Norske muslimar i skvis

ARKIVFOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN

Er unge, norske muslimar ein fare for samfunnet?

Organisasjonen Islam Net, med to tusen betalande medlemer, framstiller seg sjølv som eit ikkje-valdeleg bolverk mot radikalisering. Denne framstillinga inviterer til frykt for at det finst eit potensial for valdeleg islamisme blant mange unge nordmenn, samtidig som muslimsk terror har nådd Noreg. Moderate muslimar må mobilisera mot det spelet som no er i gang om islams plass i samfunnet.
Krigen mot dei vantru kjenner ingen grenser, like lite som krigen mot terror. Ryktet om «nordmannen» blant gisseltakarane i Algerie, er truleg ikkje noko anna enn eit rykte. Men «heilage krigarar» blir rekrutterte over heile verda.
Eit fåtal unge nordmenn har reist til framande land for å delta i krigen mot dei vantru, nokre få har døydd i striden, ifølgje PST. Profetens Ummah, ei ekstrem, islamistisk, norsk gruppe, fleire av dei med kriminell bakgrunn, fungerer som støttespelarar og rekrutteringsbase.

Organisasjonens leiar, Ubaydullah Hussain, har erklært si støtte til terroraksjonen i Algerie, og har utpeika Noreg som legitimt terrormål. – Dei seier at Noreg er i krig med islam, noko som ikkje stemmer. Den største fienden blant oss, er muslimar som dei. Dei gjer meir skade enn ti tusen islamkritikarar, seier konvertitten Yousef Bartho Assidiq til Klassekampen.
Den analysen har Assidiq rett i. Men han er også sjølv eit døme på kor vanskeleg blansegangen mellom muslimsk, religiøs sjølvhevding og aksept for det som blir kalla norske verdiar kan vera.
Han var ein av dei fremste talsmennene i ein demonstrasjon mot «krenking av profeten Muhammed» og den ytringsfridomen som tillet slikt; og han klandra andre muslimar for ikkje å ha verja profeten. Denne aksjonsforma har han sidan teke avstand frå.

Hopehavet mellom muslimar og det etablerte samfunnet blir endå sterkare ufordra av Islam Net. Denne organisasjonen inviterer kjende hatpredikantar til sine samlingar på Høgskolen i Oslo og Akershus, og praktiserer strenge, religiøse forordningar, med avvising av at det finst andre former for islam enn den dei sjølve praktiserer. Kritikarar blir rutinemessig stempla som islamfiendar og islamhatarar.
Islam Net tek avstand frå vald, og har samla religiøst lærde som støttar dette synet. Men tilhengarar av Profetens Umma finn seg til rette i Islam Nets samlingar, ifølgje Klassekampen. Avisas journalist, Åse Brandvold, går langt i å støtta synet på Islam Net som ein buffar mot rekruttering til religiøst basert vald.

Offentlege styresmakter kan ikkje tillata seg å overlata ei slik oppgave til Islam Net. Leiaren av organisasjonen opplyser at om norsk statsstøtte uteblir, vil det vil bli søkt etter sponsorar frå Saudi-Arabia, eit land som eksporterer religiøs ekstremisme, og forbyr innpass for andre religionar enn islam.
Slike trugsmål er utpressingsforsøk. Det kan ikkje ein gong utelukkast at Islam Net kan bli klandra for å ha fungert som ekkokammer for Profetens Ummah, om det skulle skje muslimsk tilskunda terrorhandlingar på norsk jord.
Med den store oppslutninga Islam Net har blant unge muslimar her til lands, ville ei slik samankopling vore katastrofal.
Høgskolen i Oslo og Akershus har gjeve Islam Net eit frirom som eg vanskeleg kan førestella meg at ein tilsvarande utagerande, kristen organisasjon ville fått. Å skilja kvinner frå menn på det viset Islam Net gjer, jamvel med kjønnsbestemte inngangar, ville dessutan for alle andre vore ei utilgjeveleg, norsk kardinalsynd.

Norske muslimar står i skvis mellom snillistane og slemmingane

Høgskulens dobbeltmoral er likevel symptomatisk for kor vanskeleg framveksten av muslimske samfunn har vore både her til lands og elles i Europa.
Fenomen som ville blitt hardt slått ned på om dei hadde utspring i andre religiøse miljø, ikkje minst kristne miljø, blir i høgare grad tolerert når dei har muslimsk opphav.
Frykt for framvekst av ekstrem islamisme resulterte i statlege bidrag til moskear og etablering av muslimske religiøse autoritetar, jamvel i det tradisjonelt sekulære Frankrike og det tradisjonelt liberale Nederland.
Også her til lands er mykje av ansvaret for integreringspolitikken overlete til religiøse institusjonar. Kor lite kunnskap og forståing slike institusjonar kan ha, er til overmål demonstrert av imamen og eit medlem av sentralstyret i ein av Oslos største moskear: Påstandar om jødisk konspirasjon og makt og forståeleg utrydding av eit «vandrarfolk» vart framstilt som alminneleg akseptable, norske synspunkt.

Den offentlege velviljen og dobbeltmoralen, med sterk støtte i samfunnseliten, har sitt motsvar i sterk motvilje og til dels islamofobi i folkedjupet. Meiningsmålingar viser at ingen andre religiøse grupper er så utsette for fordommar som muslimane.

Norske muslimar står i skvis mellom snillistane og slemmingane, og blir ikkje tekne på fullt alvor av nokon av ytterfraksjonane. Slik båssetjing er svært skadeleg for samfunnet, uavhengig av tru eller ikkje-tru, og kan kanskje delvis forklara framveksten av organisasjonar som Profetens Umma og Islam Net. Press og konfrontasjonar skjerpar frontane, og gjer det vanskelegare å stilla seg utanfor, å ha sjølvstendige meiningar.

Krigen mot terror er verdsomfattande, men krigen mot dei vantru er først og fremst ein intern, muslimsk krig, der der blir stadig mindre plass for avvikarar og for minoritetar. Den muslimske verda blir meir og meir religiøst einsretta.
Det er i denne verdsomfattande striden norske, moderate muslimar må finna sin plass. Kvar og ein av dei står ikkje til ansvar for kva andre muslimar gjer eller ikkje gjer, men det religiøse fellesskapet kan ha avgjerande betydning for å avgrensa den religiøst baserte valden. I muslimske land er dei som har flytta til utlandet kanskje dei einaste som kan stå opp for andre religiøse minoritetar, også muslimske minoritetar.
I dag framstår ikkje islam som nokon fredsreligion.

Tags: , ,

Kommentarer