Statleg romantikk

Å GIFTA SEG STORT: Alle norske brurer fortener eit langt golv å skrida fram på, eit rom med plass til minst to hundre forventningsfulle gjestar, skriv Asbjørn Kristoffersen.

– Du kan likså godt gifta deg på eit kjøpesenter, seier den halvunge dama. Byfogden er ikkje særleg romantisk, vigselrommet er meir nøkternt enn stemningsfullt og bryllaup blir inngått etter samlebandprinsippet.
Om kyrkjebryllaupa – dei eksklusive spesialbutikkane – forsvinn, blir det krise i romantikkbransjen her i landet.

Bryllaupsindustrien er innretta på lange kyrkjegolv, der brura skal skrida fram i spesialinnkjøpte sko, i ein kjole som får andre kvinner til å gispa, med den dyraste frisyren som er å få kjøpt for pengar.

Kyrkjegolvet er kvinnelege eingongsmodellars sikraste soloførestilling, livets einaste catwalk. Mannen ho held i armen, gjerne ein anonym far, er berre til staffasje, eit accesoir som har langt mindre å seia enn brurebuketten.

Eit mektig kyrkjeorgel skal fylla rommet med harpeklang og basunbrus, slekt og vener og nettverk i hopetal skal stå stivpynta og forventningsfulle – helst med klump i halsen – som bruras beundrande publikum.
Målet for den langsame, verdige, nådig smilande vandringa er (som regel) også ein nokså anonym mann, utplassert i nærleiken av eit alter.

I den vakraste og eldste og mest stemningsfulle kyrkja som er å oppdriva på bryllaupsmarknaden. Når målet er nådd, skal brura og mannen ved alteret utøva ei religiøs knebøying, dei skal utveksla evige løfte og dei skal byta ringar som symbol på den pakta dei har inngått.

Det blir pengar av slikt.  Store pengar, mange arbeidsplassar, spesialkompetanse. Ei statleg forordning om at alle skal gifta seg hos byfogden, kan medføra konkursar i hopetal, auka arbeidsløyse, varig tap av tradisjonsboren kunnskap. Det nye bryllaupsdirektivet kan leia til romantikkmangel som ny, psykiatrisk diagnose (som om det ikkje er nok diagnosar frå før).

Den steinrike, norske staten kan ikkje tillata ei slik krise.

Dei som gifter seg hos byfogden, har like stor rett på stemning og romantikk og orgelbrus som andre folk. Dei færraste kjenner ein dommarfullmektig som gjerne tek med seg svart kappe og statleg autoritet og giftar bort folk på Folgefonna eller i Håkonshallen. Det er ikkje mange nok dommarfullmektigar til å oppretthalda bryllaupsindustrien.

Og dei som korkje kjenner eller har taket på nokon dommarfullmektig, forblir romantikkens taparar.

Det einaste rettferdige er at staten byggjer eigne vigselshus som kan danka ut kyrkjene, slik dei gjorde i Sovjetunionen i gamle dagar.

Alle norske brurer fortener eit langt golv å skrida fram på, eit rom med plass til minst to hundre forventningsfulle gjestar. Men dei bør kanskje få sleppa å knela for staten, om dei ikkje insisterer på å gjera det.

Tags: , ,

Kommentarer