Breivik og bymiljøet hans

Eg ser at heile den politiske eliten og kommentatorkorpset vårt hyllar rettsstaten Norge, det demokratiske Norge, for ei verdig gjennomført rettssak. Dette er ei hylling eg har store vanskar med å slutta meg til.

 

HOVUDSLAGET: Anders Behring Breivik vann hovudslaget, riksrett er alt nemnt frå opposisjonen, skriv artikkelforfattaren. FOTO: HÅVARD BJELLAND

 

Sjølve namnet Anders Behring Breivik fyller meg med ei kjensle av avmakt og avsky. Slik har det vore heilt sidan morgonen den 23. juli 2011 då omfanget av massedrapa gjekk opp for oss. Utgangspunktet for denne djevelske ugjerninga handlar primært om antimarxistiske haldningar, slik eg ser det. Vi kan gjerne tala om hat mot sosialistiske idear. AUF-arane på Utøya blei ikkje likviderte fordi dei var AUF-arar, men fordi dei var eliteungdom innafor ei venstreradikal gruppe. Og det er dette faktum som får meg til å fundera over korleis ein ung mann, velpleid, neglefilande, dresskledd, med eit sobert og danna språk, frå ein ressurssterk familie, frå det rikaste og mest framgangsrike miljøet i landet, kunne gjera dette.
Både under sjølve rettssaka og i domspremissane blei søkjelyset i liten grad retta mot Oslo Vest-miljøet hans. Eg ser at også forfattaren Kjartan Fløgstad er inne på det same i eit intervju med Dagens Næringsliv. Og vi kan gjera som Kjartan Fløgstad og tenkja kontrafaktisk: Kva om Anders Behring Breivik til dømes hadde vore her frå Balestrand?
Heile samfunnet vårt hadde blitt endevendt: Beleira av journalistar frå Oslo Vest, doktorandar i barnevern og sosiologi hadde stått i kø for å få seg mat på Gekkens, analysar og saumfaring var på gang, bygdedyr, lus og lopper skulle finnast, helikopter hadde svinga tett over hustaka våre med TV-kamera. Viskelêr og pennalhus på Sagatun skule hadde blitt oppslagssak i VG. Er det nokon som hugsar Brumunddal og Bjugn?
Når Oslo Vest-miljøet slepp unna slik nærgåing, kan det berre ha samanheng med at der bur også journalistane, kommentatorane, juristane, påtalemakta, dommarane, forsvarsadvokatane, det juridiske laug med roller som høgt honorerte bistandsadvokatar, sjefspsykologane, professorane, den kløyvde psykiatriske fagekspertise. Menneskeleg er det å løyna og verna sitt eige miljø.
Derfor blir heile analysen av motiva for massemordaren Anders Behring Breivik steghalt og skeiv, sjølvsagt. Miljøet sin formande funksjon blir sett til sides fordi å minna om dette er vondt og vanskeleg. Kjerneområdet vårt for økonomisk makt, pressemakt, danningsmakt og delvis politisk makt kjem seg unna søkelys og analysar.
I domspremissane får nettet skulda for Breiviks ideologiske vrangførestellingar. Er det så enkelt? Hatet mot marxismen og sosialismen i dette såkalla liberale bymiljøet, med folk frå dei frie yrka som kjernetroppar, har eksistert i meir enn hundre år. Dette hatet kjem ikkje rekande på ei fjøl på nettet eller med nettet som spelebord. Hatet ligg rotfest i miljøet. Derfor har det vore viktig for riksmedia å få folks merksemd bort frå hovudpoenget, som altså handlar om å likvidera venstreradikal ungdom. Han skaut ingen frå Unge Høgre eller frå Frp.
Det er såleis heilt rett det som ein framståande Frp-ar no hevdar: Dette hadde ikkje skjedd med Høgre og Frp i maktposisjon. Vestkant-terroristar skyt nemleg ikkje folk frå høgresida. Dette faktum måtte dempast ned, over alt. Lyset blir sett på psykiatriske fagrapportar, som ser ut til å vera like latterlege no som for meir enn 60 år sidan då Knut Hamsun skreiv «Paa gjengrodde stier». Ein olding fekk heile Norge til å le av den psykiatriske ekspertise. Nasjonen lo i 60 år. Så fekk vi eit nytt latterobjekt, som også var ein framifrå avleiingsmanøver.
Elles vann jo Anders Behring Breivik hovudslaget. Riksrett er alt nemnt frå opposisjonen. Avslørt blei vennskapa, dei tette banda, i Arbeidarpartiet. Etter mitt skjønn grensar noko av dette opp mot korrupsjon som kortpusta ugildskap ikkje kan bøta på. Politidirektoratet som skulle ha ein sentraliserande funksjon, ei demning mot den desentraliserte politi- og lensmannsetat synte seg å vera så gjennombyråkratisert at direktoratet var lamma i utgangspunktet.

 
 All sentralisering fører til endelaus byråkratisering og ineffektivitet. Fusjonslamming heiter dette. Det gjeld i Oslo, og det gjeld i Sogn og Fjordane. Anders Behring Breivik fekk oss dessutan til studera både landssvikoppgjer og Kings Bay på ny, som er dei nærmaste historiske parallellane.

Kommentarer