Norwegian Defence League kjem til å eksistere heilt til medlemmene sjølv stiller spørsmål ved eiga tenking. Slik det er med alle konspirasjonsteoriar.
I helga gjorde Norwegian Defence League eit spedt forsøk på å halde opningsmøte for ei eiga vestlandsavdeling. Den norske organisasjonen har sine røter i English Defence League (EDL), ein organisasjon som har vore involvert i ei rekkje valdsepisodar. Initiativtakar til samlinga i Bergen, Adrian Andersen, sa i søndags-BT at han ikkje kjente til valden.

PROTESTERTE: SOS Rasisme protesterte utanfor då Norwegian Defence League, avdeling Vestlandet, arrangerte opningsmøte i Bergen laurdag.
Det er lite sannsynleg. I går fekk BT ein e-post frå Andersen der han vil utdjupe at han «ikke kjenner godt nok til episodene i England til å ville kommentere dem». I tillegg vil han også presisere at når han seier at islam ikkje er ein religion, men ideologi, så siktar han til «ekstrem/ytterliggående islam».
Begge presiseringane seier noko om kva slags organisasjon NDL er:
For det første: Det ville ha vore oppsiktsvekkjande om Andersen, ein BI-student, var uvitande om kva EDL står for. 1. september i år posta «Norwegian Defence Leauge, West Coast Division» ein video med tale frå EDL-leiar «Tommy Robinson» på Facebook -sida si under orda «beste talen noen gang gitt».
Talen er eit oppkok av konspirasjonsteoriar, islamhets og sentimentalitet.
Robinson, som eigentleg heiter Stephen Yexley-Lennon, har fortid i det høgreekstreme partiet British National Party. Han blei seinast dømt for vald i Blackburn i april i år. Same månaden skal han personleg ha gripe inn og sparka leiaren i Norwegian Defence League, Lena Andreassen.
Eit kjapt blikk på Facebook-sida til NDL avslører at fleire av medlemmene er britar med tilknyting til EDL.
Googlar einTommy Robinson, dukkar supporterklubben til Vålerenga, Klanen, si heimeside opp.
27. juli, fem dagar etter at ein annan EDL-supporter, Anders Behring Breivik, gjekk til åtak mot Noreg, såg Klanen seg nøydd til å ta avstand frå NDL etter indikasjonar om at organisasjonen freista å infiltrere fotballmiljøet. (Noko det er indikasjonar på at dei også prøver på i Bergen).
Facebooksida til NDL nasjonalt er «til tider har vært som å lese et slags «hvem er hvem» over høyreekstremister, organiserte rasister og nynazister i Norge»
Klanen skriv at Facebooksida til NDL «til tider har vært som å lese et slags «hvem er hvem» over høyreekstremister, organiserte rasister og nynazister i Norge».
Dei held fram: «Mange av de høyreekstreme og nynazistene Klanen tok et oppgjør med i 1995, er å finne her (…) NDL deltok også i en antimoské-demonstrasjon i Göteborg på våren. Marsjen var organisert av Nasjonaldemokratene, en utbrytergruppe fra Sverigedemokratene og Försvarskåren Sveriges Självförsvar, ledet av Bjørn Cederström, som også er kjent fra da han ledet nazipartiet Nationalsocialistiska Svenska Arbetarpartiet.»
Klanens konklusjon er at NDL ser ut som ein organisasjon som ikkje har problem med å samarbeide med framandfiendtlege og nazistiske krefter. Trass i at «Tommy Robinsson» påstår i den nemnde talen at EDL «skal knuse nazismen akkurat som vi skal knuse den militante islamismen». Historia til organisasjonen talar mot dei.
Er islam så ideologi eller religion? Det neste punktet initiativtakar til NDL på Vestlandet, Adrian Andersen, gjerne vil korrigere, er eit anna ømt punkt for dei beiskaste islamkritikarane. Dei plar gjerne moderere seg med at det ikkje er religionen dei er mot, men ekstreme tilhengjarar – eit standpunkt dei aller fleste med eit demokratisk sinnelag vil kunne skrive under på.
Utfordringa er at påstanden om at islam er ideologi, ikkje religion, er eit hyppig gjenteke bodskap over alt der islamkritikken står sterkt.
På nettsida til «Forby islam i Norge og i Vesten» (FIAV), er «Sannheten om islam, et Muslimsk Bedrag» det første som lyser mot deg.
FIAV er ei Google-side, ein ressursbank for alle som ønskjer argument for at islam og muslimar er det største trugsmålet mot Vesten. Her finn ein eit samansurium av fakta og fantasi nok til å skremme livet av dei fleste.
Den første «løgna» som blir avslørt er at islam ikkje er ein religion (eller relgion, som det står her): «Vitenskapelige metoder viser at 90 % av innholdet i islams hovedlærebok handler om den pedofile selvoppnevnte profeten, massemorderen og slaveeieren Muhammads liv. Hele 61 % av dette igjen er politisk fascistisk hat og oppvigleri, ordrer mot alle vantro (alle ikke-muslimer). Bare 10 % av boka handler om Allah, som er Muhammads egendefinerte oppdiktede gud».
(RED. MRK: Dette er direkte sitat frå utskrift. Denne artikkelen ser no ut til å vere fjerna frå nettsida og er erstatta med artikkelen «Tre ting du bør vite om islam som angår deg!».)
Slik held det fram med det forfattaren av boka «Det mørke nettet, om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa», Øyvind Strømmen, kallar «puslespel-islam».
Reint tøv sirkulerer i verdsveven og blir til kunnskap,
Dei aller fleste vil riste på hovudet av ein slik logikk, men går ein gjennom «banken» av informasjon FIAV har samla seg, vil ein raskt kjenne att både argumentasjon og «fakta» frå innvandringsdebatten i politiske krinsar.
Går ein vidare til Stopp islamiseringen av Norge (SIAN), ein organisasjon med forgreiningar til partiet Demokratene – som mellom anna har laga eit fiktivt, grotesk intervju med ein muslimsk valdtektsmann, no spreidd på mange nettstadar – finn ein den same mekanismen: Reint tøv sirkulerer i verdsveven, blir til kunnskap, og som igjen blir det ideologiske fundamentet norske ungdommar vel å organisere seg frå.
Norwegian Defence Leagueer ikkje noko trugsmål i seg sjølv. Utfordringa til moderate politikarar som ønskjer å diskutere innvandringspolitikk, er at dei først sjekkar røtene for argumentasjonen sin og stoler på eigen politisk ideologi. Det er mange problem å løyse i det norske samfunnet. Første bod er å leggje kjenslene til side – i begge leirar.
