Skamtalen

Eg var i tvil om eg i det heile tatt skulle skrive denne teksten.

Brått spratt han oppi chattevindauget til Facebook ein vanleg septemberdag:

Mann (viktig samfunnsdebattant): hei
Kvinne (yngre kommentator): Hei!
Mann: er du kåt
Kvinne: Burde eg vere det, meiner du?
Mann: ja, sjølvsagt, ser for meg fitta di som streng og smal
Kvinne: Eg må mest spørje: Er dette vanleg måte for deg å kontakte kvinner på?
Mann: Nei, kva vil du da? Eg vil jo gifte meg med deg
Kvinne: Kva eg vil?
Mann: du treng ein mann. Du er smal og trang. Så lenge du er trang.

Eg fekk tilsendt utskrift av samtalen mellom den yngre kvinna og samfunnsdebattanten etter at eg hadde tvitra om forfattar Torgrim Eggens kronikk «Menn som hater kvinner» i VG på laurdag. Kvinner som stikk seg fram i allmenta er regelmessig utsett for seksuell trakassering og trugsmål, påstår han. Gjerne kjem sjikaneringa rett i innboksen, underskrive med fullt namn.

Det var då eg påpeikte dette siste på Twitter at eg fekk tilsendt «samtalen» over: Og så lurer ein på kvifor det ikkje er fleire kvinnelege kommentatorar?

Ein skal ikkje snakke lenge med yngre kvinner som har hatt mot til å vere synlege før slike og liknande historier dukkar opp. Kvinna som sendte meg avskrift frå Facebook skreiv: Eg kunne lett ha skrive den same kronikken, men visste det ville ha større effekt om Eggen gjorde det.

Klart det har meir effekt når ein mann seier dette. Ein kan nemleg ikkje skulde Eggen for å vere ei sutrande kvinne som trer offerkappa nedover seg sjølv. At han skriv, gjer det lettare å følgje opp det mange kvinner i samfunnsdebatten, politikarar og kommentatorar, kjenner igjen. Eggen kallar det terror som har til hensikt å stoppe legitime meiningsytringar.

Single kvinner kan ein mann skrive kva som helst til

Ein får tjukk hud med åra, og sakte, etter kvart som ein blir eldre, forsvinn dei aller verste – om ein ikkje er singel, vel å merke. Single kvinner kan ein mann skrive kva som helst til dersom han blir provosert nok. Det eksisterer ei forståing av at det single kvinner treng (for å gjere dei mildare stemt), er eit ligg.

For kva er det som får ein akseptert og renommert samfunnsaktør til å skrive om utforminga av kjønnet til ei yngre kvinneleg debattant han aldri har møtt?

Eg trur det er det same som får Stein Kåre Kristiansen, politisk redaktør i TV 2, til å sitje på Nytt på nytt, snakke om leiarkabalen i SV, om Inga Marte Thorkildsens eventuelle kandidatur: «Kvinner mener jo aldri nei, selv om de sier nei», kan han seie (sitert etter minnet) til Arne Strand, sjefredaktør i Dagsavisen – og så sleppe unna med det. Nudge nudge.

Det er ikkje alvorleg, det er ikkje graverande heller, men kva skjer med den seksuelle undertonen?

Det kan eg opplyse om: Det som skjer er at kvinna blir sitjande att med skamma. Skam over i det heile tatt å ha vekt den slags tankar. Difor kan desse mennene også ture fram. Dei manglar sjølv anstendigheitskjensle, men speler på den andres.

Eg er på litteraturfestival og har akkurat intervjua Hanne Vibeke Holst. Forfattaren har skrive det mange ser på som nøkkelromanar frå dansk politikk («Dronningofferet», «Kongemordet» og «Kronprinsessen»). Her skisserer Holst opp ei verd der mannlege politikarar slepp unna med utruskap, (til og med overgrep), medan kvinnene blir klistra til utsjånaden sin (i eit land der Gucci-Helle no er blitt statsminister).

Ein passasje frå første bok gløymer eg ikkje. Den mannlege statsministeren skal gjere om på ministerkabalen. Han har no gått gjennom alle moglege kvinnelege kandidatar, men konstaterer at han vil ende opp med ein ung mann – igjen. Det er noko med dei unge mennene, tenkjer han: Gi dei ei dressjakke, og dei veks inn i den.

Dette har eg og Hanne Vibeke Holst snakka om frå scena. Eg har også stilt henne mange kritiske spørsmål fordi eg lurer på om ho ikkje går alt for langt, om ho er i ferd med å bli paranoid på vegner av kvinnekjønnet. Så kjem eg ned, blir møtt av ein forfattar av stort format, respektert og hylla, som seier: «Eg såg du hadde opna ein ekstra knapp på blusen din. Du ville vere meir sexy enn Holst». Så tek han Holst i armen og seier eg har vore mykje mildare stemt mot han.

Kva seier ein til slikt? Eg blir stum. Det neste som skjer er at blikket til Holst hardnar. Ho går. Eg er altså ei av dei: Overløparane. Eg har hatt ein interessant samtale med henne om noko eg også opplever som viktig. No er eg luft. Og han? Han køyrer på.

Eg veit kva slags reaksjonar som kan kome når ein skriv slikt som dette. Eg er alltid tvilande og dobbel i diskusjonar som på eitt eller anna vis plasserer kvinner i offerfella. Menn blir også utsett for trugsmål. Menn blir sjikanerte. Det er også menn som toppar valdsstatistikkane.

Men eg har spurt mine mannlege kollegaer om dei har opplevd å bli utsett for seksuell sjikane og trugsmål som kommentatorar. Svaret er nei: Responsen kan bli personleg og hatsk, men ikkje trugande. Den går aldri på utsjånad eller legning.

Skal eg ringe politiet?

Eg har opplevd det mange gonger i ulike variantar. Ein søndagskveld eg sit på jobb etter å ha skrive om sinte, unge menn, får eg e-post frå ein mann. Eg opnar e-posten og les. Her står det at dersom han (den namngjevne) hadde vore ung mann, hadde eg no vore så maltraktert i andletet at kollegaene mine ikkje ville ha kjent meg att på vitjing på Haukeland.

Eg lukkar e-posten og kjenner stikket i magen. Skal eg ringe politiet? Eg ringer i staden sjefen som tek kontakt med mannen. Han får melding om at vi no er hakket frå å politimelde.

Svaret som kjem attende er kort: Det var då aldri meint slik, skriv han.

Det er då eg lurer: Kva er det meint som då, alt dette?

Dersom det handlar om å skremme oss frå å meine sterkt, skal han vite: Det er ikkje så enkelt. Det skal ikkje vere så enkelt.

Les også:

Kommentarer