Å halda liv i sine hender

Møt meg frå mitt startpunkt, så skal eg vise deg kven eg er, og kva eg har. Kanskje vil ein finna ut at det ikkje er menneska det er noko i vegen med, men rammene vi puttar menneska innanfor.

 

SKJØRE LIV: Vi kan ikkje lenger tillate at barn og unge blir krenka, fordi vi ikkje forstår. Som profesjonelle i møte med barn og unge, held vi livet deira i våre hender, skriv Maria Alvsaker.
ARKIVFOTO: COLOURBOX.COM

 

Han hipsar på sekken som heng over skuldra, idet han går inn på bybanen. Inne blir han overvelda av alt som slår mot han; tett i tett med menneske, samtalar som ikkje kan skiljast frå kvarandre, lukter… Han lukkar augo, prøver å stengja ute kaoset, men kjenner at han ikkje har sjans.
Han er svimmel. Det kriblar allereie like under huda, og han er med eitt sliten. Veldig sliten. På neste stopp går han av, han må vekk. Endå ein fråversdag. Nederlagskjensla og mismotet kjem sigande. Lars veit ikkje at han er høgsensitiv. Han berre veit at han ikkje fiksar kvardagen.

Var for inntrykk
Forsking viser at 15–20 % av oss er ekstremt sensitive for sanseinntrykk. Sjølv om ein etter kvart kan lesa om høgsensitivitet i ulike samanhengar, synest det å vera lite kunnskap om temaet i dette elles så kunnskapsrike landet. Dei foreldre til barn og unge som eg møter gjennom mitt arbeid i Elefantrommet, fortel om møter med legar, psykologar og lærarar som ikkje forheld seg til høgsensitivitet.
Eg har ei von om å synleggjera den krenkinga av menneskeverd som i dag skjer gjennom mangel på kunnskap om høgsensitivitet. Eg ønskjer å skapa ei forståing av kva det inneber å vera høgsensitiv, og kvifor det er avgjerande for desse barn og unge å bli forstått.

Dei sky barna
Som pedagog med førskulelærarutdanning og master i pedagogikk har eg møtt mange høgsensitive barn. Men me kalla dei ikkje det. Det var dei var sky barna, dei ukonsentrerte, dei i overkant kreative når det gjaldt å klekka ut idear og påfunn. Det var dei utagerande, eller dei som alltid vurderte situasjonen nøye før dei deltok. Dei fekk sine «merkelappar» og sine roller.

 

Vi må lære om høgsensitivitet

I dag driv eg «Elefantrommet», og tilbyr kurs og foredrag knytt til relasjonsarbeid og høgsensitive barn og unge. Eg rettleiar også barn/foreldre og ungdomar i høve til å vera høgsensitiv, i tillegg til å ha ungdomsgrupper. Min intensjon er å «kle av» dei høgsensitive alle feilaktige merkelappar, roller og diagnosar. Ikkje for å gje dei ein ny merkelapp, men for at barn og unge skal kunne oppleva å bli forstått, og leva utan krenkingar. Berre slik kan høgsensitive barn og unge få veksa og nytta seg av den styrken dei har i sin sensitivitet.

Kan misforståast
Høgsensitivitet eit karaktertrekk, ikkje ein diagnose. Det kan koma til uttrykk som innadventhet, like mykje som utagering, som ein strategi å handtera kvardagen, og kan såleis lett misforståast. Det barnet som aldri slutta å grine kvar dag foreldra gjekk. Ikkje visste personalet at for dette barnet kjendest avskjeden så mykje sterkare enn for andre.
Dersom dei vaksne rundt barnet gjev uttrykk for at det burde slutte med grininga, vil barnet erfare at det er «feil». Like fullt vil barnet ha vanskeleg for åendre reaksjonsmønsteret, fordi det er så trist når mamma går. For barnet er det ikkje feil.
Når det kræsjar
Eit anna døme frå barnehagekvardagen, er barnet som ikkje kan konsentrere seg og lagar mykje støy. Han kan ikkje snakkast til rette, fordi det som kjem til uttrykk er eit bilete på støyen som er inni han. Nervesystemet er overstimulert av alle inntrykka, og det «kræsjar»på sett og vis.
Ungdomar har fortalt meg at når dette skjer, så er det så er den einaste tanken å koma seg vekk frå det som «bombaderer». I barnehage eller skule har ein ikkje nødvendigvis høve til å finna ein roleg plass og henta seg inn – slik som høgsensitive så desperat treng.

