Det store togrøveriet

Vi har fått eit todelt land. Staten auser på med subsidiar til Oslo og det sentrale Austlandet, medan resten av landet vert sveltefora.

KAN RYDDE OPP?: Vi har fått ein samferdsleminister med bein i nasen skriver Rikard Solheim og håpar på ein betre samferdslepolitikk. Samferdslesminister Marit Arnstad tek her toget i lag med Ola Elvestuen, byråd i Oslo (V)

 
Politisk redaktør i BT, Sjur Holsen, hadde 29.12.12. ein god kommentar om forfallet i offentleg sektor, som er overmoden for drastiske endringar. I dei siste åra er det etter mitt syn kome til noko endå verre enn det Holsen nemner: Leiarar og tilsette i direktorat og departement som driv tilsløring og desinformasjon om realitetane på sine område.
Og ein hærskare av konsulentar, organisasjonar og riksmedia i Oslo som syter for «argumentasjon» om at skeivfordelinga til beste for dei sjølve bør halde fram. Det kan minne om korrupsjon.
Lyntog til 130 milliardar
Samferdslepolitikken er det området der favoriseringa av Oslo-området er verst. Dette er gjort mogleg av tilsløring av fakta frå byråkratar i Samferdsledepartementet, og frå NSB/Jernbaneverket og Vegdirektoratet.
Det planlagde lyntogprosjektet (Intercity) rundt Oslo til minst 130 milliardar kroner, er det siste utslag av denne ukulturen. Det «fantastiske» med prosjektet er at det omtrent ikkje vil produsere transporttenester, vil gje enorm ressurssløsing, vert spinndyrt – og vi skal alle betale moroa! Samstundes vert vegsystemet sveltefora, ikkje minst på Vestlandet. Og i vegsektoren må brukarane sjølve betale alle kostnader, og vel så det. Ikkje rart at mange av Oslo-organisasjonane pressar på for å «få låst fast» prosjektet før folk rundt om i landet oppdagar kva som er i ferd med å skje. Demokrati?
Få fram fakta
BT har dei siste månadene hatt mykje stoff om samferdsle. Men eg saknar ei meir faktabasert tilnærming til problemstillingane, samt ei synleggjering av kor kunnskapslaus og urettferdig samferdslepolitikken er.
Føremålet med samferdsletiltak er transporttenester. Målet med samferdslepolitikken burde sjølvsagt vere å få mest mogleg transport med minst mogleg ressursbruk. Men når vi stiller politikken opp mot realitetane, ser det nesten ut til å vere omvendt.
Kva er så realitetane? I diagrammet ser vi korleis persontransporten i Norge fordelar seg på dei ulike transportmåtane. Grunnlaget er statistikk for 2011 frå Statistisk sentralbyrå. Dei måler transportmengda i tal på reisande, og på tonn gods. I tillegg har dei også tal for personkilometer, der er tal på reisande multiplisert med reiselengda.
Det er veg som rår
Diagrammet viser at vegtransporten er nesten einerådande. (Det same gjeld landtransportert gods, men på gods er sjøen klart størst). 95 prosent av alle personreiser skjer på vegane. Det er 19 gonger så mange som brukar vegane våre som dei som brukar alle dei andre transportmåtane til saman!
Statistikken fortel oss også at vegane transporterer 95 gonger så mange personar som NSB, og at bortimot dobbelt så mange reiser med buss som med bane. Bane i diagrammet omfattar alt som går på skinner: NSB, Gardermoenbana, trikkar og forstadsbaner.
Desse grunnleggjande fakta om norsk transport kjem ikkje fram i Nasjonal Transportplan eller i samferdsledebatten. Transportmengda i Intercityprosjektet ville bli så liten at den ville verte nesten usynleg i diagrammet!
Har spora av
Avspeglar samferdsledebatten og samferdslepolitikken dei faktiske forholda? På ingen måte! NSB og «lyntog» er store i media, i tal tilsette og i subsidiar frå staten, men er heilt ubetydelege når det gjeld å produsere transporttenester. Vi har i minst 30 år fått presentert eit forfalska bilete frå NSB om at toget er viktig for produksjon, økonomi og CO2-utslepp.
I dag er situasjonen at den reisemåten som står for minst reiser, jarnbana, får eit enormt statstilskot, no om lag 15 milliardar kroner for året. I løpet av 60 år, frå 1960 til 2019, vil ho ha fått om lag 500 milliardar. Men talet på reisande med NSB har nesten ikkje auka. Truleg har ikkje noko anna land brukt så mykje på jarnbane i forhold til folketalet. Den vanlege påstanden frå NSB om at dei har vore sveltefora, er ein bløff. Brukarane av jarnbana betalar sjølve berre om lag 25 % av kostnadene, resten betalar staten, dvs vi alle. Men så er då også jarnbane i all hovudsak eit Oslo-fenomen. 80 prosent av jarntransporten skjer i Oslo- området.
Vegbrukarane betalar
Mesteparten av vegtransporten skjer utanfor Oslo. Derfor er det så «viseleg» laga til av statsmakta at vegbrukarane betalar inn mykje meir til statskassa enn det vi får igjen.
Årleg betalar vegbrukarane om lag 60 milliardar kroner i avgifter og bompengar, medan staten pluss fylka brukar berre vel 30 milliardar kroner til investering og vedlikehald av riks- og fylkesvegar.
Intercityprosjektet
Dette prosjektet vert av mange framstilt som svært miljøvennleg og framtidsretta, og at det er slik dei gjer det i utlandet. Alt dette er uriktig. Plassen tillet ikkje å gå i detalj, men vi kan slå fast at ikkje noko anna land i heile verda ville kome på tanken om å byggje eit så dyrt anlegg for så liten samfunnsnytte.
I England er det også laga planer for lyntog mellom London og byane nord i Landet. Område og folketal der burde passe langt betre for eit slikt prosjekt enn hos oss.
Rike regionar får meir
Den engelske avisa The Economist, vel den mest respekterte økonomiavisa i verda, hadde ei vurdering av planane 3.09.2011. Under overskrifta «Det store togrøveriet» (The great train robbery), vart planane grundig slakta. Fordi dei er samfunnsøkonomisk ulønsame, men også fordi dei vil auke skilnadene i landet.
Basert på erfaringane i Japan, Spania, Frankrike og Kina slår avisa fast at i staden for å jamne ut rikdom og moglegheiter gjer lyntoga det motsette: rike regionar og individ får fordelar på kostnad av fattigare. Akkurat som i Norge.

