Den puritanske staten

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Grensene for statleg innblanding i private liv og det sivile samfunn bør bli utgreiingsoppgåve for eit nytt trus- og livssynsutval.

Knapt noko anna europeisk land går så grundig til verks som Noreg i oppryddinga etter det for lengst mølletne livssynsmonopolet til den fordums statskyrkja.
Det regjeringsoppnemnde trus- og livssynsutvalet lid av religiøs reingjeringsmani, i eit land som frå før er mellom dei mest verdsleggjorde på planeten Tellus, ifølgje internasjonale meiningsmålingar.

Så nidkjært  prinsipiell bør ikkje noka samfunnsstyring vera: Statleg puritanisme kan vera like uforsonleg som religiøs puritanisme.
Tru og livssyn er sjeldan eintydige, især ikkje i vår tid, med eit mangfald av inntrykk og påverknader. Nettopp dette mangfaldet forsterkar truleg behovet for forankring i velprøvde tradisjonar og fellesskap.
Om nasjonalismen blir dekonstruert, om familiar går i oppløysing, kan behovet for erstatningar auka. Dei færraste greier å konstruera sine eigne livsrammer, som lausrivne, frikopla individ.
Mange av oss klyngjer oss til tradisjonar, om trua på dei er aldri så svak og tvilen aldri så stor. Det skulle ein raus stat gje stort rom for.

Den norske staten gjev stadig mindre slingringsrom for slike syndarar.
Drivkrafta er kanskje den protestantiske arven. For snart fem hundre år sidan overlet nordmenn kyrkjegodset og styringa med religionsvesenet til staten, til kongane og deira embetsmenn. Nordmenn vart indoktrinerte til å tru på Gud og på staten som Guds vaktmeister.
Det er denne trua og denne tradisjonen det norske sosialdemokratiet har vidareført, i ny drakt. Etter kvart som Gud har fått stadig mindre rom, har staten ekspandert.

Ikkje ein gong Menneskerettsdomstolen i Strasbourg er like nidkjær i kravet om å fjerna tradisjonelle, kristne symbol som det norske utvalet.
I den såkalla krusifikssaka i Italia kravde ein finsk innvandrar at krusifiksa måtte fjernast frå veggane i offentlege skular; dei var eit religiøst overgrep mot hennar barn, meinte ho.
Kravet skapte oppstyr i Italia. Menneskerettsdomstolen godkjende krusifikstradisjonen, så sant den ikkje stod i vegen for likebehandling av andre religionar.
Så er då også Italia tradisjonelt eit katolsk land, med ein svakare stat enn den norske, eit land der staten ikkje har påfallande autoritet, medan kyrkja er ein veletablert autoritet utanfor statens makt.
I katolske land kan jamvel noko av det gamle kyrkjegodset vera intakt, slik at kyrkja heller ikkje finansielt er like avhengig av statleg nåde og privilegier som her til lands.

Alle dei tidegare protestantiske, nordeuropeiske landa, dei gamle statskyrkjelanda, har gjeve staten svært stor makt.
I vår del av verda går bortimot halvparten eller meir av alle inntekter og alt gods og gull vegen om offentlege kasser, for derifrå å bli fordelt blant verdige og uverdig. Styringa av materielle gode er grunnlaget for statens makt og statens kontrollapparat.
Hugs å sjå på staten som ein ven, sa Thorbjørn Jagland, tidlegare statsminister for Arbeidarpartiet. I ikkje-protestantiske land ville dei ikkje trudd sine eigne øyre, eller ledd seg skakke.
Protestantar trur på den store, mektige staten; vi trur at statens milde, rettferdige styrande hand er til vårt eige beste.

I Noreg har denne nedervde ideologien gjeve staten høve til å styra og kontrollera det sivile samfunnet, frimerkeklubbar, blandakor, sanitetsforeiningane, statskyrkja, alt – unnateke idretten.
Berre idretten styrer seg sjølv gjennom råderetten over tippemidlane; den heilagdomen har ikkje ein gong Arbeidarpartiet våga å utfordra.

Ingen andre nordiske land har vore så gnitne mot den fordums statskyrkja som norske styresmakter har vore

Di større stat,  di mindre rom er det for privat pengebruk.
Det er ei grov tilsniking å samanlikna hundre prosent privatfinansierte amerikanske trussamfunn med kravet om hundre prosent privat finansiering av Den norske kyrkja og andre norske trussamfunn og velforeiningar.
Dei amerikanske puritanarane satsa på ein liten stat, ikkje minst for å oppnå maksimal religiøs fridom, ikkje minst for å koma vekk frå religiøs einsretting og forfølging av folk med feil tru og feil livssyn i Europa.
Om noko likande skulle vera råd å realisera her til lands, måtte staten gje slepp både på pengar og kontroll, og overlata både styring og finansiering til private interesser.

Dei historiske banda mellom den norske staten og Den norske kyrkja måtte løysast, dei historiske privilegia måtte avskaffast, og det måtte skaffast betre rom for livssynsmangfaldet.
Men det trengst tid å endra fem hundre års tradisjon, det trengst politisk tolmod og klokskap. Ingen andre nordiske land har vore så gnitne mot den fordums statskyrkja som norske styresmakter har vore; denne gnitaskapen er ikkje verneverdig.

Minst av alt trengst eit offentleg autorisert reinsingsraseri, for å fjerna eller skjula flest moglege spor og symbol etter det som blir kalla den norske, kristne kulturarven.
Om Åse Kleveland, president for Human-Etisk Forbund og tidlegare statsråd for Arbeidarpartiet, ikkje toler å sjå ein kyrkjevegg i mils fråstand til eit minnesmerke for 22. juli-ofra, bør det forbli eit privat problem for henne og dei mest fundamentalistiske trusfellene hennar, ikkje for den norske stat.
Nordmenn flest er ikkje religiøse ekstremistar, snarare religiøst likegyldige, om enn med ein smule sentimentalitet intakt.

Det norske trus- og livssynsutvalet er som ein komité for norsk EU-tilpassing: Det er om å gjera å vera flinkaste jenta i klassen, nøytral inntil det sjølvutslettande. Folk med så sterke prinsipp, bør halda dei for seg sjølve.
Eit nytt utval bør få i oppdrag å halda staten i taume. Ein maktsjuk og steinrik stat treng ein alternativ autoritet, religiøs eller ikkje-religiøs.

Tags: , , ,

Kommentarer