Forstår ikkje
Og kva skjer når barnehagepersonalet eller lærarane ikkje når fram i si tilnærming? Då er ikkje vegen lang mot å kopla inn PPT (pedagogisk psykologisk teneste), og eg har høyrt mange historier om utgreiing i høve til språkvanskar, ADHD; ADD, og så vidare, fordi ein ikkje har kunnskap om og forstår høgsensitivitet.
Ungdomar har fortalt meg om oppvekst der ein ikkje har blitt forstått, med gjentekne nederlag både heime, i barnehage og skule. Ein lever ikkje opp til forventingane.
Når ein til slutt fungerer så dårleg som Lars som fekk innleia denne kronikken – når nederlaga har blitt for mange og ein ikkje greier å fullførevidaregåande skule, når ein blir deprimert, då ber det gjerne av stad til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk).

Mange blir krenka
Ungdomane eg har snakka med har fått diagnosane angst (fordi dei ikkje greier å vera i sosiale samanhengar) og depresjon. Og tiltak blir sett inn i høve til medisinering og for å overvinna «angsten».
Ei ung jente vart råda til å imøtegå angsten sin og tvinga seg på skulen kvar dag. Ho kjende seg ikkje att i det psykologen sa, men greidde heller ikkje å setja ord på korleis ho opplevde dette «kræsjet» kvar gong ho skulle på skulen. For henne medførte denne strategien til at ho vart avkrefta og trong lang tid for å koma seg på føtene att. Slik kan barn og unge oppleva krenking av sin integritet – eg vil kalla det overgrep. Av ukjend årsak synest høgsensitivitet å vera ei oversett problemstilling – trass at det ligg føre forsking og etter kvart mykje litteratur på området.

Dei kan blomstre
Elaine Aaron si forsking, viser altså at mellom 15–20 % av oss menneske er høgsensitive – i større eller mindre grad – og med varierande utfordringar. Samstundes lurar ein på kvifor så mange fell frå i vidaregåande, kvifor psykiske lidingar er så vanleg, kvifor det er så mange barn og unge med konsentrasjonsvanskar, sosiale vanskar, ADHD.
Det får vera min påstand at det finst mange høgsensitive barn og unge innanfor desse kategoriane. Høgsensitive barn blir av den danske psykoterapeuten Ilse Sand kalla «orkidébarna». Ho skildrar korleis barna kan blomstre og koma fram med ressursar som andre berre kan drøyme om – dersom rammene tillet det.

Vi treng dei
Vi må lære om høgsensitivitet, lære om kva styrke og kvalitetar som bur i sensitive menneske. Det må vi gjere fordi vi treng desse empatiske, djuptgåande tenkjarane i samfunnet vårt. Men mest av alt fordi vi ikkje lenger kan tillate at barn og unge blir krenkja, fordi vi ikkje forstår. Som profesjonelle i møte med barn og unge, held vi livet deira i våre hender.
Desse menneska treng ikkje medisinering eller diagnosar. Det handlar om back to basic; sjå meg og anerkjenn meg som den eg er. Møt meg frå mitt startpunkt, så skal eg vise deg kven eg er og kva eg har. Kanskje vil ein finna ut at det ikkje er menneska det er noko i vegen med, men rammene vi puttar menneska innanfor. Eg helsar norsk forsking velkomen, men vi har ikkje tid til å vente. Dei misforståtte barna og ungdomane er der ute, dei er mange, og dei ventar.

 

fakta
Høgsentitivitet
Forsking viser at 20 % av alle menneske er såkalla høgsensitive.
Dei høgsensitive har eit «ømfintleg» nervesystem, og vil vera svært påverkelege av andre sine stemningar, underliggjande faktorar, og dei er gjerne sarte overfor støy, kaos og uføreseielegheit.
Høgsensitivtet er eit karaktertrekk, ikkje ein diagnose.
Den danske psykoterapeuten Ilse Sand kallar høgsensitive barn og unge for «orkidébarna». Dei «visnar» dersom dei ikkje får dei rette tilhøva for seg, og blomstrar som ingen andre når rammene er gode.
Aktuelle linkar: www.ilsesand.dk, www.hsperson.com
KILDE: ELEFANTROMMET

 

 

Kommentarer