Kunnskapsløyse
Vi treng faglege analyser av samfunnsnytte, ressursbruk og miljøverknader. Eg har gjennom eit langt yrkesliv hatt gleda av å vere med på utarbeide faglege analyser av konsekvensar av investeringstiltak. Både samfunnsøkonomiske, bedriftsøkonomiske og miljømessige konsekvensar. Dette var sett på som sjølvsagt.
På samferdsleområdet er det ikkje slik. Norsk Transportplan er ein parodi på god planlegging. I staden for gode faglege analyser, kviler planen – og norsk samferdslepolitikk – berre på ei slags ideologisk vrangførestelling om at alt som går på skinner er flott, men det som går med gummihjul på veg er synd. Ut frå faktabaserte reknestykke er det stort sett omvendt, både med omsyn til økonomi, energiforbruk og miljø! Kunnskapsløysa og NSB har gitt oss Europas dårlegaste vegsystem.
Stor ressurssløsing
Vi har fått ein samferdsleminister med bein i nasen. Eg håpar at ho ryddar opp i galskapen før skeivfordelinga får feste seg enno meir.
Og elles? Eg køyrer nesten ikkje bil, og eg er ingen Oslo-hatar: hadde dei kanskje beste 10 åra av livet mitt i Oslo. Men eg er sterkt i mot den enorme ressurssløsinga som tog-ideologien fører med seg.

Kommentarer