Kor høgt må ein rope?

At nokon høyrer deg, ser deg og trur på deg når du prøver å nå dei, utan at du treng å rope med så frykteleg høg stemme, ja det må ein kunne ha lov til å vente.

 

DEPRESJON: Tidleg intervensjon er slik eg har erfart livsnødvendig i mange og ulike høve, anten det er ein betent blindtarm eller ein depresjon det gjeld, skriv innsendaren. FOTO: COLOURBOX

 

Les i laurdagens «Preik» i Bergens Tidende om ei ung jente sin kamp for å bli sett og høyrd av dei som styrer med inntak og lister i det psykiske helsevesenet vårt. http://blogg.bt.no/preik/2012/11/26/det-jeg-vil-mest-av-alt-er-a-bli-frisk/

Det blir skildra korleis krisemaksimering er språket ein ropar med, for nettopp å bli høyrd.
Det er ille at kvardagane skal opplevast slik for menneske som så vidt er begynt på livet sitt. Det er også vondt å sjå, og å forstå korleis det kan sjå ut for ein ungdom med ressursar nok til å skrive eit debattinnlegg i «Preik», kva då med dei vi ikkje ser og dei vi ikkje høyrer? Dei som ikkje har foreldre som kan hjelpe dei med «ropinga»? Dei som gjerne ikkje eingong forstår eller er blitt fortalde at dei faktisk har rett på hjelp?
«Tidleg intervensjon ved teikn på psykose», står det å lese om i psykologiske tidsskrift. Dette er slik eg kjenner psykiatrien eit satsingsområde som ein har brukt ein del år på å finna rette rotfeste til. Eg tenkjer på Blåbærlia, ein av Helse Bergen sine avdelingar, med sin spisskompetanse på unge sjuke, som plutseleg ikkje var så viktig at den var verdt å satse på, slik dei eingong tenkte.
Eller kan hende tenkjer dei at det berre er ca. 8 unge om gongen som treng behandling? «Tidleg intervensjon» er slik eg har erfart livsnødvendig i mange og ulike høve, anten det er ein betent blindtarm eller ein depresjon det gjeld.

 

Ein sjukdom ein kan døy av krev behandling

 

Det er freistande å gjera eit tankeeksperiment: Kva om eg ikkje hadde hatt evna til å nyttiggjera meg den disossieringa som var naudsynt for meg for å overleve, då eg som barn måtte bruke alle krefter eg hadde på å finna ut korleis eg skulle unngå å kome i klørne til han som syns eg var så «fantastisk deilig»? Han som ikkje hadde vit nok til å halde seg sjølv og fingrane unna. Han som fekk meg til å tru at det var meg det var noko gale med.
Kva om eg hadde klart å rope om hjelp, i staden for å «fryse», då eg forstod at eg haldt på å bli valdteken?
Kva om dei på sjukehuset hadde spurt meg kva som hadde hendt, då «fryse»-forsvaret mitt blei aktivert den gongen? Om eg hadde fått spørsmål som gjorde at eg ville hugse og kanskje forstå rekkevidder?
Hadde eg då fått hjelp? Eller ville eg blitt slik som «Anonym» i laurdagens «Preik», ein kasteball eller svingdørspasient innan disiplinen psykisk helse?
Kva om eg hadde fått hjelp den gongen, hjelp, slik at eg kom vidare med livet mitt, med traume som var integrerte på ein måte som gjorde at eg forsto og var forsona med at dette var slik det var? Ville eg då klart å sørgje då dotter vår blei påkøyrd og drepen?
Eg har vore resurssterk nok til å klare å utdanne meg. Eg trudde at kunnskap kunne hjelpe. I dag veit eg at kunnskap hjelper, men berre til ein viss grad.
Eg veit også at det å vera innlagt på eit DPS over tid har vore eit tilleggstraume for meg.
Kanskje fordi eg har kunnskap? Kanskje fordi eg har kompetanse, fagleg og rikeleg med erfaringskompetanse. Innlegging er inga langsiktig løysning på problem. Eg trur ikkje det er eit førsteval for veldig mange. Treng ein leggjast inn er det naudsynt. Ein sjukdom ein kan døy av krev behandling.
Dette gjer meg endå meir tankefull når eg les anonym si skildring av ropinga etter hjelp. Uansett kva som er kva. Kva dei som sit med ein diagnose eller nøkkelen til gradering av alvorlegheitsgrad tenkjer, så er «Anonym» si skildring eit kraftig signal til dei som har arbeidet sitt i møte med menneske som slit med eksistensielle utfordringar i liva sine. Eit signal om at eit av verdas rikaste land ikkje klarer å hjelpe dei som slit med litt meir enn vanlege kvardagslege problem. Litt meir enn problem ein kan forvente å kunne handtere på eiga hand.
Eg får hjelp. Eg har hatt behov for hjelp bolkvis gjennom livet. Eg lever, noko som slett ikkje er opplagt. «Anonym» seier at ho ikkje er sikker på om ho vil leve? Eg forstår deg. Eg forstår så inderleg vel, men eg trur ikkje dei som ikkje har vore der evnar å forstå kva for ei smerte det er å ikkje få den hjelpa ein treng. Ei hjelp som nokre gonger er så særdeles vanskeleg å ta imot. Det er også vanskeleg å skulle sei noko om korleis ein ønskjer hjelpa, eller kva ein faktisk treng. Ein veit gjerne ikkje det når kaoset rår.
Men at nokon høyrer deg, ser deg og trur på deg når du prøver å nå dei, utan at du treng å rope med så frykteleg høg stemme, ja det må ein kunne ha lov til å forvente.

Kommentarer