må lærast «i felten». For dei fleste nyutdanna lærarar vil møtet med den første mobbesaka bli tøff uansett kor mange forelesingar dei hadde i løpet av studietida. Likevel er det viktig å lære det grunnleggjande om mobbing. Og viktigast: Kvar kan ein søkje hjelp dersom ei mobbesak oppstår?

Ein fjerdedel av nyutdanna lærarar forsvinn frå læraryrket. John G. Torsvik frå Utdanningsforbundet seier til BT at han trur røynda ikkje svarar til forventningane når dei nyutdanna møter skulekvardagen. Lærarar har mange planar dei må halde seg til, og stadig meir tid går vekk til andre ting enn samspel med elevane. Ei tøff mobbesak på toppen kan gjere at arbeidsdagen ikkje går opp. Nokre skular er flinke til å hjelpe nyutdanna lærarar, men i andre tilfelle blir læraren ståande åleine med ei mobbesak i hendene. Dersom læraren ikkje er kompetent nok kan det få konsekvensar både for mobbeofferet og læraren sjølv.

Myndigheitene må leggje sterkare føringar for at mobbing skal få større plass i lærarutdanninga, skal vi tru førsteamanuensis ved HiB, Olav Mjaatvedt. Det er delvis ei ansvarsfråskriving. Kunnskapsdepartementet har sagt klårt ifrå om at lærarstudentar skal vere rusta til å takle mobbing etter fire år på lærarstudiet. Då er det opp til Høgskulen å sørgje for dette.
Samstundes er den såkalla «Forskrifta om rammeplan for grunnskuleutdanninga» berre vage formuleringar. Kunnskapsdepartementet bør formulere seg betre. Heilt konkret: Kva bør studentane kunne om mobbing og tiltak mot mobbing før dei skal ut i skulekvardagen? Kva seier ein til ein grinande tolvåring?

Tags: ,

Kommentarer