Er ikkje barnet hovudpersonen?

Venstre sitt forslag om altruistisk surrogati kan verke tilforlateleg. Det vil sikre at surrogati skjer Norge i «ordna former». Men kva med det etiske dilemmaet ved at inntil tre kvinner blir mødrer til eit og same barn?

Omsyn til barnet: Vi veit lite om kva for problem born som kjem til verda ved surrogatmor vil få seinare i livet, skriv Kjersti Toppe.

 

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre vil gjere det lovleg med surrogati i Norge. Menneske har rett til å hjelpe kvarandre. Derfor vil Venstre gjere surrogati til noko som er opp til kvar enkelt (BT 29.12.12.). Dette er å for-enkle ei etisk og juridisk svært problematisk sak.

Rotevatn bagatelliserer konsekvensane og omgår dei vanskelege spørsmåla. Han meiner til dømes at det ikkje er prinsipiell skilnad mellom sæd- donasjon, prøverøyrsbehandling og alle andre former for assistert befruktning – og surrogati. Han skriv det sjølvsagt må vere slik at ein tar omsyn til tredje-parten – barnet. Utgangspunktet for Venstre er likevel kvinna, og kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Men er barnet ein tredjepart? Er ikkje barnet hovudpersonen her?

 

Kvinnekroppen bør ikkje gjerast til gjenstand for utlån eller utleige

 

Venstre meiner at dersom ikkje forsking og empiri kan dokumentere at born som kjem til verda ved ved surrogatmor får problem seinare i livet, er det ingen grunn til å la vere. Men det er ikkje så enkelt. Det er lite forsking på dette feltet i dag. Vi har mange eksempel på unge vaksne som er opptekne av og søkjer sitt biologiske opphav.

Eg er heilt einig med BT som på leiarplass den 23.12.12 skriv at . «Ein ny verdensborger får masse av problemer å stri med uansett. Det er ingen grunn til – av hensyn til voksnes behov – å konstruere en situasjon som kan gi ham eller henne flere».

Både FN sin barnekonvensjon og den Europeiske Menneske- rettighetskommisjon har vektlagt barns rett til å, så sant det er mulig, få kjennskap til sine biologiske foreldre. Dette talar mot å liberalisere lov- verket vårt, og å gjere surrogati lovleg. Barn vil då kunne få ei genetisk mor, ei livmor-mor, og ei ansvarleg mor (eller far) som barnet veks opp med. Dette vil gjere forståinga av omgrepet biologisk mor nærmast uskjøn-eleg.

Venstre meiner det må vere betre å tillate surrogati i Norge, enn å utnytte fattige kvinner i India. Eg er einig i at kommersiell surrogati som skjer i India er ein tvilsam industri. At fattige kvinner gjer det for pengar, utan skikkelege rettar for korkje seg sjølv eller barnet/barna, veit vi. Eit problem er at barna ikkje blir henta på klinikken. Kva som då skjer er uvisst. Det var ikkje utan grunn at vår eiga kronprinsesse følte ho måtte reise og hjelpe. Dette viser kynismen i denne industrien. Men det er likevel ikkje utnytting av fattige kvinner som er hovudgrunnen til å halde oppe lovforbodet mot surrogati. Men eit lovforbod signaliserer noko viktig, nemleg at kvinnekroppen ikkje bør gjerast til gjenstand for utlån eller utleige.

Venstre sitt forslag om altruistisk surrogati kan verke tilfor-lateleg. Det vil sikre at surro- gati skjer Norge i «ordna former». Men også dette er etisk problematisk. Det grunnleggjande for barnet – at inntil tre kvinner blir mødrer til eit og same barn – er det same. Og kva om ei søster eller venninne ikkje eigentleg vil vere surrogatmor? Då kan det ha store sosiale og emosjonelle kostnader. Det er grunn til å tvile på om det er reelt fritt val som då vil skje.

Senterpartiet står fast på at surrogati har så mange etiske sider ved seg, at det ikkje bør tillatast som medisinsk behandling mot barnløyse i Norge. Vi er og mot å opne for eggdonasjon, som vil gjere grenseoppgangen mot surrogati vanskelegare. Om det vert opna for eggdonasjon i Norge, kan Rotevatn få rett. At det då berre er eit tidsspørsmål om kor tid surrogati også vert lovleg i Norge.

Tags: ,

Kommentarer